JPEG - 42.6 ko

Hundretusentals sivile drepne og såra, over 2400 US-amerikanske soldatar drepne (pluss eit uspesifisert tal såra), kring 1000 milliardar dollar brukt: dette er summen av 19 år med USAs krig i Afghanistan, pluss kostnaden for NATO-allierte og andre som har støtta USA i krigen. Konkursbalansen i USA sitt rekneskap, også under den politisk-militære profilen: det meste av territoriet er i dag enten kontrollert av Taliban eller i ei krigssone mellom dei to kjempande partane Taliban og regjeringsstyrkane som blir støtta av NATO.

Mot denne bakgrunnen fekk Trump-administrasjonen, etter lange forhandlingar, i stand ein avtale med Taliban som skulle redusere talet på US-amerikanske soldatar i Afghanistan frå 8600 til 4500, i byte mot ei rekke garantiar. Det betyr ikkje at det blir slutt på USA sin militære intervensjon i Afghanistan; den held fram med spesialstyrkar, droner og bombefly. Likevel ville avtalen bane vegen for ei deeskalering av den væpna konflikten. Men den vart broten berre nokre få månadar etter signeringa – ikkje av afghanske Taliban, men av Demokratane i USA. Demokratane fekk igjennom eit tillegg til lova Authorization Act i Kongressen som allokerer 740,5 milliardar dollar til Pentagons budsjett i rekneskapsåret 2021.

Lovtillegget, som den 2. juli vart godkjent av Armed Services Committee med ein stor majoritet av Demokratiske røyster, forpliktar til å «avgrense bruken av midlar [«funds», mrk.] til å redusere talet på væpna styrkar utplasserte i Afghanistan». Det forbyr Pentagon å bruke midlane sine på nokon slags aktivitet som reduserer talet på US-amerikanske soldatar i Afghanistan til under 8000: avtalen som involverte ein reduksjon av talet på US-amerikanske troppar i Afghanistan er såleis effektivt blokkert. Det er viktig at tillegget vart introdusert ikkje berre av Demokraten Jason Crow, men også av Republikanaren Liz Cheney, som gir si fulle tilslutning i perfekt to-parti-stil [1]. Liz er dottera til Dick Cheney, visepresident for USA frå 2001 til 2009 i George W. Bush-administrasjonen, den som bestemte at landet skulle invadere og okkupere Afghanistan (offisielt for å jakte på og fange Osama Bin Laden [2]).

Tillegget fordømmer eksplisitt avtalen i det den argumenterer for at avtalen underminerer «US national security interests», «representerer ikkje ei realistisk diplomatisk løysing» og «tilbyr ikkje vern til sårbare folkegrupper». For at dei skal få lov til å redusere talet på eigne troppar i Afghanistan, vil Pentagon måtte dokumentere at det ikkje vil «kompromittere USAs kontraterrorisme-misjon». Det er ikkje tilfeldig at avisa New York Times publiserte ein artikkel [3] som, på grunnlag av informasjon som US-amerikanske etterretningsagentar (utan bevis) har forsynt dei med, anklagar «ei russisk gruppe frå militæretterretninga for å tilby Taliban-milits løn for å ta livet av koalisjonssoldatar i Afghanistan, hovudsakleg amerikanarar». Nyheita vart kringkasta av dei største media i USA utan at nokon fake news-jeger sette spørsmålsteikn ved sanningsgehalten.

Ei veke seinare fekk Kongressen igjennom lovtillegget som hindrar reduksjonen av USA-soldatar i Afghanistan. Dette stadfestar at det verkelege føremålet for USA/NATO sin militære intervensjon i Afghanistan er: kontrollen over dette strategisk viktige området. Afghanistan ligg i knutepunktet for Midtausten, sentral-, sør- og aust-Asia. I dette området (i Golfen og Det kaspiske havet) finst det svære oljereservar. Til dette kjem Russland Kina, som aukar i styrke og innverknad globalt. Som Pentagon åtvara om i ein rapport av 30. september, 2001 [4], éi veke før USA sin invasjon av Afghnistan: «det eksisterer ei moglegheit for at ein rival med eit formidabelt ressursgrunnlag kan kome til å stige fram i Asia».

Ei moglegheit som no materialiserer seg. USAs «nasjonale sikkerheitsinteresser» dikterer at vi må bli i Afghanistan, uansett kostnad.

Oversettelse
Monica Sortland
Kilde
Il Manifesto (Italia)

[1] Det er eigentleg Susan Rice, tidlegare National Security Advisor, som er leiar for Det demokratiske partiet. Ettersom ho ikkje er parlamentarikar, var det Republikanaren Jason Crow som introduserte lovtillegget. Han var tungt involvert i riksrettsprosessen mot president Trump. Skuldinga om at Russland finansierer drap på amerikanske soldatar blir meiningslaus, då dei amerikanske dødstala i Afghanistan stadig går nedover. “Trump Puts Russia First”, av Susan Rice, New York Times (United States) , Voltaire Network, 1. juli, 2020.

[2] 9/11: The Big Lie, Thierry Meyssan, CreateSpace Independent Publishing Platform, 2002.

[3] “Russia Offered Afghans Bounty To Kill U.S. Troops, Officials Say”, Charlie Savage, Eric Schmitt and Michael Schwirtz, The New York Times, June 27, 2020.

[4] Quadrennial Defense Review Report, p.12, Department of Defense, September 30, 2001.