Voltaire Network

Iran: Tidlegare president Ahmadineyad formanar president Rohani til å gå av

+

Irans tidlegare president, Mahmud Ahmadineyad, no i husarrest, har kringkasta ein video via Telegram-kontoen sin der han kraftig oppmodar etterfølgaren sin, sjeik Rohani til å gå av.

Før USA forlot den iranske atomavtalen (også kjend som 5+1-avtalen eller JCPOA), forsikra president Rohani iranarane om at han hadde situasjonen under kontroll. Men alle skjøner at dette er ein svært forvrengd versjon av sanninga. Rohani-regjeringa hadde full tiltru til ei komande økonomisk tilnærming til Washington, og klipte i veg på hekkane som Rohani-administrasjonen hadde sett ihop til buffer mot US-amerikanske sanksjonar. Men sjå no kva som skjer: den iranske økonomien blir brutalt påverka av endringane i USA sine haldningar.

Sidan starten av dette året har iransk valuta brått fått nedsett verdien sin med 60% i høve til USD; arbeidsløysa nærmar seg 40% og mange offentlege tenester har slutta å fungere, i den grad at det mange stadar i Iran går tomt for drikkevatn – eitt alvorleg problem blant mange andre.

I åtte månadar, sidan desember 2017, har ei viktig bølge av demonstrasjonar mot Rohani-regjeringa spreidd seg over landet. På demonstrantane sine faner står protestar mot Iran si finansielle støtte til palestinske Hamas og visse irakiske militsgrupper, men dei nemner sjeldan støtta til Syria og libanesiske Hizbollah.

Heilt frå starten av har demonstrantar kravd president Rohanis avgang, men no har dei byrja kreve at også revolusjonsgardisten Alí Khamenei skal gå av.

Ayatollah Khamenei kom i konflikt med Mahmud Ahmadineyad ved slutten på sistnemnde sin presidentperiode. Khamenei kalla Ahmadineyad for ein «dårleg muslim» og presidentkandidaten som Ahmadineyad støtta, fekk ikkje løyve til å delta i valet.

Mahmud Ahmadineyad sin store tanke er å bringe vidare imam Khomeiny sin anti-imperialistiske revolusjon (utan den geistlege klassen).

Oversettelse
Monica Sortland

Voltaire Network

Voltaire, internasjonal utgave

Godkjente artikler under vanlig journalistisk skjønn

Artikklene på Voltaire Network kan fritt videreformidles såfremt det henvises til kilde, deres integritet respekteres og de ikke brukes til kommersiell virksomhet (lisens CC BY-NC-ND).

Støtt Voltaire Network

Du besøker denne websiden for å søke opp kvalitetsanalyser som gjør deg i stand til å danne deg din egen oppfatning av dagens verden. For at vi skal kunne fortsette arbeidet vårt, trenger vi din støtte.
Hjelp oss med ditt bidrag.

Hvordan delta i Voltaire Network?

Medlemmene i vårt team er alle frivillige.
- Morsmålsoversettere på profesjonelt nivå: du kan hjelpe oss med å oversette artiklene våre.