Voltaire Network

Europa vel sjølvmord, stilt ansikt til ansikt med Tyrkia

Ved signeringa av ein avtale med Tyrkia for å minske innstrauminga av flyktningar — som dessutan er ulovleg etter internasjonal lov — har leiarane av Den europeiske union tatt eitt steg vidare i pakta si med djevelen. Ein stor del av dei 3 milliardar euro dei årleg gir Ankara vill tene til å finansiere støtte til jihadistane, og som resultat dermed auke talet på immigrantar som flyktar frå krigen. Framfor alt, ved å oppheve visumregulasjonane med Tyrkia i dei komande månadane etablerer europearane fri sirkulasjon mellom Al-Qaïda-leirane i Tyrkia og Brussel. Ved å knuse folket i Irak og Syria under trykket av jihadistane som dei indirekte støttar, og overgi det tyrkiske folket til president Erdoğan sitt diktatur, førebur dei grunnlaget for ein storkonfrontasjon som dei sjølve vil bli offer for.

| Damaskus (Syria)
+
JPEG - 40.6 ko
På pressekonferansen den 18. mars 2016 ser det ut til at presidenten for Det europeiske råd, Donald Tusk (ein polsk statsborgar som forsvarer Tyskland sine interesser), prøver å roe ned presidenten av EU-kommisjonen, Jean-Claude Juncker (ein statsborgarav Luxemburg som forsvarer USA sine interesser) — alt medan den tyrkiske statministeren, Ahmet Davutoğlu, med hånleg mine gler seg over det heile.

«Demokrati er ein sporveg — du stig på for å kome dit du vil dra, så stig du av.»
Recep Tayyip Erdoğan (1996)

Den 17. og 18. mars 2016 vedtok Europarådet ein plan som stilar på å løyse problema som har oppstått med dei massive flyktningstraumane frå Tyrkia [1]. 28 statsoverhovud og regjeringer godkjende Ankara sine krav.

Vi har allereie analysert måten stom USA ville bruke hendingane i det nære Austen på for å svekke EU [2]. Ved starten av den noverande «flyktningkrisa» var vi dei første til å observere at dette hadde blitt framprovosert med vilje og at det ville forårsake uløyselege problem [3]. Dessverre har alle vore analysar blitt verifiserte og dei fleste av vore standpunkt har blitt adopterte av våre gamle bakvaskarar.

Vi vil no studere måten Tyrkia har tatt kontroll over spelet på, og blindskapen til EU som stadig ligg eitt steg bak.

Recep Tayyip Erdoğans spel

Presitent Erdoğan er ulik andre politikarar og det verkar som om europearar, verken folket eller leiarane, har innsett dette.

• For det første, han kom frå Millî Görüş, ei pan-tyrkisk islamsk rørsle med relasjonar til Det muslimske broderskap i Egypt, og positive til gjenopprettinga av Kalifatet [4]. Ifølge han — og også hans allierte i Milliyetçi Hareket Partisi (MHP) – er det tyrkiske folket etterkomarar etter Attilas hunarar, som sjølve stamma frå den sentral-asiatiske steppeulven som dei deler seigleiken og det kalde hjartet med. Dei er ein herrerase som er predestinert til å herske over heile verda. Deira sjel er islam.

President Erdoğan er i dag det einaste statsoverhovudet i verda som proklamerer ein ideologi som talar om etnisk overlegenheit, fullstendig samanliknbar med nazistane si opphøging av den ariske rase. Han er også det einaste statsoverhovudet i verda som fornektar historiske kriminelle gjerningar som t.d. massakrane på ikkje-muslimar gjort av Sultan Abdülhamid II (dei hamidiske massakrane i 1894-95 — minst 80 000 kristne vart myrda og 100 000 til tvangsinnlemma i harem), deretter av Ungtyrkarane (folkemordet på armenarane, assyrarane, kaldearane, gamalsyrarane, pontos-grekarane og jesidiane, frå 1915 til 1923 — minst 1,2 millionar daude) — eit folkemord som vart utført med hjelp frå tyske offiserar, inkludert Rudolf Höß, den framtidige direktøren i konsentrasjonsleiren Auschwitz [5].

Under feiringa av 70-årsdagen for frigjeringa frå marerittet Nazismen la president Vladimir Putin vekt på at «idear om rasemessig overlegenheit og eksklusivisme framprovoserte den blodigaste krigen i historia.» [6] Så, under eit opptog — og utan å nemne Tyrkia ved namn — ba han det russiske folk om å vere klare, om nødvendig, til å fornye det offeret besteforeldra deira gjorde for å redde sjølve prinsippet om likskap mellom alle menneske.

• For det andre, president Erdoğan, som er støtta av berre ein tredel av folket i Tyrkia, styrer landet sitt aleine og med makt. Det er umogleg å vite eksakt kva det tyrkiske folket tenker, ettersom einkvar publisering av informasjon som stiller seg kritisk til presidentens legitimitet no blir rekna som eit angrep statstryggleiken og fører til umiddelbar fengsling. Men ifølge dei siste meiningsmålingane publisert, i oktober 2015 (få dagar før valet), er det færre enn ein tredel av velgarane som støttar han. Dette er mange færre enn nazistane fekk i 1933, med sine 43,9% av stemmene. Det er såleis tydeleg at president Erdoğan berre kunne vinne valet ved hjelp av massivt valfusk. Heriblant

- Opposisjonsmedia vart knebla — dei store dagsavisene Hürriyet og Sabah, så vel som ATV fjernsyn vart angripne av bøller frå regjeringspartiet. Etterforskingar vart starta mot journalistar og presseorgan skulda for å støtte «terrorisme» eller for å ha publisert æreskrenkande kritikk av president Erdoğan. Nettsider vart blokkerte, internett-teneste-tilbydarar (ISP) forkasta tilbod frå opposisjons-tv-kanalar, og tre av fem nasjonale tv-kanalar, inkludert den offentlege, kringkasta program som klart favoriserte partiet ved makta. Dei andre nasjonale tv-kanalane, Bugün TV og Kanaltürk, vart stengde av politiet.

- Ein framand stat, Saudi-Arabia, ausa 7 milliardar pund inn i Tyrkia som «gåve» for å hjelpe til med å «overbevise» velgarane om å støtte president Erdoğan (kring 2 milliardar euro).

- 128 politiske hovudkvarter til venstrevingspartiet HDP vart angripne av bøller frå president Erdoğans parti. Mange kandidatar og deira lag vart banka opp. Fleire enn 300 kurdiske forretningar blei øydelagde. Mange dusin HDP-kandidatar blei arresterte og plasserte i midlertidig forvaring under kampanjen.

- Fleire enn 2000 opposisjonelle vart drepne under valkampen, enten ved direkte angrep eller ved statleg undertrykking av PKK. Fleire landsbyar i sør-austre del av landet vart delvis øydelagde av arme-stridsvogner.

Sidan Erdoğan sitt «val» har eit jernslør falle over landet. Det har blitt umogleg å finne informasjon om tilstanden til Tyrkia i den nasjonale pressa. Den største opposisjonelle dagsavisa, Zaman, er blitt satt under tilsyn og avgrensar no seg sjølv til å hylle den store «Sultan» Erdoğan. Borgarkrigen som allereie rasar i dei austlege delane av landet, sprer seg ved terrorangrep til Ankara og så langt som Istanbul, utan at europearane bryr seg [7].

Hr. Erdoğan styrer nesten aleine, ledsaga av ei lita gruppe som inkluderer statsminister Ahmet Davutoğlu. Under valkampen deklarerte han offentleg at han ikkje lenger brukte grunnlova og at all makt no var i hans hender.

14. mars 2016 deklarerte president Erdoğan at når det galdt kampen mot kurdarane, har «... demokrati, fridom og lova ikkje lenger den aller minste verdi». Han annonserte sin intensjon om å utvide definisjonen av ordet «terrorist» til å gjelde alle som er «fiendar av tyrkarane» — med andre ord dei tyrkarane og ikkje-tyrkarane som motset seg hans overherredøme.

• For det tredje, president Erdoğan bruker makta han har gitt seg sjølv — anti-kontitusjonelt — til å gjere den tyrkiske staten om til gudfaren til internasjonell jihadisme. I desember 2015 greidde tyrkisk politi og rettssystem å etablere eit personleg samband mellom hr. Erdoğan og sonen Bilal på den eine sida og Yasin al-Qadi, Al-Qaïda’s globale bankier på den andre. Han fekk sparka politifolka dommarane som hadde våga å «skade interessene til Tyrkia» (sic), medan Yasin al-Qadi og staten melde venstre-avisa BirGün til politiet for å ha gjengitt min leiarartikkel «Al-Qaeda, NATO’s Timeless Tool».

Førre februar presenterte Den russiske federasjonen for Etterretningsavdelinga til FNs tryggleiksråd som attesterte den tyrkiske staten si støtte til intenasjonell jihadisme, eit brot på mange FN-resolusjonar [8]. Eg publiserte ein presis studie av desse skuldingane som umiddelbart vart sensurert i Tyrkia [9].

EU sin respons

Den europeiske unionen hadde sendt ein delegasjon for å overvake hovudvalet i november 2015. Dei heldt tilbake rapporten i lang tid før dei bestemde seg for å publisere ein kort, utvatna versjon.

Slagne av panikk over folk sin reaksjon på den massive tilkomsten av immigrantar — og, for tyskarane og i samband med dette, avskaffing av minsteløna — utarbeidde Ministerrådet ein prosedyre som i praksis overlet til Tyrkia å løyse problemet. FN sin høgkommisær for flyktningar, Filippo Grandi, påpeikte straks at den valde løysinga var i strid med internasjonal lov, men sjølv om ein går ut ifrå at dette kan betre seg, så er ikkje det hovudproblemet.

Unionen gjekk med på å
- betale 3 milliardar årleg til Tyrkia som hjelp til å klare pliktene sine, men utan nokon struktur for å verifisere bruken av pengane,
- avskaffe visumsplikta for tyrkiske medborgarar som skal til EU [10] — det er berre eit spørsmål om månadar, eller veker
- sette fart på forhandlingane om tyrkisk medlemsskap i EU — dette vil ta betydeleg lenger tid og vil bli ein meir tilfeldig prosess

Med andre ord, blinda av det nylege valnederlaget til Angela Merkel [11] har dei europeisk leiarane slått seg til ro med ei temporær løysing for å minske immigrantstraumen, men utan å prøve å løyse rota til problemet og utan å ta omsyn til infiltrasjon av heilagkrigarar blant flyktningane.

München-presedensen

På 1930-talet meinte elitane i Europa og USA at USSR med sin modell trua deira klasseinteresser. Difor støtta dei kollektivt Nazi-prosjektet for kolonisering av Vest-Europa og øydelegginga av det slaviske folket. Til trass for gjentatte appellar frå Moskva om å opprette ein brei allianse mot nazismen, så godtok europeiske leiarar alle krav frå kansler Hitler, inklusive annekteringa av Sudetenland. Dette var München-avtalen av 1938, og denne tvang USSR, for å redde skinnet sitt, til å slutte ikkje-angreps-pakta med Tyskland i 1939. Det vart for seint før visse av dei europeiske leiarane , og seinare USA, innsåg at dei hadde tatt feil, og bestemte seg for å alliere seg med Moskva mot nazistane.

No, rett for augo våre, blir dei same feila gjort om att. Dei europeiske elitane ser på Syria som ein motstandar, enten dei vernar om Israels koloniale synspunkt eller dei har von om om å sjølve gjenkolonisere Levanten tileigne seg dei gigantiske og fortsatt uutnytta olje- og gass-reservane. Dei støtta difor USA sine hemmelege operasjonar for «regime-skifte» og lot som dei trudde på fabelen om «den arabiske vår». Etter nesten fem år med proxy-krig, etter å ha sett at president Bachar el-Assad fortsatt er der sjølv om han har annonsert sin avgang mange gonger, har europearane bestemt seg for å finansiere — med 3 milliardar euro i året — tyrkisk støtte til heilagkrigarane, la dei vinne og få slutt på migrasjonane. Det vil ikkje gå lang tid før dei skjønar [12], for seint, at ved å avskaffe visumsplikta for tyrkiske statsborgarar, har dei autorisert fri sirkulasjon til Brussel frå Al-Qaïda-leirar i Tyrkia [13].

Samanlikninga med slutten av 1930-talet er desto meir treffande ettersom Nazi-riket allereie hadde annektert Austerrike då München-avtalen vart underskriven, utan å provosere fram nokon spesiell reaksjon frå dei andre europeiske statane. I dag har Tyrkia allereie okkupert den nord-austre delen av eit EU-medlemsland, Kypros, og ei stripe med nokre kilometers breidde i Syria, som dei administrerer via ein spesielt nominert wali (prefekt). Ikkje berre let EU det passere, men ved haldninga si oppmuntrar dei Tyrkia til å fortsette annekteringane sine utan omsyn til internasjonal lov. Den like logikken til kansler Hitler og president Erdoğan er basert på fokuset på «rase» og reinsing av populasjonen. Hitler ønska å sameine «den tyske rase» og reinse dei for «framande element» (jødane og sigøynarane), medan Erdoğan, på si side, vil sameine den «tyrkiske rase» og reinse dei for «framande element» (kurdarane og dei kristne).

I 1938 trudde dei europeiske elitane på venskap med kansler Hitler, i dag trur dei på venskap med president Erdoğan.

Oversettelse
Monica Sortland

[1] “Next operational steps in EU-Turkey cooperation in the field of migration”, Voltaire Network, 16 March 2016.

[2] « La cécité de l’Union européenne face à la stratégie militaire des États-Unis », par Thierry Meyssan, Réseau Voltaire, 27 avril 2015.

[3] « La fausse "crise des réfugiés" », par Thierry Meyssan, Réseau Voltaire, 7 septembre 2015.

[4] « Vers la fin du système Erdoğan », par Thierry Meyssan, Réseau Voltaire, 15 juin 2015.

[5] « La Turquie d’aujourd’hui poursuit le génocide arménien », par Thierry Meyssan, Réseau Voltaire, 26 avril 2015.

[6] « Выступление Президента России на параде, посвящённом 70-летию Победы в Великой Отечественной войне », Владимир В. Путин, Сеть Вольтер, 9 мая 2015.

[7] « L’Union européenne a abandonné ceux qui se battent pour défendre les libertés en Turquie », par Can Dündar, Le Monde (France) , Réseau Voltaire, 18 mars 2016.

[8] « Отчет России о текущей помощи Турции для Исламского Эмирата, основанный на оперативных данных », Сеть Вольтер, 18 февраля 2016.

[9] « Comment la Turquie soutient les jihadistes », par Thierry Meyssan, Réseau Voltaire, 22 février 2016.

[10] “Roadmap towards a visa-free regime with Turkey”, Voltaire Network, 16 March 2016.

[11] „Alternative für Deutschland nimmt kein Blatt vor den Mund“, von Ian Blohm, Übersetzung Horst Frohlich, Strategic Culture Foundation (Russland) , Voltaire Netzwerk, 12. März 2016.

[12] « Lettre ouverte aux Européens coincés derrière le rideau de fer israélo-US », par Hassan Hamadé, Réseau Voltaire, 21 mai 2014.

[13] “Israeli general says al Qaeda’s Syria fighters set up in Turkey”, Dan Williams, Reuters, January 29, 2014.

Godkjente artikler under vanlig journalistisk skjønn

Artikklene på Voltaire Network kan fritt videreformidles såfremt det henvises til kilde, deres integritet respekteres og de ikke brukes til kommersiell virksomhet (lisens CC BY-NC-ND).

Støtt Voltaire Network

Du besøker denne websiden for å søke opp kvalitetsanalyser som gjør deg i stand til å danne deg din egen oppfatning av dagens verden. For at vi skal kunne fortsette arbeidet vårt, trenger vi din støtte.
Hjelp oss med ditt bidrag.

Hvordan delta i Voltaire Network?

Medlemmene i vårt team er alle frivillige.
- Morsmålsoversettere på profesjonelt nivå: du kan hjelpe oss med å oversette artiklene våre.