Same dagen (4. mai) som den nye øvstkommanderande for dei allierte styrkane i Europa – US General Curtis Scaparrotti – byrja i jobben sin ved NATO, utnemnd på same måte som sine 17 forgjengarar av den US-amerikanske presidenten, annonserte Det Nord-Atlantiske rådet at ein offisiell israelsk delegasjon skulle etablerast i NATO sitt hovudkvarter i Brussel. [Denne delegasjonen] skal leiast av Israels ambassadør til EU.

Så Israel er no endå meir integrert med NATO, som dei allereie hadde nære band til gjennom «Individual Cooperation Programme». NATO ratifiserte dette den 2. desember, 2008, tre veker før den israelske operasjon «Cast Lead» på Gaza. Det inkluderer blant anna samarbeid mellom etterretningstenester og samband mellom israelske styrkar, inkludert nukleære styrkar, og NATOs elektroniske system.

Den offisielle israelske delegasjonen ved NATO vil bli flankert av kongen av Jordan og emirata Qatar og Kuwait, «svært aktive partnarar som fortent vil integrerast endå djupare med NATO.»

Jordan er vert for hemmelege CIA-basar, der — kan New York Times og Der Spiegel bevise [1] — det har føregått opplæring av militante islamistar tilhøyrande Al Qaida og ISIS for den skjulte krigen i Syria og Irak.

Qatar har tatt del i NATO sin krig mot Libya, då dei i 2011 infiltrerte kring 5000 kommandosoldatar på deires territorium (som kunngjort til the Guardian av den same sjefen for den qatarske staben), pluss dei mot Syria: den tidlegare qatarsk statsministeren, Hamad bin Jassim Al Thani, innrømmer dette i eit intervju med the Financial Times, som talar om qatarske og saudiske «interferens»-operasjonar i Syria med USA sitt samtykke.

Kuwait tillét NATO, gjennom «Transit Agreement» (transittavtalen), å etablere sin første ’rasteplass’ i Gulfen, ikkje berre for sending av militære styrkar og materiell til Afghanistan, men også for «praktisk samarbeid mellom NATO og Kuwait og dei andre partnarane, t.d. Saudi-Arabia». Partnarar støtta av USA i krigen som stinkar av sivile blodsutgytingar i Jemen. Kuwait deltar også, med 15 bombejagarfly.

JPEG - 28.6 ko

Italia forsyner no Kuwait med 28 sistegenerasjons kampfly av typen Eurofighter Typhoon, bygd av eit konsortium som Finmeccanica, saman med industri frå Storbritannia, Tyskland og Spania, tilhøyrer. Ein kontrakt på 8 milliardar euro, den største som Finmeccanica (som mottar ca halvparten i kontantar) nokon gong har signert. Kontrakten blei signert den 5. april i Kuwait av forsvarsminister Khaled al-Sabah og administrerande direktør for Finmeccanica, Mauro Moretti.

Gudmor for hendinga er minister roberta Pinotti, ein effektiv våpenagitator (sjå salet av 30 M-346 jagarfly for avansert trening til Israel). Eurofighter Typhoon, som Kuwait vil bruke til å massakrere i Jemen og andre stadar, kan også utstyrast med nukleære bomber: dei som Saudi-Arabia har i hende [2].

Ein suksess for minister Pinotti, som ei veke seinare, etter å ha seld bombeflya til Kuwait, vart heidra med prisen «Napoli fredsby 2016» av Den katolske fagforeininga for italiensk presse. På seremonien definerte kardinal Crescenzio Sepe Pinotti sitt «engasjement for dei politiske tenester som den høgaste form for kjærleik, som er sentrert kring vernet om og verdet av menneskeleg liv», og føreslo difor å «endre tittelen hennar frå ’forsvarsminister’ til ’fredsminister’».

Kva tenker pave Francis?

Oversettelse
Monica Sortland
Kilde
Il Manifesto (Italia)

[1] «Secret Cooperation: Israel Deploys Nuclear Weapons on German-Built Submarines», Der Spiegel, June 3rd, 2012.

[2] “Det kjernefysiske Nære Østen!”, av Thierry Meyssan, Oversettelse Knut Lindtner, Voltaire Network, 10 mars 2016.