Sjå nøye på dette bildet og observer dei to mennene ytst til høgre på bildet, den eine med ein kalasjnikov og den andre med utstyret på hovudet.

Korleis kan du skilje ein «moderat rebell» (sic) i Ghouta frå ein av dei som vanlegvis bur der? Alt du treng gjere er å samanlikne den gode helsa og dei gode kleda til den førsnemnde med den avmagra kroppen og fillene til sistnemnde.

Den syriske arabiske armeen har nett oppdaga at Irbin, eit område i det frigjorte Ghouta, har matlager og eit sjukehus som er velutstyrt. Men FN og dei frivillige humanitære organisasjonane har forsikra om at det var «regimet» som svelta folk til daude og nekta dei helsestell.

Den syriske arabiske armeen har entra område av Ghouta som framleis er under kontrollen til NATO sine «moderate rebellar». Entreen deira har gjort det muleg å stadfeste at der eksisterer eit svært nettverk av tunnelar i Ghouta-området. Dette inneheld ein diger korridor som lar 4x4 og lastebilar sirkulere med forsyningar til krigarane, medan dei held som slavar folk som vanlegvis bur der.

Den vestlege pressa forsikrar om at familiane som har blitt evakuerte til Emiratane frå Idlib verkeleg er «moderate rebellar». Men det er eit faktum at dei fleste av dei evakuerte kombattantane var maskerte då dei klauv om bord på bussane som var stilte til rådvelde for dei. Då nokre av dei dukka opp utan maskene sine, vart dei igjenkjende.

På dette bildet: 2 menn i framgrunnen var også på det første bildet, der dei viser fram hovuda på offera sine.

Oversettelse
Monica Sortland