Vladimir Putin (president for Den russiske føderasjonen) og general Alexander Bortnikov (direktør for russisk kontraspionasje - FSB)

Washington har bestemt seg for å nedtone sitt prosjekt med øydelegging av statar og samfunn i ’Større Midtausten’ til andreplass på lista med gjeremål, og i staden konsentrere styrkane sine om å opponere mot det kinesiske Silkevegsprosjektet. Dette har tilsynelatande blitt implementert av president Donald Trump og Australias statsminister Malcolm Turnbull (representerande dei britiske), den 24. februar i Det kvite hus.

Dette er ikkje berre den tradisjonelle konflikten mellom det anglo-saxiske maritime imperiet på den eine sida og det landbaserte kinesiske prosjektet på den andre. Det dreier seg også om den potensielle trusselen som kinesisk industri representerer for heile den utvikla verda. Enkelt sagt: under antikken var europearane ivrige etter å skaffe seg kinesisk silke; i dag fryktar alle Vest-maktene for å måtte konkurrere med kinesiske bilar.

Sidan Beijing har gitt opp prosjektet med å gjenopne Silkevegen langs den historiske ruta gjennom Mosul og Palmyra, har USA ingenting å vinne på å sponse jihadistar for skape eit kalifat som skrevar over Irak og Syria.

Det var også den 24. februar at Russland og USA presenterte Resolusjon 2401 til Tryggingsrådet – ein tekst som hadde vore klar sidan kvelden før, og der ingen endringar hadde blitt gjort, sjølv om alle lot som dei heldt fram med forhandlingane.

Resolusjonen skal vere ein respons på den franske mediekampanjen for å redde folket i Ghouta, men er i realiteten ei løysing for nesten heile Syria.

Den legg på vent spørsmålet om tilbaketrekking av tyrkiske og US-amerikanske troppar. Når det gjeld sistnemnde, er det ikkje umuleg at dei vil la vere å forlate det ytre nord-aust i landet. For om Kina skulle bestemme seg for å rute Silkevegen gjennom Tyrkia, ville Washington blåse til flammen for å skape eit Kurdistan på kurdisk territorium (om vi aksepterer at sør-austre Anatolia ikkje lenger er armenisk territorium, sidan folkemordet) og blokkere vegen for Beijing.

Moskva har flytta nye fly til basen sin i Hmeimim, inkludert to SU-57 stealth-fly – juvelar av teknologi som Pentagon ikkje trudde ville bli operative før 2025.

Framfor alt har Moskva, som hittil har avgrensa sitt engasjement i Syria til sine flystyrkar og nokre få spesialstyrkar, no i skjul flytta inn infanteritroppar.

På morgonen den 25. februar flytta russiske bakkestyrkar seg inn i aust-Ghouta, side om side med Den syriske arabiske armeen.

Det er no umuleg for nokon som helst å angripe Damaskus, eller prøve å styrte Den arabiske republikken Syria, utan å automatisk provosere fram eit russisk militært svar på tiltale.

Saudi-Arabia, Frankrike, Jordan og Storbritannia, som i skjul hadde danna «Den vesle gruppa» den 11. januar for å sabotere fredskonferansen i Sotsji, vil ikkje lenger bli i stand til å føreta nokon avgjerande aksjon.

Om nødvendig vil vi late som vi ikkje veit at dei to væpna fraksjonane i aust-Ghouta (pro-saudisk og pro-qatarisk) blir drivne av al-Qaida. Dei vil bli diskret filtrert ut. Offiserane til britiske MI6 og franske DGSE (som opererer under dekke av Leger uten grenser) vil bli sende heim.

Krigen er enno ikkje over for heile territoriet, men den er allereie over for Damaskus.

Oversettelse
Monica Sortland
Kilde
Al-Watan (Syria)