YouTube-videoen produsert av Aleksej Navalnij, som handlar om palasset han hevdar er eigd av president Putin ved Raudehavet, vart filma i Ibach (i Schwartzwald i Tyskland), skal ein tru den lokale dagsavisa Badische Zeitung [1].

Filmen startar med biografien til presidenten, framskaffa ved ml.a. bruk av arkiva til det aust-tyske politiske politiet, som BKA [det føderale kriminalpolitiet] så snilt har opna. Problemet er at det ikkje finst noko samband mellom dei framviste dokumenta og diskursen til Aleksej Navalnij. Dei inneheld berre illustrasjonar (med unntak av KGB-kortet til ein av president Putins kumpanar).

Deretter tar filmen oss tilbake til palasset og nye bilde tatt ved hjelp av ei drone. Også her mislykkast bilda med å illustrere Aleksej Navalnijs poeng. Dei viser berre eit palass, bygd etter teikningar av den italienske arkitekten Lanfranco Cirillo.

Til sist viser Aleksej Navalnij blåkopiar, kostnadsestimat og fakturaar for palasset. Det einaste dei provar er at denne residensen er luksuriøs. Men desse faktum har lenge vore kjent. Den russiske opposisjonsfiguren hevdar at eigedomspapira er forfalska. Etter innvikla forklaringar påstår han at bygget ikkje tilhøyrer milliardæren Aleksander Ponomarenko, men derimot president Putin, som han kallar «den rikaste mannen i verda».

La oss minnast at CIA tidlegare har anklaga både Fidel Castro og Yasser Arafat for å vere løynde milliardærar. Magasinet Forbes har til og med stadfesta slike påstandar, som etter dei anklaga sin død har vist seg å vere vondsinna fabrikasjonar. CIA tilla Yasser Arafat eigarskapen over PLO-fond som han styrte i sitt eige namn, sidan ingen bank var villig til å motta bankinnskot frå den palesinske motstandsorganisasjonen. Alle som kjende Castro, Arafat og deira familiar har aldri tvilt på dei.

Den slurvete framgangsmåten til dokumentaren talar ikkje til Navalnijs fordel.

Oversettelse
Monica Sortland

[1“Filmstudio in Kirchzarten produziert Alexej Nawalnys Enthüllungsvideo”, Joachim Röderer, Badische Zeitung, 21. Januar 2021.