Voltaire Network

Sanninga om «fake news»

Medan NATO var travle med å installere eit breitt nettverk til å skulde Russland for å halde gåande propaganda frå Sovjet-tida, vart Washington brått oversvømte av ei bølge med hysteri. I eit forsøk på å diskreditere den nye presidenten av USA, dei dominante media skulda han for å tale tøv – svara presidenten med å skulde dei for å spreie falske nyheiter (fake news). Denne kakofonien er forsterka av det brå skiftet som skjedde i utviklinga av sosiale medium, som ein gong hadde hatt til hensikt å gjere nytte som utanriksdepartementet sitt våpen i kampen mot nasjonalistiske regime, men som i dag er populære forum brukt til å kjempe mot alle slags elitar – med Washington på toppen av lista.

| Damaskus (Syria)
+


Så snart den overraskande valsigeren hans vart gjort kjent, og til og med før han fekk tilgang til Det kvite hus, byrja den overveldande majoriteten av US-amerikanske og NATO-medium å skrike om aktløysa og sinnssjukdommen til president Trump. Både media-klassen og den nye presidenten kasta seg inn i kampen, der både sider skulda den andre for spreiing av falske nyheiter.

Nesten overalt i NATO-land – og berre i desse landa – byrja politikarar å fordøme falske nyheiter. Dette hadde til hensikt å avsløre den påståtte påverknaden frå russisk propaganda innanfor «dei vestlege demokratia». Den staten som har blitt verst råka av denne kampanjen er Frankrike. Presidenten der, Emmanuel Macron, annonserte nyleg utkastet til ei lov som rettar seg spesifikt mot kampen mot desse «angrepa på demokratiet», men berre under «ein valkamp».

Det faktum at det engelske uttrykket «fake news» blir oppretthalde i alle språka til NATO-landa, vitnar om det anglosaksiske opphavet til problemet, men i røynda er det eit uttrykk for eit fenomen som er like gamalt som verda sjølv – falsk informasjon.

Ved opphavet for kampanjen mot «falske nyheiter» – NATO I 2009, ved NATO-toppmøtet i Strasbourg-Kehl, annonserte president Obama sin intensjon om å skape ei teneste for «strategisk kommunikasjon» i alliansen [1]. Det tok seks år å implementere, ved hjelp av element frå 77th Brigade of the British Land Army og 361st Civil Affairs Brigade of the United States Land Army (med base i Tyskland og Italia).

Først var oppdraget deira å parere kommunikasjon som skulda djupstaten i USA for å sjølv ha organisert angrepa den 11. september 2001 («9/11»), deretter den som skulda anglosaksarane for å ha planlagt «den arabiske våren» og krigen mot Syria – slik kommunikasjon fekk merkelappen «konspirasjonsteoriar». Men situasjonen utvikla seg raskt på ein slik måte at dei byrja overbevise folket i alliansen om at Russland heldt fram med å bruke propaganda frå Sovjet-tida – og at NATO dermed framleis var nyttig å ha. Til slutt, i april 2015, skapte EU ei «arbeidsgruppe for strategisk kommunikasjon – aust» (East StratCom Task Force). Kvar veke leverer denne gruppa ein rapport om russisk propaganda til tusentals journalistar. Til dømes skuldar den siste utgåva (datert 11. januar 2018) Sputnik for å late som om Köbenhavn zoo forar sine rovdyr med forlatte kjæledyr. Gud hjelpe oss, «demokratia» er under angrep! Tydelegvis er det vanskeleg for desse spesialistane å finne meiningsfulle døme på russisk innblanding. I august same år inaugurerte NATO sitt «Senter for strategisk kommunikasjon» i Riga (Latvia). Året etter oppretta USAs utanriksdepartement eit senter for globalt engasjement (Global Engagement Center), som verkar etter same prinsipp.

Korleis Facebook, Hillary Clinton sin favoritt-mani, vende seg mot ho

I 2009 overtalte utanriksminister Hillary Clinton seg sjølv, egga opp av Jared Cohen (leiande medlem av staben for politisk planlegging), om at det kunne la seg gjere å styrte Den islamske republikken Iran ved å manipulere sosiale medium. Denne teorien fekk ikkje ønska effekt. Men to år seinare, i 2011, klarte den same Jared Cohen – han hadde i mellomtida blitt sjef for Google Ideas – å mobilisere ungdommen i Kairo. Sjølv om «revolusjonen» på Tahrir-plassen ikkje hadde snudd opinionen til det egyptiske folket, så var myten om den amerikanske levemåten fødd – via Facebook. Dette resulterte i at utanriksdepartementet sponsa ei rekke foreiningar og samankomstar for å promotere Facebook.

Men presidentvalet i 2016 vart eit sjokk. Ein fyr utanifrå, eigedomsutviklar Donald Trump, eliminerte alle sine rivalar ein etter ein, inkludert Hillary Clinton, og vart feia inn i Det kvite hus, etter å ha dratt nytte av råda på Facebook. For første gong vart draumen om yrkespolitikarane si muse ein realitet, men verka imot ho. Frå den eine dagen til den neste var Facebook demonisert av den dominante pressa.

Ved dette tilfellet vart det tydeleg at det er muleg å kunstig skape masserørsler med dei sosiale media, men at mediebrukarar etter nokre dagar kjem til sans og samling att. Dette er det konstante faktum for alle informasjonsmanipuleringssystem – dei er flyktige. Den einaste typen løgner som gjer det muleg å skape varige åtferdsmønster, bygger på at ein har tvinga innbyggarane inn i ei form for minimalt engasjement, med andre ord at ein har hjernevaska dei [2].

Og Facebook skjønte dette svært vel då dei danna arbeidsgruppa «Global Politics and Government Outreach», og gav ansvaret til Katie Harbath. Føremålet var å skape kollektive emosjonar til fordel for ein eller annan klient, men dei prøver ikkje å organisere varige kampanjar [3]. Det er grunnen til at president Macron føreslår å gi lover for dei sosiale media som gjeld berre under valperiodar. Han vart sjølv vald takk vere ein kortvarig kaotisk situasjon skapt av ei vekeavis og Facebook i tospann mot rivalen hans, François Fillon – ein operasjon organisert av Jean-Pierre Jouyet. Vidare fryktar Emmanuel Macron at dei sosiale media neste gong kan brukast mot han sjølv, dersom det skulle passe med NATO sitt ønske om å demonstrere kontinuiteten i SSSR-Russland-propaganda. Som eit døme på manipulasjon siterer Macron derfor eit intervju med Sputnik som handla om hans privatliv og eit påstått samband med ein utanlandsk bankkonto.

Christopher Steel-rapporten

JPEG - 52.6 ko
I Storbritannia ser ungdommen på den offisielle retorikken om «fake news» som eit ønske hos regjeringa om å hjernevaske dei. Dette er demonstrert ved suksessen til klesmerket Fake News jeans.

Under presidentvalkampanjen i USA gav Hillary Clinton sitt team ordre til ein eks-agent for dei britiske hemmelege tenestene, Christopher Steel, om ei gransking av Donald Trump. Som tidlegare sjef for MI6 sitt «Russia House» var han kjend for sine skandaløse og alltid uverifiserbare ytringar. Etter utan bevis å ha skulda Vladimir Putin for å ha gitt ordre om å forgifte Alexander Litvinenko med polonium 210, skulda han han for å ha fanga Donald Trump i ei sex-felle og utpressa han. Steel-rapporten vart deretter diskret levert til ulike journalistar, politikarar og meisterspionar, og til sist publisert [4].

Dette er kjelda til hypotesen om at herren av Kreml, i eit ønske om å få valt si nikkedokke og hindre at Hillary Clinton skulle bli vald, hadde kommandert media «sine» om å kjøpe publisitet på Facebook og spreie løgner om den tidlegare utanriksministeren – ein hypotese som kan støttast av ein samtale mellom den australske ambassadøren i London og ein av Donald Trump sine rådgivarar [5]. Det betyr ingenting at Russia Today og Sputnik berre brukte nokre få tusen dollar på publisitet som berre sjeldan hadde noko med Hillary Clinton å gjere, den herskande klassen i USA er overtydde om at dei snudde bølga som hadde gått i favør av Demokratane sin kandidat og hennar kampanje med prislapp 1,2 milliardar dollar. I Washington held folk fram med å tru på at teknologiske oppfinningar kan brukast til å manipulere menneskeslekta.

Det handlar ikkje lenger om å slå fast at Donald Trump og folka hans dreiv kampanjen sin på Facebook fordi alle dei skrivne og audiovisuelle medium var fiendtleg innstilte overfor dei, men om å late som om Facebook var manipulert av Russland for å hindre at Musa frå Washington skulle vinne valet.

JPEG - 21.9 ko
Eks-kollaboratør med Condoleezza Rice, deretter Hillary Clinton, og no Eric Schmidt, Jared Cohen deler vitskapsfilosofien til direktørane i Google (transhumanisme). I følge han er det muleg å styrte regjeringar ved bruk av dei rette algoritmane på dei sosiale media.

Det rettslege privilegiet til Google, Facebook og Twitter

I forsøket på å bevise Moskva si innblanding understreka dei US-amerikanske media det overdrivne privilegiet som Google, Facebook og Twitter nyt godt av – desse tre selskapa blir ikkje rekna som ansvarlege for innhaldet sitt. Utifrå USA sitt lovverk er dei ikkje meir enn transportørar av informasjon (common carrier).

Eksperimenta til Facebook, som på den eine sida demonstrerte at ein kan skape kollektive emosjonar, og på den andre det legale ikkje-ansvaret til selskapet, vitnar om ein anomali i systemet.

Særleg sidan privilegiet for Google, Facebook and Twitter klart og tydeleg er utilbørleg. Desse tre selskapa agerer på minst to ulike måtar slik at dei modifiserer innhaldet som dei transporterer. For det første sensurerer dei einsidig visse meldingar, enten ved direkte intervensjon frå personalet sitt, eller mekanisk med skjulte algoritmar. Så promoterer dei sitt syn på sanninga til skade for andre synspunkt (fact-checking, fakta-kontroll).

Til dømes bestilte Qatar i 2012 programvare som skulle følge progresjonen i avhopping frå Den syriske arabiske armeen, frå Google Ideas som allereie då var leia av Jared Cohen. Poenget var å vise at Syria verkeleg var eit diktatur, og at folket hadde byrja å gjere opprør. Men det vart svært tidleg tydeleg at dette synet på sakene var falskt. Talet på avhopparar steig aldri over 25 000, i ein hær på 450 000 menn. Dette er grunnen til at Google Ideas, etter å ha utvikla programvara, diskret trekte den tilbake.

For det andre promoterte Google i sju år artiklar som vidareformidla kommuniké frå Syrian Observatory for Human Rights (SOHD). Dag etter dag gav dei eksakte tal på offer i begge leirar. Sjølvsagt er desse tala imaginære – det lar seg ikkje gjere for nokon å telje dei. Aldri har nokon stat i krigstid vore i stand til å bestemme, på dagleg basis, talet på drepne soldatar i kamp og drepne sivile bak frontlinjene. Og likevel hevdar SOHD, der dei sit i Storbritannia, å vite det som folket som bur der, i Syria, ikkje kan vite.

Langt ifrå å berre vere transportørar av informasjon, er Google, Facebook og Twitter forfalskarar av informasjonen, og for denne funksjonen burde dei bli haldne rettsleg ansvarlege for innhaldet.

Reglane for ytringsfridom

Lat oss tenke oss at retursbruken til NATO og president Macron mot Russland, når det gjeld audiovisuell internett-trafikk, ikkje vil lykkast. Det er ikkje desto mindre nødvendig å få desse media inn i generell lovgivning.

Prinsippa som regulerer ytringsfridommen er berre legitime dersom dei er like for alle innbyggarar og for alle medium. Dette er ikkje tilfellet i dag. Sjølv om allmenn rett er gjeldande, så finst der ingen reglar for dementi eller for retten til å ta til motmæle mot meldingar på internett og dei sosiale media.

JPEG - 33.2 ko
Om Voltaire Network slår Le Monde fast: «Nettsida til Thierry Meyssan, ein konspirasjonsteoretikar som står den syriske regjeringa nær. Særleg påstår han utan bevis at massakren på Charlie-Hebdo var eit angrep iscenesett av Washington» (sic).

Som alltid i informasjonens historie, prøver dei gamle media å sabotere dei nye. Eg hugsar godt den valdsame leiarartikkelen som den franske dagsavisa Le Monde i 2002 dediserte til mitt arbeid på internett som gjekk ut på ansvaret for 9/11-angrepa. Det som sjokkerte avisa like mykje som konklusjonane mine, var at Voltaire Network var fri frå dei finansielle pliktene som avisa sjølv kjende seg som ein fange av [6]. Dette er den same korporatistiske haldninga som den no, femten år seinare, atter demonstrerer med tenesta si Le Decodex. Heller enn å utvikle ein kritikk av artiklane eller videoane på nyheitsmedia, gir Le Monde seg sjølv fullmakt til å dømme om kor pålitelege dei rivaliserande internett-sidene er. Sjølvsagt er det berre sidene som blir publisert av papir-kollegaene deira som finn nåde i deira auge, alle andre får dommen mindre truverdige.

I støtte til kampanjen mot sosiale media har Fondation Jean-Jaures (dvs. stiftinga til Sosialistpartiet, linka til National Endowment for Democracy) publisert ei imaginær meiningsmåling [7]. Med ei framsyning av tal prøver dei å demonstrere at usofistikerte menneske – av arbeidarklassen og folk som støttar Nasjonal Front – er naive. Dei hevdar at 79% av det franske folket trur på ein eller annan konspirasjonsteori. Som bevis for denne naiviteten påpeikar dei at 9% av dei er overtydde om at jorda er flat.

Men verken eg eller nokon av mine franske vener på internett har nokon gong treft nokon av desse landsmenna våre som trur at jorda er flat. Talet er openlyst påfunne, og diskrediterer heile studien. Tilfeldigvis har Collomb, sjølv om Fondation Jean-Jaures er linka til Sosialistpartiet og stiftinga har Gerard Collomb som generalsekretær, sidan dette blitt utnemnd til innanriksminister i president Macron si regjering. Denne same stiftinga har allereie publisert, for to år sidan, ein studie med målsetting å diskreditere dei politiske opponentane til systemet som dei før har stempla som «konspirasjonsteoretikarar» [8].

Oversettelse
Monica Sortland

[1] “Nato-kampanjen mot ytringsfriheten”, av Thierry Meyssan, Oversettelse Ingunn Kvil Gamst, Voltaire Network, 18 décembre 2016.

[2] “Moderne militære propagandateknikker”, av Thierry Meyssan, Oversettelse Knut Lindtner, Voltaire Network, 22 mai 2016.

[3] “How Facebook’s Secret Unit Created India’s Troll Armies For Digital Propaganda To Influence Elections”, by Shelley Kasli, Great Game India (India) , Voltaire Network, 23 December 2017.

[4] The Steele Report

[5] “How the Russia Inquiry Began: A Campaign Aide, Drinks and Talk of Political Dirt”, Sharon LaFranière, Mark Mazzetti et Matt Apuzzo, New York Times, December 30, 2017.

[6] «Le Net et la rumeur», éditorial du Monde, 21 mars 2002.

[7] «Le conspirationnisme dans l’opinion publique française», Rudy Reichstadt, Fondation Jean-Jaurès, 7 janvier 2018.

[8] « L’État contre la République », par Thierry Meyssan, Réseau Voltaire, 9 mars 2015.

Godkjente artikler under vanlig journalistisk skjønn

Artikklene på Voltaire Network kan fritt videreformidles såfremt det henvises til kilde, deres integritet respekteres og de ikke brukes til kommersiell virksomhet (lisens CC BY-NC-ND).

Støtt Voltaire Network

Du besøker denne websiden for å søke opp kvalitetsanalyser som gjør deg i stand til å danne deg din egen oppfatning av dagens verden. For at vi skal kunne fortsette arbeidet vårt, trenger vi din støtte.
Hjelp oss med ditt bidrag.

Hvordan delta i Voltaire Network?

Medlemmene i vårt team er alle frivillige.
- Morsmålsoversettere på profesjonelt nivå: du kan hjelpe oss med å oversette artiklene våre.