Det var sommaren 1962 at denne kampanjen starta, då Sidney Gottlieb, ein CIA-kjemikar, brukte alle krefter på å legge smitte i ein dykkardrakt som Fidel skulle bruke.

Kvar del av dykkarutstyret som ville kome i kontakt med pusterør og hud, blei omhyggeleg sett inn med tuberkulosebakteriar og ein giftsopp som gir sjukdommen madurafot, som obduksjon har vist medfører døden ved at den oppløyser vev hos offeret medan han eller ho er i live, inntil døden kjem under store smerter.

For å sette planen ut i livet, utnytta CIA Fidels gjestfriheit overfor James Donovan. Donovan var den US-amerikanske advokaten som prøvde å kome til forlik med Castro om å få sett fri Grisebuktsleigesoldatane; men mange versjonar hevdar at den nord-amerikanske Donovan formeleg nekta, eller søkte påskot til å ikkje gi den fatale gifta til verten sin.

Kanskje var det etiske prinsipp som motiverte Donovan si åtferd. Dette er sannsynleg, for det er vanskeleg å finne døme på like svikefull åtferd frå noka regjering imot nokon annan stat i fredstid.

I tillegg perfeksjonerte USAs CIA på denne tida ein annan plan: dei ville overrisle eit TV-studio der sjefskommandanten skulle opptre, med eit narkotisk stoff som skulle få han til å te seg irrasjonelt framfor publikum. Andre gonger forsøkte dei å få i han eit stoff som skulle få han til å miste skjegget, som på denne tida var ein utprega del av imaget hans.

Det skorta heller ikkje på forsøk på å forsyne Fidel med sigarar som var smitta med ein livsfarleg bakterie, og å forgifte han med cyanid-piller, designa for å ikkje etterlate spor.

Etter nederlaget i Grisebukta, ønska USA seg revansj, og å destabilisere landet og legge høva til rette for ein direkte invasjon, den såkalla Operasjon Mongoose. Denne planen vart kjent fleire år seinare, og den inneheldt som eit deloppdrag at ein skulle «øydelegge avlingane med biologiske eller kjemiske våpen, og bytte ut regimet før det komande kongressvalet i november 1962».

Kort etter at denne planen var utarbeidd, vart det cubanske jordbruket smitta med eit patogen, Newcastle-viruset, som nesten totalt utrydda populasjonen av fjørfe på Cuba.

Nesten all dyrka mark og heile produksjonen med buskap og fjørfe vart utsette for endemiar og sjukdom miksa ihop i CIA-laboratorier. I dei komande åra skulle det cubanske folket få oppleve uventa utbrot av blødande augekatarr, dysenteri og dengue (tropefeber) serotype 02, som medførte 158 dødsfall, inkludert 101 barn, i 1980-åra. Dette var største førekomst av menneskelege tap som US-amerikansk biologisk terrorisme har påført det cubanske folket.

Desse angrepa heldt fram sjøl etter oppløysinga av SSSR og den sosialistiske leiren på 1990-talet, då US-amerikanske spesialstyrkar og det cubansk-amerikanske høgre meinte tida var inne for å framprovosere svolt og desperasjon i den vanskelege økonomiske situasjonen som landet stod i.

Viktige aspekt ved den bakteriologiske krigen som USA dreiv mot Cuba, den største i historia, kom fram i lyset etter deklassifiseringa av granskingsfunna til Senatskomitéen som granska CIAs illegale aksjonar i 1975, og andre offentlege dokument og vitneutsegn frå involverte. Desse gav historisk grunn for klagemål som Revolusjonsleiaren hadde starta så tidleg som i 1964..

Oversettelse
Knut Lindtner
Derimot.no
Kilde
Agence Cubaine de Nouvelles ">Agence Cubaine de Nouvelles
L’Agence Cubaine de Nouvelles (ACN) est une division de l’Agence d’information nationale (AIN) de Cuba fondée le 21 mai 1974.

titre documents joints


(MPEG4 - 18.4 Mio)