Møtet til anti-ISIS-koalisjonen i Washington den 22. - 23. mars gjekk svært dårleg. Sjølv om dei 68 medlemmane for galleriet atter forsikra om viljen sin til å kjempe mot denne organisasjonen, så viste dei i røynda berre forskjellane seg imellom.

USAs utanriksminister Rex Tiller minna Kongressen om president Trumps engasjement for å øydelegge ISIS, og ikkje lenger berre å redusere dei, slik Obama-administrasjonen hadde slått fast. Med dette stilte han koalisjonsmedlemmane overfor eit fait accompli – utan diskusjon.

Første problem: korleis kan europearane generelt, og spesielt britane, redde sine eigne jihadistar, dersom det ikkje lenger er eit spørsmål om å jage dei bort, men å eliminere dei.
Rex Tillerson og den irakiske statsministeren, Haïder al-Abadi, gav ein rapport om kampen om Mosul. Sjølv om dei verka svært så nøgde, står det klart for alle militær-ekspertar at kampane ikkje vil vere over på mange lange månadar enno. For i Mosul har nesten kvar familie eit medlem som er med i ISIS.

På det militære planet er situasjone i Rakka mykje enklare. Jihadistane der er utlendingar, så det er nok å kutte forsyningslinjene deira og deretter skilje dei frå den syriske populasjonen.

Andre problem: USAs hær må først skaffe løyve frå Kongressen, deretter frå Damaskus, for å engasjere seg på syrisk territorium. Generalane James Mattis (forsvarsminister) og John Dunford (Joint Chief of Staff) har prøvd å overtyde parlamentarikarane, men vil kanskje ikkje vinne fram. I så fall vil dei måtte forhandle med Damaskus og avklare alt som treng avklaring.

Då han vart spurt av europearane om kva Washington tenker gjere med eit frigjort Rakka, gav Rex Tillerson dette merkverdige svaret: at han ville bringe tilbake folka som hadde blitt jagd bort eller dratt for å søke ly andre stadar. Europearane konkluderte derfor med at sidan folket der er massivt pro Damaskus, så har Washington til hensikt å gi tilbake territoriet til Den syriske arabiske republikken.

Portugals utanriksminister Augusto Santos Silva, tok då til ordet for å poengtere at denne erklæringa gjekk imot alt som tidlegare hadde vorte bestemt. Europearane har den moralske plikta, understreka han, til å halde fram med forsøket på å verne flyktningane som hadde rømt frå «det blodige diktaturet». Sjølv om byen skulle frigjerast, så ville Rakka ikkje vere i ei trygg sone, sidan Den syrisk-arabiske hæren ville vere verre enn ISIS.

Valet som europearane gjorde med å overlate denne intervensjonen til Portugal, er ikkje upartisk. Den portugisiske eks-statsministeren, som Santos Silva var minister under, António Guterres, er tidlegare høgkommisær for flyktningar og noverande generalsekretær for FN. Han har i tillegg vore president for Den sosialistiske internasjonalen, ein organisasjon totalt kontrollert av Hillary Clinton og Madeleine Albright. Kort sagt er han Jeffrey Feltman sin paraply i FN og også i den krigshissande klanen. [Jeffrey Feltman er US-amerikansk visegeneraldirektør for politiske saker i FN, oms].

Tredje problem: frigjere Rakka frå ISIS. Ikkje noko problem, men i følge europearane ikkje nok å gi byen tilbake til Damaskus. Det fører oss til det franske overbodet.

Straks deretter fekk vi sjå jihadistane frå Jobar angripe senteret av hovudstaden, og dei frå Hama angripe isolerte landsbyar. Kanskje var det for dei eit desperat forsøk på å få seg ein trøstepremie i Astana eller Geneve før spelet er over. Kanskje er det ein strategi koordinert av London med Paris.

I så fall kan vi vente oss ein brei operasjon av kolonimaktene i Rakka. London og Paris kan angripe byen før den blir kringsett, slik at dei kan tvinge ISIS ut derifrå for å redde dei. ISIS kunne forflytte seg tilbake til tyrkiske grenseområde, eller til og med inn i Tyrkia.Organisasjonen ville då bli øydeleggaren av kurdarane, til fordel for Recep Tayyip Erdogan.

Oversettelse
Monica Sortland