De siste fem årene har russisk diplomati forsterket anstrengelsene for å etablere internasjonal lov i Midt-Østen. De har støttet seg særlig til Iran og Tyrkia selv om de ikke deler deres måter å tenke på. De første resultatene fra denne tolmodige diplomatiske øvelsen omdefinerer nå uenighetene som er sentrale i en rekke konflikter.

Nye maktbalansar og eit nytt ekvilibrium blir diskret etablerte i Nil-dalen, i Levanten og på Den arabiske halvøya. Men på den andre sida er situasjonen blokkert i Persiagolfen. Denne store og koordinerte endringa påverkar ulike konfliktar som på overflata ikkje har noko med kvarandre å gjere. Det er frukta av tolmodig og diskret russisk diplomati og, i nokre fall, ein relativt god vilje frå USA.

I motsetning til USA, prøver ikkje Russland å dytte sine eigne visjonar på verda. Dei tar i staden utgangspunkt i kulturen til samtalepartnaren, som dei med små grep modifiserer.

Tilbaketrekkinga av jihadistane og kurdiske leigesoldatar i Syria

Alt starta den 3. juli – ein av dei fen grunnleggarane av PKK, Cemil Bayik, publiserte ein kronikk i avisa Washington Post der han bad Tyrkia opne forhandlingar om å sleppe sin mest berømte fange, Abdullah Öcalan ut av isolat. Plutseleg vart fangebesøk igjen autorisert for leiaren for kurdisk autonomi-tilhengarar i Tyrkia, etter å ha vore forbode i fire år. Dette initiativet var ein open løyndom. Ryktet hadde blitt spreidd av Folkets republikanske parti, som såg det som forræderi. Medan dei venta på avklaring, avstod velgarane hans frå å røyste under kommunevalet i Istanbul den 23. juni, noko som førte til eit alvorleg valnederlag for president Erdoğans kandidat.

Samtidig blussa kampane opp att i sona som Al-Qaida okkuperte i nord-Syria, i Idlib-guvernementet. Dette islamske emiratet har ingen sentral administrasjon, men eit mangfald av administrasjonsområde tildelt ulike krigargrupper. Befolkninga får forsyningar frå europeiske «frivillige organisasjonar» med tilknytning til dei hemmelege tenestene i landa sine, og nærværet av den tyrkiske hæren hindrar jihadistane i å prøve å erobre resten av Syria. Sidan denne situasjonen ikkje kan forsvarast, presenterer NATO-pressa det islamske emiratet Idlib som ein fredeleg tilfluktsstad for «moderate opponentar til Assads diktatur». Så starta plutseleg Damaskus, med støtte frå russiske kampfly, å gjenerobre territoriet sitt samstundes som den tyrkiske hæren stille trekte seg attende. Kampane var ekstremt valdelege, framfor alt for Republikken. Men etter nokre veker var framgangen tydeleg, og dersom ingenting skjer for å hindre det, bør provinsen vere frigjort i oktober.

Den 15. juli, på treårsdagen for attentatforsøket og det følgande improviserte statskuppet, kunngjorde president Erdoğan omdefinisjonen av tyrkisk identitet, ikkje lenger på ein religiøs basis, men ein nasjonal. Han avslørte også at hæren hans skulle feie PKK-styrkane ut av Syria og deportere nokre av dei syriske flyktningane til eit 30-40 kilometer djupt grenseområde. Denne sona fell stort sett i hop med den som president Hafez el-Assad i 1999 gav tyrkiske styrkar løyve til å undertrykke kurdisk bruk av artilleri i. Etter å ha kunngjort at Pentagon ikkje ville overgi sine kurdiske allierte, kom US-amerikanske utsendingar til Ankara for å gjere nettopp dét, og for å gi sitt samtykke til den tyrkiske planen. Som vi alltid har sagt, det har seg tilfeldigvis slik at leiarane for «Rojava», denne pseudo-autonome kurdiske staten på syrisk territorium, nesten alle har tyrkisk nasjonalitet. Dei okkuperer derfor området som dei allereie har reinsa etnisk. Troppane deira, av syrisk nasjonalitet, sende utsendingar til Damaskus for å be president Bashar el-Assad beskytte dei. La oss ikkje gløyme at kurdarane er eit nomadefolk som slo seg ned i dette området på starten av 1900-talet. I følge King-Crane-kommisjonen og Den internasjonale Sèvres-konferansen (1920) er ein Kurdistan-stat berre legitim innanfor det som no er tyrkisk territorium.

Det er usannsynleg at Frankrike og Tyskland vil la Syria gjenerobre heile Det islamske emiratet Idlib, og gi slepp på fantasien sin om eit Kurdistan, kor det enn måtte oppstå (i Tyrkia, Iran, Irak eller Syria, berre ikkje i Tyskland, der det bur ein million kurdarar). Dei kan bli tvinga til å gjere det.

På omtrent same måte er det usannsynleg, trass diskusjonane no, at Syria – om dei skulle bli desentraliserte – skulle innvilge det minste autonomi til regionen som blei okkupert av dei tyrkiske kurdarane.

Etter mange år med blokkade er frigjeringa av nord-Syria heilt avhengig av det tyrkiske paradigmeskiftet, resultat av US-amerikanske feil og russisk etterretning.

Den faktiske oppdelinga av Jemen

I Jemen støttar Saudi-Arabia og Israel president Abdrabbo Mansour Hadi, med ei målsetning om å utbytte oljereservane på grensa. Sistnemnde lyt handskast med opprøret til zaydittane, ein skule innan sjiismen. Med tida fekk saudi-arabarane hjelp frå Emirata, og zayditt-Resistansen får støtte frå Iran. Denne krigen, fyrt opp under av vest-maktene, har ført til den verste hungersnauden i det 21. hundreåret.

Men i motsetning til organisasjonen til dei to leirane, underteikna den emiratiske kystvakten den 1. august ein avtale om samarbeid over grensene med det iranske grensepolitiet. Same dag vart sjefen for den jemenittiske militsen, Abu Al-Yamana Al-Yafei – finansiert av Emirata (kjend som Southern Transitional Council (STC), eller Sikkerheitsbeltet eller «separatistar») – myrda av Den muslimske brorskapen av Islah-partiet, finansiert av Saudi-Arabia.

Det er tydeleg at alliansen mellom dei to kronprinsane til Arabia og Emirata, Mohammed ben Salmane («MBS») og Mohammed ben Zayed Al Nahyane («MBZ»), er under press.

Den 11. august angreip den Emirat-støtta militsen presidentpalasset og fleire departement i Aden, trass Arabia si støtte til president Hadi, som lenge hadde levd i ly i Riyadh. Neste dag hadde «MBS» og «MBZ» møte i Mekka, saman med kong Salman. Dei tok avstand frå statskuppet og bad sine respektive troppar vise ro. Den 17. august forlot pro-Emiratane regjeringsbygga i god stand.

Under den veka «separatistane» hadde tatt Aden, hadde Emirata de facto kontroll over dei to breiddene av det svært strategiske Bab el Mandeb-sundet, som bind saman Raudehavet med Det indiske hav. No som Riyadh hadde bevart æra, var det nødvendig å gi noko tilbake til Abu Dhabi.

På denne slagmarka kan endringa berre tilskrivast Emirata, som, etter å ha betalt ein høg pris, har lært ei lekse av denne krigen som ikkje kan vinnast. Med kløktig varsemd nærma dei seg iranarane før dei sende varselskot til sin mektige allierte og nabo, Saudi-Arabia.

Stolleiken i Sudan

I Sudan, etter at president Omar al-Bashir hadde blitt styrta ved demonstasjonane til Alliansen for fridom og endring (Alliance for Freedom and Change (AFC)) og auken av brødprisane hadde blitt kansellert, fekk eit militært overgangsråd makta. I praksis lot denne sosiale revolten, og nokre milliardar petro-dollar, landet – utan at demonstrantane var klare over det – gå frå eit qatarisk formyndarskap til eit saudi-arabisk.

Den 3. juni vart ein ny AFC-demonstrasjon oppløyst i eit blodbad av det militære overgangsrådet; 127 døydde. I møte med internasjonal fordømming starta militærrådet forhandlingar med sivile og kom den 4. august fram til ein avtale som vart underteikna den 17. august. Over ein periode på 39 månadar skal landet styrast av eit Høgsteråd som skal bestå av 6 sivile og 5 militære tenestemenn; ingen namngitte. Dei vil bli underlagt kontroll av ei forsamling på 300 medlemmar – utnemnde, og ikkje valde – inkludert 67% av representantane til AFC. Det er tydelegvis ingenting demokratisk her, og ingen av partane klagar.

Økonomen Abdallah Hamdok, tidlegare leiar for FNs økonomiske kommisjon for Afrika vil bli statsminister. Han bør løfte sanksjonane mot Sudan og gjenintegrere landet med Den afrikanske unionen. Han vil sørge for å få stilt ekspresident Omar al-Bashir for retten i eige land, så han garantert ikkje risikerer å bli utlevert til Haag og stevna for retten ved Den internasjonale straffedomstolen (International Criminal Court, ICC).

Den reelle makta vil ligge hos «general» Mohammed Hamdan Daglo (alias «Hemetti»), som ikkje er general, ikkje ein gong soldat, men sjef for militsen som «MBS» har tilsett for å paralysere den jemenittiske Resistansen. Under denne stolleiken har ikkje Tyrkia – som har ein militærbase på den sudanesiske øya Suakin, for å innsirkle Saudi-Arabia – sagt nokon ting.

Så Tyrkia godtar å tape i Idlib og Sudan for å vinne mot dei pro-amerikanske kurdiske leigesoldatane. Berre denne siste innsatsen er viktig for Tyrkia. Det har tatt eit vell av diskusjonar for å få Tyrkia til å innsjå at dei ikkje kan vinne alle desse spela med det same, og at dei må organisere sine prioritetar.

USA versus iransk olje

London og Washington driv sin konkurranse, sett i sving for sytti år sidan, om å kontrollere iransk olje. Nett som på den tida Mohammad Mossadek styrte, har British Crown til hensikt å vere einaste avgjerdstakar når det gjeld kva som tilhøyrer déi i Iran. Men Washington vil ikkje at krigane mot Afghanistan og Irak skal kome Teheran til gode (ein konsekvens av Rumsfeld/Cebrowski-doktrinen) og vil bestemme dei globale energiprisane (Pompeo-doktrinen).

Desse to strategiane blei kombinerte då dei la beslag på den iranske oljetankaren Grace 1 i farvatna til den britiske kolonien Gibraltar. Iran, på si side, borda to britiske tankarar i Hormuz-sundet, og hevda – grovt fornærmande – at skipa transporterte «smuglarolje», dvs. iransk-subsidiert olje som London skulle selje på den svarte marknaden. Då den nye britiske statsministeren, Boris Johnson, skjønte at landet hans hadde gått for langt, såg han til si «overrasking» at det «uavhengige» rettsvesenet i kolonien hans frigav Grace 1. Washington skreiv straks ut ein ordre om å ta skipet igjen.

Sidan starten av denne affæren har europearane fått betale for USA sin politikk, og dei har protestert utan at det har fått nokon særleg konsekvens. Berre russarane vernar ikkje berre om sine iranske allierte, men også om folkeretten – som dei gjorde i Syria. Dette lar dei halde på ei politisk linje som alltid er konsekvent.

I denne saka demonstrerer Iran at dei står hardnakka på sitt. Trass den klerikalske vendinga med valet av sjeik Hassan Ruhani i 2013, har landet omdirigert seg mot den nasjonale politikken til den sekulære Mahmoud Ahmadinejad. Bruken deira av sjiittiske samfunn i Saudi-Arabia, Bahrain, Irak, Libanon, Syria og Jemen kan forvandle seg til ei enkel løysing. Også her kan dei lange Astana-diskusjonane vise at det som er tydeleg for éin, har blitt tydeleg for alle.

Konklusjon

Med tida har måla til kvar av protagonistane blitt organiserte inn i hierarki, og posisjonane deira blir klarare.

I samsvar med sine tradisjonar prøver ikkje russisk diplomati – ulikt USA sitt – å omdefinere grenser og alliansar. Dei jobbar for å løyse opp i partane sine motstridande interesser. Såleis hjelpte dei det tidlegare osmanske imperiet og det tidlegare persiske imperiet med å distansere seg frå den religiøse definisjonen (Den muslimske brorskapen for førstnemnde og sjiisme for den andre) og returnere til ein post-imperialistisk nasjonal definisjon. Denne utviklinga er heilt tydeleg i Tyrkia, men krev visse endringar i den iranske leiarskapen for å kunne realiserast. Moskva prøver ikkje å «endre regima», men å endre visse aspekt ved den rådande mentaliteten.

Oversettelse
Monica Sortland