Voltaire Network

Angrepet på nattklubben i Istanbul

+

Mange informasjonsbitar kjem fram i lyset kring angrepet som tok stad den 1. januar på ein nattklubb i Istanbul. Men den tyrkiske regjeringa har pålagt heile den lokale pressa eit forbod mot å dekke denne historia utan først å skaffe løyve.

- Angrepet resulterte i 39 døde og 69 skadde.
- Målet for angrepet var nattklubben Reina, den hotte nattklubben for det ortodoks-kristne borgarskapet i Europa (det vil seie på den europeiske sida av Bosporos).
- I motsetning til kva som kom fram i dei første reportasjane, har vitne vitna om at der var 2 til 4 skyttarar til stades.
- I motsetning til kva som kom fram i dei første reportasjane, var ingen av skyttarane utkledd som julenissen. Tvert imot, i dagane før angrepet gjekk nokre regjeringstru aviser og muslimske prestar ut og fordømte dei heidenske feiringane av nyttår og julenisse-kulten.
- I følge politiet var opphavmennene vel trente i våpenbruk. Politiet erklærte at dei hadde identifisert ein av skyttarane og spreidd bildet av han (sjå over), men dei har ikkje avslørt namnet hans. Det verkar som om han er av sentral-europeisk opphav. Heimen hans har blitt ransaka og femten folk frå omgangskretsen hans er arresterte og avhøyrde.
- Daesh [IS] er den einaste organisasjonen som har tatt på seg skulda for angrepet.
- Kona til skyttaren som er identifisert, har forsikra politiet om at ho ikkje visste om sambandet mellom mannen og IS.

Utifrå desse faktorane kan vi utleie at dette angrepet, som det som vart utført mot den russiske ambassadøren i Ankara den 19. desember, hadde som målsetning å skade tilnærminga mellom Tyrkia og Russland. Medan angrepet nok kan tene interessene til IS, gjer desse faktorane at vi kan undrast på om IS ikkje nødvendigvis var opphavsmannen.

Oversettelse
Monica Sortland

Voltaire Network

Voltaire, internasjonal utgave

Godkjente artikler under vanlig journalistisk skjønn

Artikklene på Voltaire Network kan fritt videreformidles såfremt det henvises til kilde, deres integritet respekteres og de ikke brukes til kommersiell virksomhet (lisens CC BY-NC-ND).

Støtt Voltaire Network

Du besøker denne websiden for å søke opp kvalitetsanalyser som gjør deg i stand til å danne deg din egen oppfatning av dagens verden. For at vi skal kunne fortsette arbeidet vårt, trenger vi din støtte.
Hjelp oss med ditt bidrag.

Hvordan delta i Voltaire Network?

Medlemmene i vårt team er alle frivillige.
- Morsmålsoversettere på profesjonelt nivå: du kan hjelpe oss med å oversette artiklene våre.