Voltaire Network

Rørsla Dei gule vestane spreier seg i Frankrike, Belgia og Bulgaria

+

Rørsla «Dei gule vestane», som debuterte i storby-Frankrike laurdag den 17. november 2018, strekk seg no til Dei franske oversjøiske departementa [DOMTOM, oms.], og til Belgia og Bulgaria.

I følge det franske innanriksdepartementet blei topptalet på demonstrantar nådd den 18. november klokka 17.00, med 287 710 personer. Det finst ikkje annan tilgjengeleg statistikk, så vi kan ikkje kontrollsjekke dette talet. Dessutan er det ikkje tatt omsyn til mobiliseringa, at demonstrantane organiserer seg etter vaktskiftordningar.

Sjølv om rørsla er fredeleg, har det brote ut valdsepisodar, men vi kan ikkje vite kven som stod bak: demonstrantar eller provokatørar. Slike hendingar har fått brei dekning i mainstream-media, som prøver å diskreditere rørsla.

På øya Réunion, eit fransk departement [DOM] i Det indiske hav, har dei innført portforbod i 14 av dei 24 kommunane. Rørsla har ingen organisasjon, og dei bygger opp styrke gjennom internett. Rørsla er ein revolt mot utbreidd fiskalt press. Ho har sitt opphav i landlege område, men har no nådd byane. Dei fleste av medlemmane er av middelklassen.

I det franske parlamentet, den 21. november, braut ein kandidat til presidentvalet i 2017, Jean Lasalle, reglane for parlamentarisk åtferd med vilje, ved å ha på seg ein sjølvlysande gul vest under regjeringa sin spørjetime. Parlamentspresidenten, Richard Ferrand, kunngjorde at Jean vil bli straffa for dette.

Oversettelse
Monica Sortland

Voltaire Network

Voltaire, internasjonal utgave

Godkjente artikler under vanlig journalistisk skjønn

Artikklene på Voltaire Network kan fritt videreformidles såfremt det henvises til kilde, deres integritet respekteres og de ikke brukes til kommersiell virksomhet (lisens CC BY-NC-ND).

Støtt Voltaire Network

Du besøker denne websiden for å søke opp kvalitetsanalyser som gjør deg i stand til å danne deg din egen oppfatning av dagens verden. For at vi skal kunne fortsette arbeidet vårt, trenger vi din støtte.
Hjelp oss med ditt bidrag.

Hvordan delta i Voltaire Network?

Medlemmene i vårt team er alle frivillige.
- Morsmålsoversettere på profesjonelt nivå: du kan hjelpe oss med å oversette artiklene våre.