Sisyfos triller med store anstrengelser steinen med til toppen av sine ambisjoners fjell. Steinen ruller deretter ubønnhørlig ned igjen. Deretter starter hans absurde arbeid igjen.

Propaganda

I politiske system der Makta treng deltakinga til Folket, er føremålet med propagandaen å få så mange som muleg med på ein spesiell ideologi og mobilisere dei til å bruke den.

Overtydingsmetodane er dei same anten ein handlar i god eller vond tru. Men på 1900-talet vart bruken av løgner og repetisjon, elimineringa av ulike synspunkt og infiltrasjon av masseorganisasjonar først teoretisert av den britiske parlamentsmedlemmen Charles Masterman, den US-amerikanske journalisten George Creel og særleg den tyske ministeren Joseph Göbbels, med dei øydeleggande konsekvensane vi no kjenner [1]. Dette er grunnen til at generalforsamlinga til FN ved slutten av dei to verdkrigane vedtok tre resolusjonar som fordømde bruken av medvitne løgner i media for å framprovosere krig og oppfordra medlemslanda til å sikre fri flyt av idear, det einaste som kan hindre forgiftning [2].

Sjølv om propagandateknikkane har blitt perfeksjonerte over dei siste 75 åra og blir systematisk brukt i alle internasjonale konfliktar, så kjem det stadig nye påverknadsteknikkar i land som har fred: det er ikkje lenger eit spørsmål om å gjere folk til tilhengarar av ein spesiell ideologi og handle i makta si teneste, men tvert imot å råde dei ifrå å blande seg inn, å paralysere dei.

Denne strategien passar med ei såkalla «demokratisk» organisering av samfunnet, der folket har mulegheita til å sanksjonere Makta, noko som sjeldan fanst før.

Dette har spreidd seg over dei siste 18 åra, med «Krigen mot terror». Mange intellektuelle har understreka kor absurd dette uttrykket er: terrorisme er ikkje ein fiende, det er ein militær teknikk. Men vi kan ikkje drive krig mot krig. Endå om vi ikkje skjønte det då, så var oppfinninga av dette paradoksale uttrykket meint å innføre post-sanningsæraen.

Post-sanning

La oss til dømes ta den nylege avrettinga av Abu Bakr al-Baghdadi. Vi veit alle at ein helikopterskvadron ikkje kan flyge lågt over nord-Syria utan å bli sett av folk der eller bli oppdaga av russiske luftvernssystem. Den fortellinga vi får oss presentert er umuleg. Men i staden for å sette spørsmålsteikn ved det vi vurderer som propaganda, diskuterer vi om kalifen, pressa opp i eit hjørne av US Special Forces, bles seg sjølv i lufta saman med to eller tre barn.

I andre tider kunne vi ha einast om at viss eit vesentleg element av historia er umuleg, så kan vi ikkje ta på alvor dei andre elementa vi får servert, kalifens død til å byrje med. No tenker vi annleis. Vi aksepterer at denne opplysninga har blitt forfalska, sannsynlegvis på grunn av nasjonal sikkerheit, og vi ser på resten av fortellinga som autentisk. På lengre sikt vil vi gløyme bekymringa vi hadde kring dette eller andre element, og publisere leksikon som fortel denne vakre historia med sine mest usannsynlege element.

Med andre ord, vi skjøner instinktivt at denne fortellinga ikkje fortel sanninga, men formidlar ein bodskap. Vi posisjonerer oss derfor ikkje i høve til fakta, men i høve til bodskapen slik vi har forstått den: som Osama bin Laden, vart også Abu Bakr al-Baghdadi avretta. Makta blir i USA.

For å flytte medvitet vårt frå fakta til bodskap, må taleskrivarane levere ei historie som ikkje heng saman. Det er ikkje ein beklageleg feil som blir gjentatt, men eit teknisk krav for jobben dei gjer.

I klassisk propaganda var målet å fortelle logisk samanhengande historier, om nødvendig ved å skjule visse faktum, eller forfalske dei. Ikkje no lenger. For vi prøver ikkje lenger å overtyde med vakre historier. Men vi siktar oss inn på eit mellomstadium av medvitet, som vi formidlar bodskapar gjennom. Vi veit at helikopteraffæren er umuleg, men vi kan framleis resonnere dersom vi eliminerer den frå medvitet. Ein del av intellektet vårt har blitt hemma.

Vi lyg for oss sjølve.

Vi kan finne svært mange døme på bruk av slike innpakningsteknikkar dei siste åra. Alle dei eg kunne nemne ville uroe dei fleste av mine lesarar, for kvart av døma krev at vi innser at vi har blitt narra, med vår eigen medverknad. Vi hatar å bli vist våre eigne feiltak.

Likevel eit lite døme. Det er eldgamalt, men fundamentalt. Det spelar framleis ei viktig rolle no i dag. Under angrepa den 11. september publiserte flyselskapa straks komplette boardinglister med passasjerar og personell som hadde døydd. To dagar seinare presenterte FBI-direktøren dei 19 flykaprarane som, etter hans syn, hadde utført angrepa. Men i følge flyselskapa sine førstehands lister hadde ingen av dei gått om bord i dei fire flya. Versjonen hans er derfor umuleg. Atten år seinare driv vi likevel og diskuterer personlegdommane til desse individa.

Motgift

Dei siste 18 åra har vi blitt fortalde at det teknologiske framsteget, ved å tilby alle evna til å uttrykke seg på ein blogg eller eit sosialt nettverk, har devaluert offentleg tale. Kven som helst kan seie kva som helst. Før var det berre politikarar og profesjonelle journalistar som hadde mulegheita til å uttrykke seg offentleg. Dei sikra kvaliteten på sine intervensjonar og skriftstykke. I dag tar vulgum pecus, den ignorante massen, blåse for fyrlykt og spreier falske nyhende.

Men det er heilt tvert imot. Leiande politikarar, frå og med president George Bush Jr. og statsminister Tony Blair, har tatt i bruk inkonsistent tale for å hemme reaksjonane hos publikum generelt og velgarane spesielt. Denne teknikken erstattar sanning med absurditet, slik andre erstattar den med løgner. Det har gjort dei demokratiske systema dysfunksjonelle, noko som vanlege folk med sine middel prøver å fikse.

TV-apparat med katoderør viser 625-linjers bilete. Det rekk at berre éi av dei er uskarp, for at vi skal oppfatte heile bildet som uskarpt. Etter same prinsipp er det nok å berre høyre eitt ulikt synspunkt for at den allstadsnærværande propagandaen skal bli openberr. Dét er grunnen til at propaganda, når den lyg, krev uopphøyrleg sensur. Men dersom løgna introduserer ein inkonsekvens i diskursen slik at denne inkonsekvensen blir medvite openberr, bør ikkje alternative synspunkt lenger sensurerast. Tvert imot må vi la dei kome til uttrykk og sette fokus på dei ved å offentleg forkaste nokre av dei som falske nyhende, fake news.

Motgifta mot post-sanning er ikkje verifiseringa av fakta, dette har alltid vore grunnleggande i arbeidet til journalistar og historikarar, det er gjenopprettinga av logikken. Det er derfor ein ny type sensur trengst i dag. Dei fleste Facebook-brukarar har ein eller annan gong blitt logga av. I eit utal saker kan ikkje brukarane skjøne korfor dei har blitt sensurerte. Dei leitar forgjeves etter det forbodne ordet som ei datamaskin kan ha oppdaga, eller etter det uhøflege standpunktet som ein supervisor kan ha gjort forbode. Det dei ofte blir skulda for og vilkårleg straffa for er i realiteten å gjenopprette logikken i tenkinga si.

Oversettelse
Monica Sortland

[1Moderne militære propagandateknikker”, av Thierry Meyssan, Oversettelse Knut Lindtner, Voltaire Network, 22 mai 2016.

[2FNs generalforsamlings resolusjoner 110 (II), 381 (V), 819 (IX).