Vi er tilbake til start – verda er atter bipolar. USA, trygg på sin superioritet, hadde aldri forestilt seg at russisk militær kapabilitet skulle gjenoppstå.

I løpet av andre kvartal av 2012 vart Russland og deira allierte samde om å utplassere ein fredsstyrke i Syria så snart Geneveavtalen var slutta.

Men alt endra seg då Frankrike gjenopptok krigen i juli 2012. Sjølv om Russland hadde fått FN si anerkjenning av Traktat om kollektiv sikkerheit, for å kunne utklasse muslimske soldatar særleg frå Kasakhstan, skjedde ingenting. Trass rop om hjelp frå Damaskus, var det stille frå Moskva ei lang tid. Først tre år seinare entra russiske luftstyrkar scena, og bomba jihadistiske underjordiske installasjonar.

Gjennom dei følgande tre åra kom det til mange militære hendingar som sette Russland opp imot USA. Til dømes klaga Pentagon på den merkverdige aggressiviteten til russiske bombarar utanfor kysten av USA. I Damaskus søkte vi ei forklaring på stilla frå Moskva, og spurde oss sjølve om Russland hadde gløymt sitt engasjement. Ikkje noko av dette var sant. Russland dreiv i løyndom ei oppbygging av eit nytt arsenal, og gjekk ikkje inn før dette var klart.

Frå byrjinga av intervensjonen installerte den russiske armeen eit system som ikkje berre skrambla (scramble, oms.) NATO-kommandoar, men også kutta sambandet deira innanfor ei rekkevidde på 300 kilometer rundt Lattakia. Deretter deployerte dei same system i Svartehavet og Kaliningrad. Ved sidan av sine nye fly, brukte Russland kryssarrakettar som var meir nøyaktige enn USA sine, avfyrte av marinen frå Det kaspiske havet. I førre månad testa dei i kampsona multifunksjonsfly med enno ukjend kapasitet.

Det har blitt tydeleg, i følge US-amerikanske generalar på bakken, at den russiske armeen no har konvensjonelle styrkar som er meir effektive enn USA sine. Men motpartane deira i Pentagon har framleis sine tvil om denne progresjonen, så sikre er dei på å vere militært overlegne i all æve. Dei meiner det er vanvittig å samanlikne dei to armeane, sidan deira eigen har eit budsjett som er åtte gongar større enn Russland sitt. Men aldri har prestasjonane til to rivaliserande armear innan militær vitskap blitt samanlikna etter storleiken på budsjetta sine, eit faktum som Vladimir Putin poengterte ved å omtale den eksepsjonelle kvaliteten til sine soldatar, samalikna med USA sine.

Uansett, medan russarane er noko betre på konvensjonell krigføring, er dei ikkje i stand til å deployere på mange scener samstundes, og Washington held på sin nukleære superioritet.

Det russiske infanteriet sin entre i krigen i Ghouta den 24. februar, er for visst konsekvensen av ein avtale med USA, som har gått med på å bremse sine investeringar i Syria og dermed ikkje reprodusere utmattingsstrategiane dei brukte mot Den raude arme i Afghanistan. Det er også teiknet på at Pentagon no fryktar at den russiske armeen vil kunne gi dei ein smak av eigen medisin, andre stadar i verda.

Det var i denne augneblink at president Putin valde å utfordre USAs nukleære superioritet. Under talen sin til parlamentet den 1. mars 2018, annonserte han at landet hans rår over eit avskrekkande nukleært arsenal.

Alle desse programma har vore meir eller mindre kjent i fleire år, men ekspertane trudde dei ikkje ville bli operasjonelle på lange tider. Men dei fleste av dei er det no. Vi må spørje oss korleis russarane klarte å få dei alle i stand, utan at USA si etterretning fann ut av det. Og likevel var det nett det dei gjorde med Su-57, som dei testa i kamp for tre veker sidan, samtidig som CIA trudde dei ikkje ville bli klare før i 2025.

Vladimir Putin har avslørt sitt nye arsenal. Det interkontinentale ballistiske missilet (ICBM) Sarmate (frå namnet til eit russisk folk i antikken som hadde likestilling mellom menn og kvinner), gjenbruker teknikken med «orbitalt hovud» som sikra russisk superioritet allereie på 1970-talet. SSSR gav opp dette programmet ved underteikninga og ratifiseringa av SALT II-avtalen. Men Senatet i USA ratifiserte aldri avtalen, og gjorde den dermed ugyldig.

Med denne typen missil blir stridshovudet plassert inn i bane, deretter går det attende til atmosfæren og dukkar ned på målet sitt, med uavgrensa aksjonsradius. Avtalane som forbyr nukleariseringa av rommet forbyr utplassering av nukleære ladningar i permanent bane, men ikkje at dei entrar rommet under ein del av banen sin. Med det vi no veit, kan dei ikkje avskjerast i løpet av denne denne tida. Sarmate kan brått kome seg inn i atmosfæren, og angripe kven som helst, kor som helst.

Dague-missilet (Kinzhal på russisk) må skytast ut frå eit bombefly for å kunne nå hypersonisk fart i atmosfæren – det reiser med fem gongar lydfarten. Denne utrulege farten gjer det sjølvsagt umogleg å avskjere. Det var testa med suksess for tre månadar sidan.

Russland har også ein motor som drar energien sin frå eit atomanlegg som er miniatyrisert så mykje at det kan utstyre ein kryssarrakett med atomstridshovud. Sidan kryssarrakettar har ei bane ein ikkje kan rekne seg til på førehand, og denne motoren har nær på uendeleg autonomi, er dei for tida uslåelege.

Denne motoren, plassert på ei undervassdrone, gjer at ein kan bere ei betydeleg nukleær ladning med ein fart mange gongar raskare enn ein klassisk ubåt. Ved sidan av sin radioaktive effekt, kan ladningen utløyse ein tsunami med 500 meters høgd utanfor kva kystlinje som helst.

Og til slutt prøver Russland å utvikle eit hypersonisk prosjektil, Avant-Garde, som ikkje berre skal kombinere karakteristikkane til Sarmate (bana i rommet) og farten til Dague, men som ein kan justere bana til undervegs.

Russland sine nye atomvåpen har blitt til for å gjere inoperativt anti-missil-»skjoldet» som Pentagon har utvikla over heile verda, base etter base, i førti år. Det er ikkje eit spørsmål om overlegen styrke, men teknisk skaping. Prinsippet til «skjoldet» gir ikkje noko mogleg vern mot dei.

Men kva som verre er, president Putin annonserte også at dei har skapt eit laservåpen som han ikkje spesifiserte karakteristikkane til. Det verkar som det kan vere i stand til å stoppe visse US-amerikanske utfyringsmekanismar.

På noverande tidspunkt nektar stabssjefane i medlemsstatane til NATO å tru eit ord av desse påstandane, sidan desse våpena for dei høyrest ut som science-fiction.

Russland er sjakkens land, ikkje pokerens, og historia har lært oss at dei aldri bløffar om sitt eige våpenarsenal. Dei har ofte fått oss til å tru at våpen under utvikling allereie var operasjonelle, men dei har aldri offisielt annonsert som «kampklare» våpen som framleis var under uttesting. Dei over 200 nye våpena brukt i Syria har overbevist oss om det teknologiske framsteget til vitskapsfolka deira.

Den kolossale framgangen til Russland har robba USA for first-strike-privilegiet deira. Frå no av kan dei to store maktene, i tilfelle atomkrig, treffe kvarandre med gjensidige angrep. USA har eit betydeleg større tal atomrakettar, og Russland ville vere i stand til å avskjere mange av dei. Sidan dei begge har kapasiteten til å øydelegge planeten mange gongar, er dei begge teoretisk sett jamstilte i denne typen konfrontasjon.

På USA si side har det militærindustrielle komplekset blitt brote ned under dei siste tjue åra. Det viktigaste luftfartsprosjektet i historia, F-35, var meint å erstatte F-16, F-18 og F-22, men Lockheed Martin er ute av stand til å frambringe programvara dei hadde lova. Den noverande versjonen av F-35 er i realiteten totalt fjernt ifrå sine tekniske spesifikasjonar, og US Air Force vurderer for tida å gjenoppta produksjonen av sine gamle fly.

Det stemmer at president Donald Trump og teamet hans har bestemt seg for å tiltrekke seg ny hjernekraft til USA for å gjenstarte produksjonen av våpen og forplikte den militær-industrielle lobbyen til å respondere på Pentagon sine behov, heller enn å halde fram med å selje dei same gamle vraka. Men det vil ta dei minst tjue år å innhente Russland.

Det tekniske framsteget til Russland skakar ikkje berre opp verdsordenen ved å uventa gjenopprette eit bipolart system, men det tvingar også strategane til å revurdere vilkåra for krig.

Historia har lært oss at få menn skjøner raskt nok endringane i det militære paradigmet. På 1400-talet, då franske og engelske armear kjempa i slaget om Agincourt, vart dei rustningskledde ryttarane til Frankrike øydelagde av dei engelske boge- og armbrøst-skyttarane, sjølv om dei var talmessig sterkare. Men generalane stod på å gi privilegier til nærkamp, heller enn kamp på avstand ved bruk av piler og kanonkuler. Så i endå eit hundreår såg vi rusta ryttarar bli massakrerte på slagmarka.

Til dømes har ikkje noko stridsvognslag blitt utkjempa sidan nederlaget til president Hussein i 1991, under Operajon ørkenstorm. Og likevel var nesten alle armear ute av stand til å tolke kva som hadde skjedd. Sigeren i 2006 til ei lita gruppe hizbollahmenn mot israelske Merkava-stridsvogner demonstrerte utvetydig sårbarheita til denne typen våpen.

Ikkje mange statar har lært av dette, unntak er til dømes Australia og Syria. Russland sjølv held fram med å produsere desse enorme rullande forta som ikkje har kapasitet til å stå imot deira eigne RPG’ar, når dei blir rett brukte.

Det russiske arsenalet er uslåeleg, i det minste om nokon prøver å kjempe mot dei med gamle kampmetodar. Til dømes er det utenkeleg å avbryte hypersoniske prosjektilar. Men det kan vere mogleg å ta kontroll over dei før dei når toppfart. Militær forskning vil derfor konsentrere seg om kontrollen over fienden sine kommandoar og kommunikasjon. Men også i denne sektoren er Russland leiande.

Oversettelse
Monica Sortland