I samandraget til sitt siste strategiske dokument – 2018 National Defense Strategy of the United States of America (som er klassifisert i sin heilskap) – hevdar Pentagon at etter Andre Verdskrig har USA og deira allierte innstallert ein «fri og open internasjonal orden for å sikre folk fridom frå angrep og tvang», men at «denne ordenen blir no underminert av Russland og Kina, som bryt prinsippa og reglane for internasjonale relasjonar». Detter er å snu dei historiske realitetane totalt på hovudet.

Professor Michel Chossudovsky, sjef for Center for Research on Globalization, minnar oss om at desse to landa, i dag på lista over fiendar, er dei som, då dei var allierte med USA under Andre Verdskrig, betalte for sigeren over nazi-fascist-aksen Berlin-Roma-Tokyo den høgaste prisen i form av menneskeliv – kring 26 millionar frå Sovjetunionen og 20 millionar frå Kina, i forhold til litt over 400 000 frå USA.

Med denne innleiinga introduserer Chossudovsky til Global Research ein dokumentert studie av James A. Lucas om talet på menneske drepne av dei uavbrotne seriane av krigar, statskupp og andre nedbrytande operasjonar som USA har gjennomført frå slutten av krigen i 1945 til no – eit tal estimert til 20-30 millionar offer [1]. Kring dobbelt så mange som døydde under Første verdskrig, som dei nett feira hundreårsjubileum for slutten på i Paris med eit Fredsforum.

Utanom dei daude, er det dei skadde, som i svært mange tilfelle vert lemlesta for livet – nokre ekspertar reknar med ti såra for kvar person som døyr i krig. Dette tyder at talet på menneske som har blitt såra i USA sine krigar bør teljast i hundretals millionar.

Til dette estimatet i studien må vi legge eit ikkje talfesta tal på daude, sannsynlegvis hundretals millionar, som sidan 1945 har døydd av indirekte verknadar av krigar – svolt, epidemiar, tvungen migrasjon, slaveri og utbytting, miljøskadar, tapping av ressursar frå livsviktige behov for å dekke militære utgifter.

Studien dokumenterer krigane og statskuppa utførte av USA i 30 asiatiske, afrikanske, europeiske og latin-amerikanske land. Han avslører at US-amerikanske styrkar er direkte ansvarlege for mellom 10 og 15 millionar dødsfall, forårsaka av dei største krigane – dei mot Korea og Vietnam, og dei to krigane mot Irak. Mellom 10 og 14 millionar andre dødsfall har kome med proxy-krigane drivne av USA-opptrente og -styrte allierte væpna styrkar i Afghanistan, Angola, Kongo, Sudan, Guatemala og andre land.

Vietnam-krigen, som spreidde seg til Kambodsja og Laos, forårsaka dødstal estimert til 7,8 millionar (pluss eit kolossalt tal såra, og genetiske skadar over generasjonar på grunn av dioksinet (gifta) som USA sine fly sprøyta utover).

Proxy-krigen i Afghanistan på 1980-talet var organisert av CIA, som trente og væpna – i samarbeid med Osama bin Laden og Pakistan – fleire enn 100 000 mujahedin-krigarar til å kjempe mot sovjetiske troppar som hadde gått i «den afghanske fella» (som Zbigniew Brzezinski seinare uttrykte det, då han fortalde at opptreninga av mujahedin hadde starta i juli 1979, fem månadar før Sovjets intervensjon i Afghanistan).

Det blodigaste statskuppet vart organisert i 1965 i Indonesia av CIA – dei overleverte lista over dei første 5000 kommunistar og andre som skulle drepast av indonesiske dødsskvadronar. Talet på menneske som vart myrda er estimert til mellom 500 000 og 3 millionar.

Dette er «den frie og opne internasjonale orden» som USA, uavhengig av Det kvite hus, held fram med å kjempe for, slik at dei kan «verne folket mot angrep og tvang».

Oversettelse
Monica Sortland
Kilde
Il Manifesto (Italia)