I staden for å audmjuke Russland, slo den «økonomiske krigen» til Washington og Brussel tilbake på dei sjølve, sidan den berre bidrog til å forsterke energi-bandet mellom Moskva og Peking. Vi hugsar at det russiske selskapet Gazprom i mai 2014 inngjekk avtale om å levere opptil 38 milliardar kubikkmeter gass til Kina årleg i løpet av tre tiår (med start i 2018) gjennom signeringa av ein kontakt på 400 milliardar US-dollar med China National Petroleum Corporation (CNCP) [1].

På noverande tidspunkt koordinerer begge makter arbeidet med ein ambisiøs plan om strategiske prosjekt som inkluderer konstruksjon av gass- og olje-ledningar så vel som felles drift av raffineri og omfattande petrokjemiske kompleks. Utan at det var planlagt, har dette samkvemet mellom Moskva og Beijng skapt djupe endringar i verdas oljemarknad i Orientens favør og dramatisk undergravd påverknaden frå vestlege petroleumsselskap.

Til og med Saudi-Arabia, som inntil nyleg var hovudleverandør av petroleum til den asiatiske giganten, har blitt underminert av Kreml-diplomati. Medan Saudi-Arabia sin petroleumseksport til Kina voks i ein rytme av 120 tusen fat [barrels] per dag, så auka Russland sin i ein fart på 550 tusen fat per dag, dvs. nesten fem gonger raskare. Faktisk så greidde dei russiske selskapa å overstige salet frå saudarane fire gonger: Riyadh måtte finne seg i ein andreplass som forsynar av råolje til Peking i mai, september, november og desember [2].

Det er verdt å merke seg at landa som utgjer den europeiske kjernen også har sett sin del av marknaden redusert i møte med den asiatiske regionen: Tyskland, t.d., vart i slutten av 2015 fortrengt av Kina som den største kjøparen av russisk petroleum [3]. Dermed kan dei store investorane som opererer på verdsoljemarknaden knapt skjøne korleis på få månadar den viktigaste kunden (Kina) vart favorittklient for verdas tredje største produsent (Russland). I ein avtale med vise-presidenten til Transneft (det russiske selskapet som har fått ansvaret med å implementere dei nasjonale oljerørledningane), Serge Andronov, har Kina forplikta seg til å importere totalt 27 millionar tonn av russisk petroleum i løpet av 2016 [4].

Den russisk-kinesiske energi-alliansen er tenkt å gå lenger. Moskva og Peking har gjort utvekslinga av petroleum til ein kanal for overgang til eit fleirpola monetært system, dvs. eit system som ikkje lenger er basert på dollaren aleine, men innlemmer fleire valutaer, og framfor alt eit system som gjenspeglar samspelet mellom maktene i den noverande verdsordenen. Dei økonomiske sanksjonane som Washington og Brussel påførte dei, dreiv russarane til å eliminere dollaren og euroen frå sine kommersielle og finansielle transaksjonar, ettersom dei elles skulle blitt for sårbare for sabotasje i handelen med sine hovudhandelspartnarar.

Av denne grunnen har sidan midten av 2015 hydrokarbonane som Kina kjøper frå Russland blitt betalt for med yuan, ikkje med dollar. Dette er bekrefta av høge sjefar i Gazprom Neft, petroleumsgreina til Gazprom [5]. Dette har ført til bruken av «folkevalutaen» (’renminbi’) på verdas oljemarknad og samtidig tillet det Russland å nøytralisere den økonomiske offensiven til USA og EU. Basisen for ein ny finansiell orden støtta av petroyuan veks fram: dei kinesiske pengane førebur seg på å bli aksen for kommersiell utveksling med dei viktigaste petroleumsmaktene i Asia-Stillehavsregionen.

© David Manrique

I dag realiserer Russland utvekslinga av petroleum med Kina i yuan, i framtida vil Organisasjonen for oljeeksporterande land (OPEC) gjere det same dersom Kina krev det. Eller vil Saudi-Arabia si dyrking av dollaren gjere at dei mistar ein av sine viktigaste klientar? [6] Andre geoøkonomiske makter har allereie følgd i fotspora til Russland og Kina, då dei har forstått at for å få etablert eit meir balansert pengesystem, så må «de-dollarisering» av verdsmarknaden prioriterast.

Ikkje mindre viktig er det at etter fallet i oljeprisane, meir enn 60% (sidan midten av 2014), har dei kinesiske bankane blitt ein avgjerande finansiell støttespelar for dei felles energi-infrastruktur-utbyggingane. Til dømes søkte Gazprom no i mars om eit femårslån på tilsvarande 2 milliardar euro frå Bank of China, slik at dei så snart som mogleg skal kunne etablere den russisk-kinesiske gassrørledningen «Force of Siberia» [7]. Dette er den største bilaterale kreditten som Gazprom nokon gong har kontraktert med ein finansiell institusjon. Eit anna døme er lånet som Kina gav Russland for nokre veker sidan på 12 milliardar US-dollar for Yamal LNG-prosjektet (for flytande naturgass) i den arktiske regionen [8]. Tydelegvis har ikkje utanrikspolitikken til Russland på energifeltet mista nokon styrke på grunn av isoleringa, den har det tvert imot betre enn nokon gong, takka vere Kina.

Summa summarum så har fiendskapen til leiarane av USA og EU mot regjeringa til Vladimir Putin framskunda styrkinga av banda mellom Russland og Kina, som på si side har auka tyngden til Orienten i verdsmarknaden for hydrokarbonar. Det store sjansespelet til Moskva og Peking er petroyuanen, det strategiske betalingsinstrumentet som ber med seg ei utfordring til dollaren når det gjeld kven som skal sette prisnivået på det svarte gullet.

Oversettelse
Monica Sortland
Kilde
Russia Today (Russie) ">Russia Today (Russie)