Ingenting er nokon gong lett. Administrasjonsskiftet i Washington skulle føre til ei utrydding av Den muslimske brorskapen og alle jihadist-gruppene den har danna. Den nye presidenten venta ikkje lenger enn ei veke før han publiserte eit memorandum om metodane for å verkeleg nedkjempe Deash [ISIS]. Men dei allierte av USA har ikkje noko ønske om å for enkelt innrette seg etter denne 180o vendinga i den politikken som dei har lært seg å dra fordelar av.

Storbritannia står overfor fleire mulege val etter Brexit – enten å søke nærare band til den veksande økonomiske stormakta Kina, eller å styrke den anglo-saxiske alliansen og danne eit verdsdirektorat saman med USA. Problem – kinesarane har svært utrivelege minne om britisk kolonisering, og dei demonstrerer i Hong Kong at dei ikkje har til hensikt å gå for «Eitt land, to system»-overeinskomsten, medan USA håpar å erstatte sin militære imperialisme med kommersiell påverknadskraft.

Ettersom Donald Trump så langt har avslått invitasjonar frå London, skunda statsminister Theresa May seg over Atlanteren i staden. I ein oppsiktsvekkande tale ho gav for Republikanar-representantar i Filadelfia, snakka ho om den felles historia til dei to statane og den internasjonale innverknaden til Samveldet (Commonwealth) – og slutta talen med erklæringa om at ho var klar for å saman med president Trump gjenskape Reagan-Thatcher-paret, eit forhold som dominerte den vestlege verda gjennom 1980-talet.

I møtet med president Trump var statsministeren berre smil. Ho uttrykt si glede då verten kunngjorde ein bilateral kommersiell avtale, den første under hans mandat. Men denne avtalen vil berre tre i kraft etter at Storbritannia har gått ut av EU, det vil seie først om eit år eller to.

Usikker på om ha hadde vore tydeleg nok, turnerte fru May vidare, med eit besøk til Tyrkia. Under møtet med president Recep Tayyip Erdoğan kunngjorde ho sjølvsagt ei utvikling i den bilaterale handelen, men dette var ikkje føremålet med besøket hennes. Det meste av diskusjonane deira dreidde seg om korleis London og Ankara saman kunne profittere på EU, frå utsida.

Men først av alt starta ho med å gratulere diktatoren for å så strålande ha forsvart demokratiet gjennom det avskyelege statskuppet den 15. juli i fjor – som i realiteten var eit forsøk på attentat mot president Erdoğan, organisert av CIA. Allereie då var den britiske ambassadøren den første til å skifte side og feire sigeren for «rettsstaten».

Den siste ideen til britiske Foreign Office, er å løyse problemet med Kypros ved å skaffe Tyrkia særskilte økonomiske rettar. På denne måten ville Ankara kunne nyte godt av den europeiske fellesmarknaden utan å gå med i Unionen – og det ville også gjere London i stand til å bruke dette privilegiet til å halde fram med handelen med Unionen etter Brexit. ( (Det er ein smart ide, men ser ikkje ut til bygge på god tru og inspirerer derfor ikkje til den samme tiltru som Mrs. May krever av Brussel i Brexit-forhandlingane.).)

Theresa May uttrykte bekymring om forlika mellom Russland og Tyrkia, til trass for den sekulære antagonismen mellom dei to partane. Etter at ho hadde forstått at Astana-forhandlingane ikkje hadde til hensikt å befeste dei syriske synspunkta, men derimot å la Tyrkia ta eit første steg nærare Damaskus, prøvde ho å destabilisere denne framveksande alliansen. Etter hennes syn var ikkje problemet at herr Erdoğan førebudde seg på å gjere honnør for president el-Assad etter å ha kjempa mot han så lenge, men at han skulle gjere slik under påverknad frå den store russiske rivalen.

I Syria kunne London hjelpe til i kampen mot kurdarane dersom Ankara ville la landet vere under jihadist-kontroll – eit forslag som står i total motsetning til det forslaget ho la fram for «Americainarane». Men uansett så er det ein historisk vane for «perfide Albion» (Albion, eit gamalt namn på England, oms.) å endre bodskapen alt etter kven som lyttar, og å vente og sjå kva som verkar og ikkje.

Oversettelse
Monica Sortland
Kilde
Al-Watan (Syria)