Medan pressa feirar Demokratane sin siger for den første kvinnelege milliardæren i historia, føregår det eit dystert juridisk slag i skuggane.

Utanriksdepartementet sin rapport om Hillary Clintons e-postar og dei ulike rettsprosessane som følgde slår fast at ho er skuldig i følgande brotsverk:
 legge hindringar i vegen for rettsvesenet, gjort av fru Clinton og rådgjevarane hennes (Seksjon 1410);
 legge hindringar i vegen for etterforsking av kriminell aktivitet (Seksjon 1511);
 legge hindringar i vegen for utøving av lokal og føderal lov (Seksjon 1411);
 føderalt brotsverk gjeldande skjødeslaus omgang med klassifisert informasjon og dokument (Seksjon 1924);
 Forvaring på eiga datamaskin, heime og på usikra server, av 1200 hemmelegstempla dokument (Seksjon 1924);
 Grovt brotsverk – fru Clinton erklærte under ed til ein føderal dommar at ho hadde levert ut alle sine e-postar til utanriksdepartementet. Men utanriksdepartementets generalinspektør erklærte denne veka at dette var ei løgn (Seksjon 798);
 Vidare erklærte ho under ed at utanriksdepartementet hadde gitt ho løyve til å bruke si eiga personlege datamaskin til å jobbe heimeifrå. Utanriksdepartementets generalinspektør erklærte denne veka at dette var ei løgn (Seksjon 798);
 Fru Clinton varsla ikkje styresmaktene, ikkje ein gong sitt eige departement, om at datamaskina hennar hadde vore utsett for innbrot mange gonger. Men ho hadde bedd systemadministratoren om å prøve å beskytte maskina.
 Urettmessig tileigning/bruk og hemmeleghald. Clinton-stiftinga og fru Clinton vart bestukne for at utanriksdepartementet skulle lukke augo for ulike praksisar (Rico-lova og Seksjon 1503)

I prinsippet skulle Hillary Clinton vore arrestert denne veka, ettersom både FBI, utanriksdepartementet og ein føderal dommar har slått fast fakta og alvoret i desse forholda.

Bernie Sanders, den andre kandidaten i Demokratane sitt nominasjonsval, stola på at fru Clinton skulle bli arrestert før partikongressen. Derfor bestemte han seg for å halde fram som kandidat, sjølv om han ikkje har nok delegatar. Men han vart kalla inn til Det kvite hus og informert om at Barack Obama ville forhindre administrasjonen i å bruke lova. Obama følgde deretter opp med å annonsere offentleg si støtte til fru Clinton sitt kandidatur.

Oversettelse
Monica Sortland