Voltaire Network

Kven beskyttar Hillary Clinton?

+

Medan pressa feirar Demokratane sin siger for den første kvinnelege milliardæren i historia, føregår det eit dystert juridisk slag i skuggane.

Utanriksdepartementet sin rapport om Hillary Clintons e-postar og dei ulike rettsprosessane som følgde slår fast at ho er skuldig i følgande brotsverk:
- legge hindringar i vegen for rettsvesenet, gjort av fru Clinton og rådgjevarane hennes (Seksjon 1410);
- legge hindringar i vegen for etterforsking av kriminell aktivitet (Seksjon 1511);
- legge hindringar i vegen for utøving av lokal og føderal lov (Seksjon 1411);
- føderalt brotsverk gjeldande skjødeslaus omgang med klassifisert informasjon og dokument (Seksjon 1924);
- Forvaring på eiga datamaskin, heime og på usikra server, av 1200 hemmelegstempla dokument (Seksjon 1924);
- Grovt brotsverk – fru Clinton erklærte under ed til ein føderal dommar at ho hadde levert ut alle sine e-postar til utanriksdepartementet. Men utanriksdepartementets generalinspektør erklærte denne veka at dette var ei løgn (Seksjon 798);
- Vidare erklærte ho under ed at utanriksdepartementet hadde gitt ho løyve til å bruke si eiga personlege datamaskin til å jobbe heimeifrå. Utanriksdepartementets generalinspektør erklærte denne veka at dette var ei løgn (Seksjon 798);
- Fru Clinton varsla ikkje styresmaktene, ikkje ein gong sitt eige departement, om at datamaskina hennar hadde vore utsett for innbrot mange gonger. Men ho hadde bedd systemadministratoren om å prøve å beskytte maskina.
- Urettmessig tileigning/bruk og hemmeleghald. Clinton-stiftinga og fru Clinton vart bestukne for at utanriksdepartementet skulle lukke augo for ulike praksisar (Rico-lova og Seksjon 1503)

I prinsippet skulle Hillary Clinton vore arrestert denne veka, ettersom både FBI, utanriksdepartementet og ein føderal dommar har slått fast fakta og alvoret i desse forholda.

Bernie Sanders, den andre kandidaten i Demokratane sitt nominasjonsval, stola på at fru Clinton skulle bli arrestert før partikongressen. Derfor bestemte han seg for å halde fram som kandidat, sjølv om han ikkje har nok delegatar. Men han vart kalla inn til Det kvite hus og informert om at Barack Obama ville forhindre administrasjonen i å bruke lova. Obama følgde deretter opp med å annonsere offentleg si støtte til fru Clinton sitt kandidatur.

Oversettelse
Monica Sortland

Voltaire Network

Voltaire, internasjonal utgave

Godkjente artikler under vanlig journalistisk skjønn

Artikklene på Voltaire Network kan fritt videreformidles såfremt det henvises til kilde, deres integritet respekteres og de ikke brukes til kommersiell virksomhet (lisens CC BY-NC-ND).

Støtt Voltaire Network

Du besøker denne websiden for å søke opp kvalitetsanalyser som gjør deg i stand til å danne deg din egen oppfatning av dagens verden. For at vi skal kunne fortsette arbeidet vårt, trenger vi din støtte.
Hjelp oss med ditt bidrag.

Hvordan delta i Voltaire Network?

Medlemmene i vårt team er alle frivillige.
- Morsmålsoversettere på profesjonelt nivå: du kan hjelpe oss med å oversette artiklene våre.