Den 18. mai vart husa til vår medarbeidar, Mateusz Piskorski og teamet hans (Konrad Rekas, Tomasz Jankowski og Nabil Malazii), ransaka av polsk politi. Mateusz Piskorski vart arrestert på grunnlag av mistanke om «spionasje», og sett i fengsel.

Sentral-Europa er djupt splitta mellom dei som støtter nærare band til Vest-Europa (EU) og dei som heller vil ha nærare tilknytning til Aust-Europa (Den russiske føderasjonen).

Mateusz Piskorski, tidlegare parlamentsmedlem og forlagsredaktør, starta Det europeiske senteret for geopolitisk analyse og, meir nyleg, partiet Zmiana (Endring). Piskorski kjempar for einskapen til det slaviske folket innanfor eit Europa som inkluderer Russland.

Saman med 150 leiarar og stridande frå heile verda, deltok han i 2005 på Axis for Peace Congress (Freds-akse-kongressen) som Thierry Meyssan organiserte i Brussel. Over dei siste 10 åra har han dratt på mange reiser med Thierry Meyssan, spesielt til Kina, Iran, Kirgisistan, Libanon, Russland, Syria og EU.

Mateusz Piskorski har tatt opp kampen mot anglo-saxisk imperialisme i mange land, hovudsakleg i Europa, Afrika og Asia. Han har blitt ein av dei leiande talspersonane for Krim-saka, mot regjeringa i Kiev som inneheld ekte nazistar.

I fire år har han gjennom ein internasjonal pressekampanje gjentatte gonger blitt presentert som «tidlegare nazist» eller som «ven av diktatorar». I landet sitt vart han baktalt og forfølgd av regjeringa til Beata Szydło, som støtt på pressekonferansar skulda han for å vere «utanlandsk agent».

Arrestasjonen av Mateusz Piskorski med den vanvittige siktinga om spionasje «til fordel for eit Russland og Kina» (sic) signaliserer starten på NATO si tilbaketaking av kontrollen over Polen. I ein artikkel vi hadde publisert same kveld som arrestasjonen skjedde, annonserte Mateusz Piskorski ein NATO-operasjon for å «reinse» den polske politiske scena, sett i lys av samlinga av statsoverhovud og regjeringar i den Atlantiske Alliansen, som skal ta plass i Warszava den 8. og 9. juli, 2016 [1].

No er Mateusz Piskorski den første politiske fangen i Polen.

Oversettelse
Monica Sortland

[1Krig mot vår historiske hukommelse er NATOs langsiktige kampanje”, Oversettelse Ingunn Kvil Gamst, Voltaire Network, 25 mai 2016.