Dei siste vekene, og for første gong i historia, har USA og Russland gjensidig trua kvarandre med verdskrig. Den totalt disproposjonale karakteren til krisa, med tanke på emnet for disputten, demonstrerer at det det dreiar seg om i dag ikkje lenger har noko samband med det som har gått føre seg i større Midtausten sidan 2001, men utelukkande er eit forsøk på å oppretthalde den noverande verdsordenen.

Etter den kolossale massakren på millionar av menneske gjennom sytten år, frå Afghanistan til Libya, blir det nesten latterleg med dette fokuset på måten som dei kring femti menneska i aust-Ghouta (Syria) er sagt å ha døydd på. Og likevel vart dette det påskottet som Washington, Paris og London valde for å starte eit treparts luftangrep den 14. april.

La oss unngå å bli distraherte av omstenda, og i staden gå rett på saka sin kjerne – vestmaktene prøver å oppretthalde dominansen sin over resten av verda, medan Russland og Kina bryt seg fri frå den.

USA sin president Donald Trump nølte ikkje då han twitra til Russland om at han skulle sende missilar av ein ny generasjon over soldatane deira i Syria. Russlands ambassadør, Alexander Zasypkine, svarte med det same at desse missilane ville bli avskorne, og at flya og skipa som fyrte dei av ville bli øydelagde. Den tyrkiske statsministeren, Binali Yıldırım, uttrykte undring over dette «gateslagsmålet» og bad om at deltakarane måtte ta til fornuften. Deretter byrja alle aktørane å bakke ut.

Marinegruppa til hangarskipet USS Harry S. Truman forlet basen sin i Norfolk, tilsynelatande for å legge seg i posisjon utanfor Syria. Det vil ta fleire veker før skipet er operasjonelt. Spørsmålet om konfrontasjonen mellom USA og Russland, med andre ord Tredje verskrig, vil då bli reist igjen.

Det trengst ikkje seiast høgt at førebuingane med å gjere i stand dette marinefartyet med sine 6500 soldatar starta lenge før Ghouta-affæren, som tener som påskott for utplasseringa.

Spørsmålet er difor om Washington og deira allierte, ved å fyre av ei syndeflod med missilar mot nokre få forlatte bygg, har skaffa seg ei utsetting av konfrontasjonen for å innta ein betre posisjon, eller om dei tvert imot har gitt opp direkte krigføring, og no førebur ein ny type konflikt.

Resultatet av bombinga den 14. april er forbausande – 103 missilar skal ha blitt avfyrte av dei allierte. 71 av desse skal ha blitt øydelagde undervegs av Syria. Eit militært laboratorium som var sett ut av teneste vart tilsynelatande øydelagt, og to lufthamnsinstallasjonar vart skadde. Denne syndefloden av eld skal ha skadd berre tre personar og ikkje drepe nokon. Om Donald Trump, Emmanuel Macron og Theresa May hadde til hensikt å demonstrere makta si, så viste dei i realiteten berre kor makteslause dei er.

Sett frå Damaskus var meldinga klar og tydeleg – Syria er i ferd med å frigjere seg frå jihadistane, men får ikkje nyte freden, og vil ikkje kunne rekne med noka hjelp frå Vesten med gjenoppbygginga.

Dei allierte let som om Syria hadde lager med kjemiske våpen, trass landet sin medlemskap i konvensjonen som forbyr slike. Dei hevdar at dei berre skaut mot område som er knytte til desse våpena. Men likevel skaut dei til dømes fire missilar mot den internasjonale flyplassen i Damaskus, eit utelukkande sivilt mål. Heldigvis klarte den syrisk-arabiske armeen å avskjere alle fire.

Totalt sett klarte den syrisk-arabiske armeen, som berre eigde antimissilsystema S-125, S-200, Buk, Kvadrat og Osa, på eiga hand å skyte ned to tredelar av dei vestlege prosjektila. Endeleg har dei allierte nett utkjempa det første slaget i heile si historie der dei ikkje har drepe ein einaste fiende.Frankrike, som testa sin nye marine-kryssarrakett for første gong i ein kampsituasjon, kunne ikkje skryte av suksess overfor potensielle klientar.

Sjølvsagt la Dei allierte band på seg. Dei unngjekk omstendeleg å treffe russiske eller iranske mål, og desse to statane deltok ikkje i operasjonen. Ikkje desto mindre har den vestlege armadaen ikkje lenger kapasitet til å presse gjennom viljen sin på mellomstore makter så lenge desse blir beskytta av Russland.

Alle har forstått at frå no av :
 vil USA og Russland – på same måte som tidlegare USA og SSSR – halde seg unna ein direkte konfrontasjon, for å unngå atomkrig;
 vil mellomstore makter, som er allierte med Russland, ikkje bli betydeleg skadde av Vesten;
 ligg Washington, London og Paris si einaste militære overlegenheit i kapasiteten deira til å manipulere væpna grupper og bruke dei som stedfortredare;

Ved å bringe Frankrike og Storbritannia inn i kampen, har president Trump tvinga dei til å akseptere realiteten dei har nekta å sjå.

Dette grandiose showet var såleis ikkje anna enn ein fåfengt gestus. Etter eit kvart hundreår med ensidig dominans for Vesten, har deira tre viktigaste makter nett blitt nedgraderte. Verda har returnert til ein bipolar situasjon som den som var under den kalde krigen, sjølv om det framleis er behov for å definere dei nye reglane. Den tredje verdskrigen må fint vente.

Oversettelse
Monica Sortland
Kilde
Al-Watan (Syria)