Propaganda er ein metode for spreiing av idear, enten dei er sanne eller usanne. Men å lyge for seg sjølv er ikkje anna enn å nekte å innrømme sine feil, prøve å overtyde seg om at ein er perfekt – rømming.

Tyrkia illustrerer denne haldninga på sitt sterkaste. Dei nektar framleis for at dei prøvde å kvitte seg med den ikkje-muslimske minoriteten, i fleire bølger, i løpet av ein generasjon, frå 1894 til 1923. Israelarane er ikkje så dårlege på det sjølve der dei let som at dei skapte staten sin for å tilby eit verdig liv til jødar som overlevde nazistane si utrydding. I røynda var slik at Woodrow Wilson allereie i 1917 gjekk med på å grunnlegge staten, og at det i dag lever over 50 000 dødsleirflyktningar i dette heimlandet. Dei lever under miserable forhold under fattigdomsgrensa. Men det er berre Vest-maktene som bygger konsensus rundt løgnene deira og hevdar at dei er avslørte sanningar.

Normandie-landgangane

Vi feirar no 75-årsdagen til Normandie-landgangane. I følge den nesten samstemde Pressa, var det der Dei allierte gjekk i gang med frigjeringa av Europa frå nazi-okkupasjonen.

Men vi veit at dette ikkje er sant

 Landgangane blei ikkje gjort av Dei allierte, men nesten utelukkande av Det britiske imperiet og US Expeditionary Force.
 Målsetninga var ikkje å "frigjere Europa", men å "marsjere mot Berlin" for å grafse til seg dei gjenverande stumpane av Det tredje riket så dei sigrande sovjetiske styrkane ikkje skulle få dei.
 Invasjonen vart ikkje mottatt med glede frå franskmennene, heller tvert imot med gru. Robert Jospin (far til eks-statsminister Lionel Jospin) fordømte på førstesida av avisa si at anglo-saxarane hadde ført krigen inn i Frankrike. Franskmennene gravla sine 20 000 daude, drepne av anglo-saxiske bomberaid som berre vart meint som avleiingsmanøvrar. Ein kjempesvær demonstrasjon samla seg i Lyon rundt "statssjefen", eks-marskalk Philippe Petain, for å protestere mot anglo-saxisk dominans. Og aldri, ikkje ein einaste gong, aksepterte sjefen for La France Libre [Frie Frankrike, eksilregjeringa til Charles de Gaulle under Den andre verdskrigen, mrk.], general Charles De Gaulle, å delta i noka minnemarkering for denne forkastelege invasjonen.

Historia er meir komplisert enn ein vestleg spelefilm. Der er ingen «good guys» eller «bad guys», men menn som prøver å redde sine kjære med så mykje som mogleg av humaniteten sin intakt. På det beste har vi klart å unngå vrøvlet til Tony Blair, som under minnemarkeringa på 60-årsdagen provoserte fram sinnet i den britiske pressa då han sa at Storbritannia hadde gått inn i krigen for å redde jødane frå "Shoah" – men ikkje for å redde sigøynarane frå den same massakren. Øydelegginga av dei europeiske jødane byrja ikkje før etter Wannsee-konferansen i 1942.

Tienanmen-massakren

Vi feirar den smertefulle årsdagen for Tienanmen-massakren. Vi les stadig vekk om korleis det vondsinna kinesiske regimet massakrerte eit tusental av sine eigne borgarar, som hadde samla seg fredeleg på Tienanmen-plassen i Beijing, berre fordi dei hadde bede om litt fridom.

Men vi veit at dette ikkje er sant

 Sitt ned-aksjonen på Tienanmen-plassen var ikkje ein oppstand av vanlege kinesarar, men eit forsøk på statskupp av tilhengarar av eks-statsminister Zhao Ziyang.
 Eit dusintal soldatar vart lynsja eller brunne levande på plassen av "fredelege demonstrantar", og eit hundretal militære køyrety vart øydelagde, før soldatane til Deng Xiaoping greip inn mot dei.
 USA sine spesialistar på "fargerevolusjonar", inkludert Gene Sharp, var til stades på plassen for å organisere Zhao Ziyang sine menn.

Den europeiske unionen

Vi har nett hatt eit val for å røyste inn våre representantar til Europaparlamentet. I fleire veker no har vi blitt bombarderte med slagord som forsikrar oss om at "Europa betyr fred og velstand", og at EU er høgdepunktet til Den europeiske draumen.

Men vi veit at dette ikkje er sant

 Europa er eit kontinent som strekk seg "frå Brest til Vladivostok", som Charles De Gaulle uttrykte det, og det er ein kultur prega av openheit og samarbeid – ulikt EU, som ikkje er meir enn ein anti-russisk administrasjon som held fram med sin marsj mot Berlin etter landgangane i Normandie.
 EU er ikkje fred på Kypros, men feigskap i møte med den tyrkiske militære operasjonen. Det er ikkje velstand, men økonomisk stagnasjon, medan resten av verda utviklar seg med aukande fart.
 EU har ingenting å gjere gjere med den europeiske draumen som eksisterte mellom dei to verdskrigane. Forfedrane våre hadde i seg ambisjonen om å sameine dei politiske regima som tente dei generelle interessene – republikkane, i etymologisk forstand, i konformitet med den europeiske kulturen, enten dei fanst på kontinentet eller andre stadar. Aristide Briand tala derfor for Argentina (eit land med europeisk kultur i Latin-Amerika), men ikkje for Storbritannia (eit klassebasert samfunn).

Og så bortetter, osb...

Vi snublar vidare som blinde

Vi må skille sanning frå falskneri. Vi kan vere glade for at hitlerismen feila, men utan å nødvendigvis tru at anglo-saxarane redda oss. Vi kan ta avstand frå brutaliteten til Deng Xiaoping utan å nødvendigvis nekte for at han på denne blodige måten redda landet sitt frå ein tilbakegang til kolonialismen. Vi kan feire det faktum at vi ikkje hamna under Sovjetunionen sitt styre, utan å nødvendigvis skryte av å vere vasallar under anglo-saxarane.

Vi lyg heile tida for oss sjølve for å maskere feigskapen vår og brotsverka våre. Deretter undrast vi over at vi ikkje klarar å løyse problema våre.

Oversettelse
Monica Sortland