Vi, patriarkane: John X, gresk-ortodoks patriark av Antiokia og heile Orienten, Ignatius Aphrem II, syrisk-ortodoks patriark av Antiokia og heile Orienten og Joseph Absi, melkittisk-gresk katolsk patriark av Antiokia, Alexandria og Jerusalem, fordømmer og tar avstand frå det brutale angrepet som fann stad denne morgonen mot vårt kjære land Syria, utført av USA, Frankrike og Storbritannia etter påstandar om at dei syriske styresmaktene har brukt kjemiske våpen. Vi hevar stemmene våre for å slå fast følgande:

Dette brutale angrepet er eit klart brot på dei internasjonale lovene og FN-erklæringa, ettersom det er eit urettmessig overfall på eit suverent land som er medlem av FN.

Det smertar oss stort at dette overfallet kjem frå mektige land som Syria ikkje har skada på nokon som helst slags måte.

Skuldingane til USA og andre land om at den syriske hæren brukar kjemiske våpen, og at Syria er eit land som eig og brukar denne typen våpen, er ein påstand som ikkje er rettferdiggjort og ikkje er støtta av tilrekkeleg og tydeleg bevismateriale.

Tidspunktet for dette urettmessige angrepet mot Syria, medan den uavhengige internasjonale granskingskommisjonen (International Commission for Inquiry) var i ferd med å starte arbeidet sitt i Syria, undergrev arbeidet til denne kommisjonen.

Dette brutale angrepet øydelegg sjansane for ei fredeleg politisk løysing, og fører til eskalering og fleire komplikasjonar.

Dette urettvise angrepet oppmuntrar terroristorganisasjonane, og gir dei framdrift til å halde fram med terrorismen sin.

Vi påkallar Tryggingsrådet til FN, og ber om at dei spelar si naturlege rolle med å bringe fred, heller enn å medverke til eskalering av krigar.

Vi påkallar alle kyrkjer i landa som tok del i angrepet, og ber om at dei oppfyller sine kristne plikter i tråd med lærdommen i Evangeliet, og fordømmer dette angrepet, og ber sine regjeringar om å engasjere seg i vernet av internasjonal fred.

Vi heidrar motet, heroismen og offera til Den syriske arabiske Armeen som modig vernar om Syria og sørgar for tryggleik for folket sitt. Vi ber for sjelene til martyrane og for tilfriskning for dei såra. Vi er trygge på at armeen ikkje vil bøye seg for verken ytre eller indre terrorstisk aggresjon; dei vil halde fram med å modig kjempe mot terrorisme heilt til kvar tomme av syrisk jord er reinsa for terrorisme. På same vis rosar vi det modige standpunktet til land som er venlegsinna mot Syria og Syrias folk.

Vi tilbyr våre bøner for tryggleik, siger og at Syria blir fridd frå alle slags krigar og terrorisme. Vi ber også for fred i Syria og heile verda, og ber om at ein legg meir kraft i forsøka på å få til ei nasjonal forsoning, slik at landet kan vernast og alle syrarar sitt verde kan bergast.

Oversettelse
Monica Sortland