La oss tenke oss at flyet til USAs forsvarsminister (Jim Mattis), flygande langs ein luftkorridor over Stillehavet, frå California til Alaska, hadde blitt avskore av eit russisk bombarfly eigd av det cubanske luftvåpenet. Kva hadde skjedd? Nyheitene ville ha bomba framsidene og framskunda ei bølge av bekymra politiske reaksjonar. Men ikkje noko blekk vart spreidd då flyet til Sergei Shoigu (Russlands forsvarsminister) den 21. juni, medan det flaug frå Moskva til den russiske enklaven Kaliningrad langs den eigna korridoren over Østersjøen, vart avskore av eit US-amerikansk bombarfly (F-16), som etter å ha trekt truande nær vart tvunge til å trekke seg attende etter intervensjon frå det russiske bombarflyet SU-27.

Ein planlagt operasjon som fell innanfor NATO sin strategi for å auke, litt kvar dag, spenningane i Europas relasjonar med Russland.

Frå 1. til 16. juni heldt NATO militærøvinga Baltops i Østersjøen, tett opptil den russiske grensa. Og det offisielle motivet? Å forsvare regionen frå den «russiske trusselen». I denne øvinga deltok fleire enn 50 skip og 50 krigsfly frå følgande land: NATO-medlemmar (USA, Frankrike, Tyskland, Storebritannia, Polen) og NATO sine partnarar, slike som Sverige og Finland.

Overlappande i tid, frå 12. til 23. juni, fann militærøvinga Iron Wolf stad i Litauen, der vi for første gong såg eit fellesengasjement mellom to grupper av NATO-bataljonar som er «oppgraderte til eit betra nærvær”: gruppa i Litauen er under tysk kommando og inkluderer belgiske, nederlandske og norske troppar – frå 2018 skal den i tillegg inkludere franske, kroatiske og tsjekkiske troppar. Gruppa i Polen er under US-amerikansk kommando og inkluderer britiske og rumenske troppar. Abrams-stridsvogner frå brigaden US 3a som vart overførte til Polen i januar, har entra Litauen gjennom Suwalki-passet, ei 100 km lang strekke med flatt land mellom Kaliningrad og Kviterussland, og her slutta seg til Leopard-stridsvognene til Tysklands mekaniserte infanteribataljon 122.

Suwalki-passet «skulle vere eit perfekt pass for Russland å invadere Europa gjennom», åtvarar NATO, og gir nytt liv til propagandaverktya dei brukte under Den kalde krigen.

I full aktivitet er også dei andre to gruppene av NATO-bataljonar: den i Litauen under kanadisk kommando, som inkluderer italienske, spanske, polske, slovakiske og albanske troppar; den i Estland under britisk kommando, som inkluderer franske troppar og, frå og med 2018, også danske troppar. «Våre troppar er klare og i posisjon om det skulle bli nødvendig å ’containe’ russisk aggresjon», garanterer general Curtis Scaparotti, som er sjefen for USA sin europeiske kommando og samtidig for Supreme Allied Command i Europa.

For ikkje berre er desse NATO-bataljonane med «oppgradert nærvær» mobiliserte. Frå 12. til 29. juni skal øvinga Coalition Warrior ta plass ved NATOs Centre for Joint Training i Polen. Føremålet med denne øvinga er å få testa ut den mest avanserte teknologien som vil gi NATO størst evne til å bykse til aksjon og interoperabilitet, spesielt ved konfrontasjon med Russland. I denne operasjonen deltar fleire enn 1000 vitskapsfolk og ingeniørar frå 26 land. Desse inkluderer dei frå NATO sitt Centre for Maritime Research and Experimentation med base i La Spezia.

Moskva kjem sjølsagt ikkje berre til å sitte der og sjå på. Etter president Trump sitt besøk i Polen (6. juli) vil Russland organisere ei massiv sams militærøving med Kina i Østersjøen.

Eg lurer på om våre vener i Washington kjenner til det gamle uttrykket «Den som sår vind, haustar storm».

Oversettelse
Monica Sortland
Kilde
Il Manifesto (Italia)