Akkurat kor langt dei som støttar Obama-administrasjonen er villige til å gå for å forsvare den, sluttar aldri å overraske oss. Kva var deires respons på president Trump sin kritikk av ødslinga med militære ressursar på bekostning av det amerikanske folkets interesser? Å halde fram med opplistinga av alle velgjerningane dei har hausta. Men slike velgjerningar flyt attende til den herskande klassen aleine.
Skuldinga retta mot Obama-administrasjonen frå den nyleg valde president Trump? At dei berre har fått tilbake smular eller ingenting frå dei allierte i byte mot alt «forsvaret» som USA garanterer dei. Dette har fått avisa the New York Times ut i felten. Den 16. januar publiserte dei ein rapport, basert på offisielle data, for å vise kor mykje Obama-administrasjonen har gjort for å «forsvare US-amerikanske interesser utanlands».
Avtalar har blitt slutta med fleire enn 30 land, som «medverkar til å gje stabilitet til regionar som økonomisk og politisk sett er svært viktige for USA». Med dette målet for auge, har USA permanent utplassert fleire enn 210 000 soldatar på andre sida av havet, spesielt i soner med «aktiv konflikt».
I Europa sysselset USA kring 80 000 soldatar, pluss Den sjette flåten som er stasjonert i Italia for å «forsvare NATO-allierte» og som «avskrekkingsmiddel mot Russland». Til gjengjeld har Dei allierte i NATO forplikta seg til å «forsvare USA» og gitt USA løyve til å drive eigne militærbasar nær Russland, Midt-Austen og Afrika, som Dei allierte skal ta 34% av kostnadane for. Dette let USA ha EU som sin største handelspartnar.
I Midt-Austen har USA 28 000 soldatar i Golf-monarkia, og i tillegg sin Femte flåte stasjonert i Bahrain, for å «forsvare den frie flyten av olje og gass, og samtidig sine allierte mot Iran». Til gjengjeld har dei fått tilgang til 34% av den globale olje-eksporten og 16% av naturgass-eksporten; dei har også sikra seg retten til å drive eigne militærbasar imot Iran, som Golf-monarkia skal bere 60% av kostnadane for.
I austre Asia held USA fleire enn 28 000 soldatar i Sør-Korea og 45 000 i Japan, pluss Den sjuande flåten som er stasjonert i Yokosuka for å «avgrense påverknaden frå Kina og støtte Dei allierte mot Nord-Korea». Til gjengjeld har dei sikra seg retten til å drive eigne US-amerikanske militærbasar nær Kina og Nord-Korea. Også her skal dei allierte ta ein del av kostnaden: 40% i Sør-Korea og 75% i Japan. Dette lar USA bygge viktige handelspartnarskap med Japan og Sør-Korea.
I sør-aust-Asia har USA eit skiftande tal soldatar, i storleiksorden fleire tusen, for å støtte Thailand og Filippinane og dessutan Australia i Stillehavet.
«Militærøvingane for navigasjonsfridom i Sørkina-havet», der 30% av den globale maritime handelen passerer, kjem under dette avsnittet. I byte mot dette har USA sikra seg retten til å «forsvare» maritim handel verd meir enn 5000 milliardar dollar per år. Samtidig har dei sikra seg «ein region som er venlegare mot USA og betre i stand til å alliere seg med dei mot Kina».
Utelate frå denne lista er det faktum at Pentagon under Obama-administrasjonen, ved sidan av krigsskipa, starta utplasseringa av Aegis-systemet oppimot Kinas grenser. [Dette systemet] liknar det som allereie er utplassert i Europa mot Russland, og er istand til å skyte ut ikkje berre anti-rakett-skyts, men også kryssar-rakettar som kan ladast med atomstridshovud.
Såleis er Trump sin kritikk mot Obama totalt grunnlaus. Ein fakta-sjekk demonstrerer dette klart og tydeleg. Så i erklæringa i sin siste Rikets tilstand-tale, slår Obama fast: «Amerika er den sterkaste nasjonen på Jorda. Vi bruker meir på militæret aleine enn dei andre åtte nasjonane brukar tilsaman. Styrkane våre er dei stautaste kampstyrkane nokon gong i verdshistoria.»
Dette er arven den «gode» presidenten har etterlate seg. Kva vil hans «vonde» erstattar gjere no?