Gjennom cirka tjue år har majoriteten av biografiane til dei algeriske leiarane blitt forfalska. Dei hevdar alle å ha kjempa for nasjonal frigjering frå den franske okkupasjonen, men det er langt i mellom dei få som faktisk gjorde det. Dei verkelege heltane vart skovne til sides for lenge sidan.

Dei internasjonale media er no forbløffa over å oppdage realitetane kring den algeriske makta, som dei til no har strevd med å skjule. Makta ligg ikkje hos berre éin klan, men hos fleire, og i balansepunktet sit president Bouteflika.

Kven forsvarar kva i algerisk makt?

Desse klanane held framleis fram med å drive ein blodtørstig kamp mot kvarandre, noko som lenge har hindra dei i å nominere ikkje berre ein etterkomar for den utgåande presidenten, men også ein statsminister. No har dei endeleg nominert tre – Noureddine Bedoui, assistert av Ramtane Lamamra, begge flankerte av ein tredje, Lakhdar Brahimi.

La oss ha klart føre oss korleis rollene er distribuerte:

 Abdelaziz Bouteflika er ein småskurk som tidlegare var sekretær for Houari Boumediene og han greidde over tid å skape ei fortid for seg sjølv [1]. I omlag tjue år har han sete på det tilrana presidentembetet, takka vere ei rekke grunnlovsbrot og skjerande tydelege valfusk gjentatte gonger. Innlagt på sjukehus i Sveits i to veker for "periodisk medisinsk kontroll", fekk han diagnosen "nevrologiske og respiratoriske problem". Sidan han sjølv var ute av stand til å gi sitt samtykke til behandlingsprosedyrar, bad legane om namnet på den juridiske vegleiaren hans, slik at han kunne autorisere inngrepa. Det einaste svaret dei fekk, var at dei skulle sende den sengebundne døyande invalide heim, utan at nokon såg han. Deretter kringkasta An Nahar TV nokre kjappe bilete av han som var tatt den 18. oktober 2017, men som blei presenterte som at dei var blitt tatt den 11. mars 2019 [2] . Til sist vart det publisert eit brev attribuert til Bouteflika, der det vart annonsert ei forlenging av mandatet hans på ubestemt tid.

 Noureddine Bedoui vart utnemnd til statsminister av personen som held i presidentpennen. Før det var han innanriksminister og hadde etter rykta å døme eit nært forhold til den utgåande presidenten sin bror, Naser Bouteflika. Det var han som såg føre seg ein femte periode for den invalide presidenten. Han skal ha samla seks millionar signaturar til støtte for han. Rolla hans er å sikre presidentillusjonen.

 Ramtane Lamamra vart utnemnd til visestatsminister. Før det var han rådgivar for den invalide presidenten. Med andre ord ein av dei som held på presidenten sin sin plass i maktstrukturen. Han er rekna for å representere interessene til eks-kolonimakta Frankrike.

 Lakhdar Brahimi vart utnemnd til president for nasjonalforsamlinga, og har fått i oppgåve å sette i verk ein demokratisk overgang som ofte har blitt annonsert, men aldri initiert. Denne 85 år gamle pensjonisten vart gjeninnkalla på grunn av sine merittar – han spelte ei sentral rolle i danninga av det noverande systemet og representerer interessene til den nye kolonimakta, USA.

Denne hovudpersonen er ikkje den han gir seg ut for å vere. Fødd inn i ein familie som samarbeidde med den franske okkupasjonsmakta, har han likevel klart å gi inntrykk av at han, tvert imot, deltok i kampen for nasjonal frigjering.
• I 1965 var han den siste personen som tok imot Mehdi Ben Barka. Han informerte dei marokkanske hemmelege tenestene om planane hans og gjorde det med det lettare å bortføre og myrde Trikontinental-sekretæren.
• I 1982, som del av ein algerisk-marokkansk-saudisk innsats, slutta han Taëf -avtalen, som fekk slutt på den libanesiske borgarkrigen i byte mot danninga av eit konfesjonalistisk regime som var heilt uregjerleg. Med det plasserte dei de facto landet under den evige kontrollen til dei store regionale og internasjonale maktene.
• Ved slutten av 1991 var han ein av dei ti medlemmane i Algeries Høge tryggingsråd som avsette president Chadli Bendjedid, annullerte kommunevala, og opna vegen for at Abdelaziz Bouteflika skulle kome til makta [3].
• I 2000 pressa han på for at det skulle dannast ei etterretningsteneste under FN sin administrasjon [4].
• I 2001, på ordre frå Washington, signerte han Bonn-avtalen som fekk slutt på USAs og Storbritannias intervensjon i Afghanistan og plasserte Hamid Karzai og narko-smuglarane ved makta [5].
• I 2012, etter at Kofi Annan hadde trekt seg frå posisjonen sin som meklar i Syria-krigen, vart han utnemnd av FN og Den arabiske liga, ikkje som meklar, men "spesialrepresentant". Fjernt frå å implementere Lavrov-Annan-fredsplanen – som hadde blitt godkjent av Tryggingsrådet – arbeidde han for ei gjennomføring av den hemmelege planen til sjefen sin, FNs nummer to Jeffrey Feltman, for ein total og ubetinga kapitulasjon for Den syriske arabiske republikken [6].

Islamistane si rolle

Det finst mange historier om det svarte tiåret (1991-2002), då mellom 60 000 og 150 000 menneske mista livet. Det einaste som er sikkert, når vi ser på den perioden, er at wahhabitiske sosiale prosjekt erstatta statlege ute i distrikta, at islamistisk terrorisme var eit britisk forsøk på å ekskludere fransk påverknad, og at hæren redda landet medan einskilde blant det militære personellet hoppa over til dei islamistiske "halskuttarane" si side.

Då det heile var over, i 2004, allierte president Bouteflika seg personleg med (dei islamistiske) "halskuttarane", mot (dei militære) "utryddarane". Han presenterte seg sjølv som ein gamal soldat som greidde å skape fred med sine fiendar. I realiteten allierte han seg med islamistane for å redusere makta til hæren og dei hemmelege tenestene som hadde plassert han ved makta.

 I 2013, omorganiserte Abdelaziz Bouteflika Departmentet for etterretning og tryggleik, ribba dei for ein stor del oppgåver og ressursar, og pensjonerte general Mohamed Mediene.

 I 2014 gav han den væpna greina av Islamic Salvation Front (ISF), Armed Islamic Group – GIA, ansvarleg for titusentals drap – løyve til å organisere ein treningsleir, open og kjent.

 I 2016 tok han imot sjefen for GIA, Madani Mezrag, via Ahmed Ouyahia (som han seinare utnemnde til statsminister), og kunngjorde at han no hadde amnesti og rettsleg immunitet.

 I mars 2019 plasserte klanen hans Madani Mezrag tilbake i frontrekkene på scena for å inkarnere plagen med ein ny borgarkrig for det demonstrerande folket.

I denne konteksten er utnemninga av Lakhdar Brahimi ved FN og Den arabiske liga, kjempa han for "ei politisk løysing" som inkluderte arrestasjon av president Bashar el-Assad og ein professor frå Sorbonne, Burhan Ghalioun, som erstatning. Denne mannen var ein kollaboratør på lag med National Endowment for Democracy (NED/CIA), sjølv om han offisielt var for eit ikkje-konfesjonalistisk Syria, og hadde vore taleskrivar for Abbassi Madani, sjefen for IFS, under eksilet hans i Qatar.

Uavhengige Algerie vart framfor alt bygd i den løynda som bur i kampen for nasjonal frigjering. Så vart denne løynda halden ved like og brukt av einskilde til å konstruere ei legende der dei spelte ærefulle roller. Denne mystifiseringa, gjentatt over tiår, tok ifrå folket forståinga av hendingar. Den gjorde legendekonstruktørane uunnværlege, ved å spele faren ("halskuttarane") oppimot forsvaret ("utryddarane"). Som fangar av si eiga mystifisering, lyt dei no finne seg i utpressinga til Frankrike og USA.

Oversettelse
Monica Sortland

[1Bouteflika, une imposture algérienne, Mohamed Benchicou, Le Matin, 2003.

[2« Le report des élections algériennes et la bombe Brahimi », par Khalida Bouredji, Réseau Voltaire, 15 mars 2019.

[3Islam and democracy : the failure of dialogue in Algeria, Frédéric Volpi, Pluto Press, 2003 (p. 55 et suivantes).

[4« Report of the Panel on United Nations Peace Operations », United Nations A/55/305, or S/2000/809.

[5Afghanistan: Opium, the CIA and the Karzai Administration”, by Peter Dale Scott, Voltaire Network, 13 December 2010. « Le partenaire afghan de Monti », par Manlio Dinucci, Traduction Marie-Ange Patrizio, Il Manifesto (Italie), Réseau Voltaire, 9 novembre 2012.

[6Germany and the UNO against Syria”, by Thierry Meyssan, Translation Pete Kimberley, Al-Watan (Syria) , Voltaire Network, 28 January 2016.