Under presidentvalkampen lova Donald Trump å respektere reglane til Det republikanske partiet. På den tida var det ingen som trudde han hadde kapasitet til å vinne. Men han førte ein kampanje basert på dei historiske røtene til partiet, lenge gløymde av partiet sine eigne politikarar, og han eliminerte dei alle. Heilt fram til annonseringa av sigeren hans viste meiningsmålingane at han ville tape, akkurat som dei i dag viser at han ikkje kjem til å bli gjenvald.

Det er no eitt år sidan president Trump starta i jobben i Det kvite hus. Ein kan etter kvart skjelne hans politiske ambisjonar, trass den destruktive konfrontasjonen i USA mellom hans partifellar og motstandarar, ugunstig for alle partar.

Fakta er desto meir vanskeleg å etablere, sidan Donald Trump sjøl maskerer sine prinsipielle oppfatningar bak ein flaum av sjølmotseiande erklæringar og Twitter-meldingar, og opposisjonen hans portretterer han, via sine eigne media, som ein galning.

Framfor alt har splittinga av USA aldri vore så uttalt sidan borgarkrigen. Begge sider viser valdeleg åtferd, og visse av talsmenna total uærlegheit. For å forstå kva som hender må vi først sette til sides dei brutale samanstøytane mellom dei to sidene, og identifisere kva kvar side representerer.

USA vart skapt både av «Pilgrimsfedrene» – med andre ord puritanarane frå Mayflower, som årleg blir heidra under «Thanksgiving»-feiringa – og ei mengd innvandrarar frå nord-Europa.

Dei førstnemnde var ikkje fleire enn ei ørlita gruppe, men dei hadde eit religiøst og politisk prosjekt. Målet deires var å etablere eit nytt «Jerusalem», organisert etter Moselovene, og å jobbe for reinheit. På same tid ville dei drive vidare konflikten mellom det engelske og det spanske imperiet i Amerika. Når det gjeld den andre gruppa, så søkte dei lykka i eit land dei trudde var tomt, utan innbyggarar, utan avgrensingar, og utan anna enn lokale styresmakter. Saman er desse to gruppene av sosiologar omtalte som White Anglo-Saxon Protestants (WASPs, kvite anglo-saksiske protestantar).

Då grunnlova vart skriven var «grunnleggarfedrene» stort sett representerte ved puritanarane. Under Alexander Hamiltons påverknad såg dei føre seg ein anti-demokratisk tekst som skulle reprodusere systemet til det britiske monarkiet, men overføre makt frå lågadelen til dei lokale elitane, guvernørane. Denne teksten tende eit raseri blant dei nord-europeiske migrantane som hadde gitt sine liv under uavhengigheitskrigen. Heller enn å omskrive grunnlova og godkjenne folkeleg suverenitet, vart det lagt til eit dusin tillegg av James Madison, kalla Bill of Rights. Desse tillegga garanterte medborgarane rett til å forsvare seg i retten mot « Reason of State ». Begge desse tekstane var gyldige i to hundreår, og begge gruppene var nøgde.

Den 13. september 2001 vedtok Kongressen, som hastesak, den ekstremt omfangsrike anti-terroristlova USA Patriot Act. Dette dokumentet, som hadde blitt førebudd i løyndom i mange år før angrepa på New York og Washington, suspenderte Bill of Rights for alle tilfelle som kunne knytast til terrorisme. Frå då av var Dei sameinte statane til Republikanaren George Bush Jr. (sjølv direkte etterkomar av ein av puritanarane på Mayflower) og Demokraten Barack Obama styrt utelukkande etter moderne puritanske prinsipp (som no inkluderer multikulturalisme, særskilde rettar for kvart samfunn, og eit indirekte hierarki mellom desse samfunna).

Donald Trump presenterte seg sjølv som kandidaten til nord-europearane, med andre ord dei ikkje-puritanske WASP’ane. Han baserte sin valkampanje på løftet om å gje dei attende landet deira, som hadde blitt konfiskert av puritanarane og invadert av spanskætta som nekta å integrere kulturen sin. Slagordet hans Amerika først! må forståast som gjenopprettinga av «Den amerikanske draumen», den om å finne lykka, i motsetnad mot det puritanske imperialistiske prosjektet såvel som illusjonen om multikulturalisme.

Forsvaret av Bill of Rights inkluderer retten til å demonstrere, også for ekstremistiske grupper (1st amendment, første tillegg) og medborgarar sin rett til å bere våpen for å kunne stå imot eventuelle overtramp frå den føderale staten (2nd amendment). Det var derfor heilt legitimt for president Trump å støtte dei rasistiske gruppene i Charlottesville sin rett til å demonstrere, og å uttrykke si støtte til National Rifle Association (NRA). Denne politiske filosofien kan verke absurd på ikkje-borgarar av USA, men ikkje desto mindre er den i tråd med historia og kulturen i dette landet.

Dei to hovudfullmaktene til ein president av USA er:
 nominasjonen av tusentals høgare sivile tenestemenn, og
 avgjerd om militære angrepsmål.

Men det har seg sånn at Donald Trump berre har nokre dusin lojale tilhengarar til å fylle desse postane, og Pentagon har allereie sin eigen strategiske doktrine. Trump må derfor bringe på det reine kva for avgjerder som kan vippe systemet, og konsentrere seg om desse.

Etter at han inntok Det kvite hus, har han handla effektivt for å
 utvikle økonomien og legge dempar på statens inntekter;
 demontere «Det amerikanske imperiet» og gjenopprette Republikken, dvs. fellesinteressene;
 forsvare WASP’ane sin identitet, og utvise spanskætta som nektar intergrere seg med US-amerikansk kultur.

Så Donald Trump har nett nominert Jerome Powell som sjef for sentralbanken, Federal Reserve Bank. For første gong vil presidenten for denne institusjonen ikkje vere økonom, men advokat. Hans funksjon vil bli å sette stopp for ein monetaristisk politikk og reglane som har funnest sidan USA sitt tap i Vietnam og slutten på at dollaren kunne vekslast til gull. Han vil måtte lage nye reglar som set kapitalen tilbake i teneste for produksjon i staden for spekulasjon.

Donald Trumps fiskale reform burde eliminere alle slags fritak og forårsake eit selskapsskattfall frå 35% til 22%, ja kanskje til og med 20%. Ekspertane er ueinige om kva for sosiale klassar som ville tene på det. Det einaste som er sikkert er at, knytt til ein tollreform, vil det føre til at mange utskipa arbeidsplassar vil miste sin kostnadseffektivitet og såleis raskt bli førte tilbake til heimlandet.

På det internasjonale nivået har han sett stopp for rekrutteringa av nye jihadistar og stønaden som vart gitt dei av mange statar – unntaka er framleis Storbritannia, Qatar og Malaysia, som vidarefører denne politikken. Men han har ikkje fått ende på medverknaden til transnasjonale selskap og internasjonale høge sivile tenestemenn i organiseringa og finansieringa av jihadismen.

Heller enn å demontere NATO, som han til å byrje med hadde set føre seg, har han omforma organisasjonen ved å tvinge fram ein slutt av bruken av terrorisme som krigsmetode, og tvinga NATO til å sjølv bli ein anti-terroristisk allianse.

Donald Trump har også trekt USA ut av TPP (Trans-Pacific Partnership, handelsavtalen mellom fem amerikanske land og sju land på andre sida av Stillehavet, som vart signert i februar 2016), som var utforma for å verke som motkraft overfor Kina. Som takk for dette har Kina redusert tollsatsane sine mykje, noko som demonstrerer at det lar seg gjere å erstatte fiendskap mellom statar med samarbeid.

Når det gjeld det innanrikspolitiske har president Trump nominert dommar Neil Gorsuch til Høgsterett, som er den instansen som er ansvarleg for tolkinga av Grunnlova, inkludert Bill of Rights. Han er ein magistrat som er velkjend for sine studiar av desse tekstane si opprinnelege meining, og er såleis i stand til å gjenopprette kompromisset ved danninga av USA.

I 1998 spådde Igor Panarin, som den gongen var ein av leiarane innan russiske hemmelege tenester, borgarkrig og oppdeling av USA til seks separate statar innan 2010. Men statskuppet den 11. september 2001 flytta deadline. I 2012 gjenoppliva journalisten Colin Woodard Panarin sine data. Han hadde merka seg at mobiliteten til US-amerikanarane hadde ført til at dei grupperte seg i elleve separate og sameksisterande kulturelle samfunn, der afro-amerikanarar ikkje danna noko eige samfunn, men både var integrerte og diskriminerte i to av desse elleve samfunna.

Men om denne skattlegginga er svært tilfredsstillande for velgarane til president Trump, så er det likevel for tidleg å vite om den vil lette integrasjonen av ikkje-WASP’ar, eller tvert imot provosere fram ei utstøyting av dei frå det nasjonale fellesskapet. Ifølge den meksikanske geopolitikaren Alfredo Jalife-Rahme bur to tredelar av USA sine spanskætta som ikkje snakkar engelsk i California, eit tidlegare meksikansk territorium. Det kunne vere freistande for Donald Trump å løyse dette kulturelle og demografiske problemet ved å gå for ei frådeling av denne staten – «Cal-Exit». I så fall ville Det kvite hus måtte ta seg av problem som tap av show business-industrien i Hollywood, dataindustrien i Silicon Valley og framfor alt militærbasen i San Diego. Operasjonen som Det kvite hus og byråa deira førte mot Hollywood under Weinstein-skandalen tyder på at prosessen allereie er i gang.

Frådelinga av California kunne sette i gang ei etnisk demontering av USA til landet kjem tilbake til sitt opphavlege territorium med 13 statar som vedtok Grunnlova og Bill of Rights. I alle fall er dette hypotesen som den russiske geopolitikaren Igor Panarin lenge har halde fram.

Oversettelse
Monica Sortland