Den antikke «silkevegen» knytte Iran saman med den syriske kysten via Irak og Palmyra. Det er geografisk umogleg å opne andre hovudkommunikasjonsruter gjennom ørkenen. Som konsekvens har byen blitt den sentrale utfordringa for krigen i Syria. Etter å ha vore okkupert i nesten eitt år av Daesh [ISIS], vart han frigjord av Den syriske arabiske hæren og har nyleg presentert to konsertar, vist på tv i Syria og Russland, for å feire sigeren over terrorismen.

Syria har vore i krig no i meir enn fem år. Dei som støtta konflikten forklarte han først som ei forlenging av «Den arabiske våren». Men ingen bruker i dag den forklaringa. Heilt enkelt fordi regjeringane som oppstod av desse «vårane» allereie er kasta. Langt frå å vere ein kamp for demokrati, var desse hendingane ikkje anna enn ein taktikk for å endre sekulære regime til fordel for Det muslimske brorskapet.

Ein påstår no at den syriske «våren» vart tatt over av andre krefter, og at «revolusjonen» —som aldri eksisterte— har blitt slukt av heilagkrigarar som er berre for verkelege.

Som president Vladimir Putin har påpeika, er åtferda til dei vestlege maktene og golfmaktene framfor alt usamanhengande. Det er ikkje mogleg på ei salgmark å kjempe mot både jihadistar og republikken på same tid som ein prøver å gi inntrykk av å representere ein tredje posisjon. Men ingen har offisielt valt side, og slik held krigen fram.

Sanninga er at denne krigen ikkje har noka indre årsak. Han er frukta av eit miljø som ikkje er regionalt, men globalt. Då krigen vart erklært av den US-amerikanske kongressen i 2003 med vedtaket av lova Syria Accountability Act, var Dick Cheneney sitt føremål å stele dei gigantiske syriske gassreservane. I dag veit vi at skremslane om at oljeutvinninga snart ville nå toppen og deretter stupe nedover, ikkje signaliserte slutten på oljereservane, og at Washington snart vil utnytte andre former for hydrokarbonar i Mexicogolfen. Dei strategiske målsetningane til USA har såleis endra seg. Frå no av er målet deira å avgrense den økonomiske og politiske utviklinga i Kina og Russland ved å tvinge dei til å berre bruke sjøvegen til handelstransporten sin, ei rute som er kontrollert av USA sine lufttransportselskap.

Så snart han kom til makta i 2012 annonsert president Xi Jinping sitt land sine intensjonar om å frigjere seg frå desse innskrenkingane og å bygge to nye kontinentale handelsruter til Den europeiske unionen. Den første ruta skulle bygge på dei antikka spora av Silkevegen, den andre skulle gå via Russland til Tyskland. Umiddelbart oppstod to konfliktar – først vart krigen i Syria ikkje lenger retta mot regimeskifte, men mot å skape kaos, medan same kaos braut ut, utan nokon betre grunn, i Ukraina. Deretter kontakta Kviterussland Tyrkia og USA, og utvida den nordre barrikaden som deler Europa i to. Såleis blokkerer to endelause konfliktar begge rutene.

Det gode med det er at ingen kan forhandle fram siger i Ukraina mot tap i Syria, ettersom begge krigane har same føremål. Det dårlege er at kaoset vil halde fram på begge frontar så lenge Kina og Russland ikkje får bygd ei anna rute.

Altså er det ingenting å tene på å forhandle med folk som er betalte for å oppretthalde konflikten. Det hadde vore betre å tenke pragmatisk og akseptere at dette rett og slett er midla Washington brukar til å kutte Silkevegen. Berre då vil det bli mogleg å løyse knuten av dei mange konkurrerande interessene og stabilisere alle områda der det bur folk.

Oversettelse
Monica Sortland