Scenarioet med ein sør-amerikansk krig

Ein utanlandsk invasjon av Venezuela kan berre gjerast via Brasil, Colombia og Guyana, tre naboland av Venezuela. Teoretisk er der minst tre aksar for invasjon.

Ein invasjon gjennom sør-amerikanske statar må starte med erobring av luftrommet over Venezuela. Men dei fleste politiske og militære måla i Venezuela ligg utanfor rekkevidda til brasiliansk luftfartøyer, som består av F-5, A-4, AMX-1A og A-29 Tucano.

Colombia har flya Kfir, A-37 og A-29 Tucano, som ikkje har nokon sjanse mot Buk-M2, S-125, S-300 og venezuelanske F-16 og Su-30-fly. Det same gjeld for brasilianske fly andsynes mellom- og langdistanseluftvern og venezuelansk luftfart.

Fordi dei flyg så lågt, ligg flya Tucano A-29 turboprop alltid innanfor rekkevidda til dei 5000 venezuelanske portable antiluftskytsmissila SA-24 (Igla-S).

Ein landbasert invasjon frå Guyana er ikkje sannsynleg. Dette vesle landet har verken kapabilitet eller fysisk kapasitet: der finst ikkje vegar over Orinocoelva og -deltaet, heller ikkje kan ein køyre stridsvagnene gjennom jungelen.

Brasil har minst sjanse til å lykkast. For før dei kjem i kontakt med dei venezuelanske hovudstyrkane, må dei krysse 500 kilometer med jungel. Deretter er det Orinoco-elva, som er eit svært vanskeleg hinder for brasilianarar som ikkje har verken mobile bruer eller anna genialt utstyr. I tillegg har Brasil og Colombia på luft til bakke-angrep berre portable rakettar med rekkevidd 5000 meter, medan Venezuela sine Su-30-jagarfly med dei laserstyrte bombene KAB-500 og KAB-1500 eller Kh-29-missil har ei rekkevidd på 10 000 meter oppover.

Den mest sannsynlege aksen for offensiven er Colombia. Men det blir ikkje lett for dei heller. Når offensiven når Maracaibo-sjøen, lyt han runde denne mot aust, gjennom ein korridor på 15 – 20 kilometer som den venezuelanske hæren lett kan forsvare.

Det beste alternativet ville vere å opne ei rute for det colombianske luftvåpenet, så dei kan sleppe ned fallskjermsoldatar i sør-aust ved Andes-fjellkjeden. Fjell med høgder på over 4000 meter. Men denne varianten lar seg heller ikkje gjennomføre, ettersom Colombia har 5 fly av typen C-130 og 8 av C-295, som berre kan frakte 2 eller 3 infanterikompani.

Colombia har også ein mykje svakare stridsstyrke enn Venezuela, då forsvaret deira kvilar på eit infanteri som er svakt rusta. I tillegg eig dei ikkje stridsvogner, artilleriet deira er splitta og slept av lastebilar. Til samanlikning disponerer Venezuela kraftig artilleri som t.d. den automatiserte haubitsen 2S19 Msta, BM-30 Smerch, BM-21 Grad, LAR og T-72.

Ein brasiliansk maritim ekspedisjon av 1. Marineinfanteribrigade om bord i hangarskip for helikopter og landingsskip skulle kunne komplisere situasjonen for forsvararane av Venezuela. Venezuela kan angripe gruppa av landingsskip langs 100 til 200 kilometer med kystlinje med Kh-31A1 og Kh-59ME antiskip-missil utskotne med Su-30.

Scenarioet med ein US-amerikansk invasjon

Berre ein US-amerikansk militær invasjon kan styrte Nicolas Maduro, slik det skjedde i Irak og Libya. Men i mellomtida har Russland endra sin utanrikspolitikk og demonstrert i Syria at dei er i stand til å forsvare sine allierte. På grunn av sine økonomiske interesser i Venezuela, vil Russland og Kina, sjølv om dei ikkje vil sende troppar, forsyne landet med våpentypar av høgt nivå og stor rekkevidd for å hindre ein invasjon frå USA.

USA er den største marinemakta i verda, og har to flåteinfanterikorps. Det er grunnen til at hovudaksen for offensiven kan bli opna av ei US-amerikansk landing. Senking av eitt til to hangarskip for luftfarty og fleire US-amerikanske amfibielandingsskip vil gjere det umogleg å oppnå luftherredømme, og redusere sjansane for å danne fotfeste for marineinfanteriet på den venezuelanske kysten.

Dette målet kan lett nåast med den hypersoniske russiske Zirkon, ein rakett med aksjonsradius på 1000 kilometer, og kryssarraketten Kalibr 3M-54 med aksjonsradius på 1400 kilometer. Om Venezuela hadde desse missila, kunne dei råke USA si gruppe av ekspedisjonsskip sør for Bahamas, 500 kilometer frå Miami. Men eg trur ikkje Russland ville levere Zirkon og Kalibr til venezuelarane. Derimot kunne dei tilby Bastion-system og luft-til-bakkeraketten Kh-59MK2 med rekkevidd 550 kilometer, som kan brukast med Su-30-fly.

Det russiske rakettbatteriet Bastion brukar fire mobile missilfyringsramper av typen P-800. Missilet veg 3 tonn, og har eit vingespenn på 1,7 meter og eit kraftig stridshovud på 250 kilogram. Framdrifta skjer ved hjelp av ein ramjet kryssar-motor (supersonisk ramjet), lik den som Zirkon-missilet brukar. Aksjonsradiusen til P-800-missilet er 350 til 600 kilometer, farten er Mach 2,5 (700 meter per sekund). I prosjektilet si bane, ved makshøgda på 14 000 meter, blir missilet styrt via satellitt. Nær målet fikserer P-800 fast på det, dalar til ei høgd på 10 meter og gjer retningsendrande manøvrar.

I ein slik situasjon ville Venezuela kunne hamle opp med ekspedisjonsstyrkane til USA som ligg stasjonerte sør for øyene Haiti og Puerto Rico. Onix P-800 har ein presisjon på pluss/minus 1,5 meter, noko som betyr at sannsynet for treff er 100 prosent når det gjeld eit hangarskip for helikopter eller andre luftfarty, ein kryssar eller ein destroyer, alle lengre enn 100 meter.

Den einaste moglegheita er ei koordinert bombing utført av NATO (USA, Frankrike, Nederland, Storbritannia) og latin-amerikanske statar (Brasil, Colombia, Guyana) på utvalde mål. I så fall ville det ikkje vore ein invasjon, men destruksjon av nokre venezuelanske strukturar.

Oversettelse
Monica Sortland