Den 14. november 2018 sa Avigdor Lieberman opp stillinga si som Israels forsvarsminister. Avgangen hans vart framskunda av signeringa av våpenkvileavtalen med Hamas.

Herr Lieberman gjekk til konfrontasjon med statsminister Benjamin Netanyahu under den israelske avtalen som autoriserte Qatar for å forsyne Hamas med drivstoff og pengar. Han var også imot ein våpenkvileavtale med Hamas.

Som tilhengar av å halde det jødiske folket og det arabiske folket fysisk åtskilde, ser herr Lieberman det som galskap å gi urettmessig makt til Qatar over Gaza og ressursar til Hamas. Herr Lieberman si meining er at det ikkje er tvil om at denne avgjerda vil redusere spenningane på kort sikt, men på lang sikt vil ho gi nytt livsmot til Den muslimske brorskapen sine terroristiske aktivitetar.

I motsetnad til biletet som er teikna av han i internasjonal presse, er Avigdor Lieberman interessert i fred. Men det militære apparatet er innstilt på å oppretthalde status quo, og Benjamin Netanyahu strevar etter å utføre Zeev Jabotinsky sin plan for eit Stor- Israël.

Den religiøse zionisten Naftali Benett, langt meir ekstrem enn herr Lieberman, har gitt statsministeren eit ultitmatum der han truar med å trekke seg frå regjeringskoalisjonen og få den til å falle dersom han sjølv ikkje blir utnemnd til forsvarsminister.

I følge ei meiningsmåling gjort den dagen, støttar nesten tre fjerdedelar av israelarane herr Lieberman sin analyse. Mange israelarar bur nærare enn 30 kilometer frå Gaza-stripa – i eit område som ligg innan rekkevidd for rakettar sidan Hamas tok makta på Gaza i 2006 – og har protestert etter annonseringa av våpenkvilen og krev ein politikk for varig tryggleik.

Vi har inga opinionsmåling frå folka på Gaza. Når det gjeld leiarane for Hamas, så gratulerte dei seg sjølve etter avgangen til Avigdor Lieberman, og tok det som ein siger for rørsla deira.

Den palestinske sjølvstyreregjeringa har enno ikkje reagert.

Oversettelse
Monica Sortland