Voltaire Network

Ingen angrep frå ISIS i Frankrike så lenge Euro 2016 varar

+

Regjeringa til Recep Tayyip Erdoğan har lova at der ikkje vil kome noko angrep frå Daesh (ISIS) i Frankrike mot Euro 2016 EM i fotball.

Den franske regjeringa har på si side lova å implementere engasjementet dei skreiv under på i 2011 ved utanriksministeren på den tida, Alain Juppé, om å skape ein ny stat nord for Syria, dit Tyrkia kan sende sine tyrkiske kurdarar i eksil.

Denne nye heilomvendinga frå Frankrike si side har blitt fullbyrda ved sendinga av spesialstyrkar og konstruksjonen av ein militærbase i Kobanî (Syria). Dei troppane frå CentCom som no blir sende kjempar ikkje for å frigjere folk som er underkua av ISIS, men for å skape denne nye staten. Offera for kampane som no pågår nord for Syria, er ikkje medlemmer av ISIS, men dei assyriske befolkningane, arabarar og kristne. Men mange medlemmer av «den frie syriske hæren», som vart gjenskapt avdi denne operasjonen trengde det, kjempa for berre to månadar sidan under Al-Nusra (Al-Qaida) sitt flagg, eller ISIS.

Denne operasjonen er akkompagnert av ein vidtrekkande propagandakampanje med målsetnad om å fremje desse løgnene:

- (1) Kurdiske kjemparar er meir effektive enn arabarane;
- (2) dei kurdiske kjemparane er meir egalitære med kvinner enn dei kristne er;
- (3) «Dei syriske demokratiske styrkane» har kanskje mange kurdarar i sine rekker, men dei består for det meste av arabarar;
- (4) «Dei syriske demokratiske styrkane» promoterer det demokratiske idealet;
- (5) dei kurdiske medlemmane av «syriske demokratiske styrkane» forsvarer interessene til det kurdiske folket generelt.

I Aleppo har dei kurdiske styrkane til YPG, som står for det motsette av det «Dei syriske demokratiske styrkane» og prosjektet for å fordrive dei tyrkiske kurdarane gjer, nett angripe US-amerikanske spesialstyrkar.

Oversettelse
Monica Sortland

Voltaire Network

Voltaire, internasjonal utgave

Godkjente artikler under vanlig journalistisk skjønn

Artikklene på Voltaire Network kan fritt videreformidles såfremt det henvises til kilde, deres integritet respekteres og de ikke brukes til kommersiell virksomhet (lisens CC BY-NC-ND).

Støtt Voltaire Network

Du besøker denne websiden for å søke opp kvalitetsanalyser som gjør deg i stand til å danne deg din egen oppfatning av dagens verden. For at vi skal kunne fortsette arbeidet vårt, trenger vi din støtte.
Hjelp oss med ditt bidrag.

Hvordan delta i Voltaire Network?

Medlemmene i vårt team er alle frivillige.
- Morsmålsoversettere på profesjonelt nivå: du kan hjelpe oss med å oversette artiklene våre.