JPEG - 65.7 ko

USA sine væpna styrkar

1- Anglo-saksarane har ein arvefiende: russarane. For dei er russarane eit forakteleg folkeslag, sidan Otto I (900-talet) lagnadsbundne til å bli slavar, slik namnet deira indikerer (’slavisk’ tyder både etnisk slavar og slave). På 1900-talet var dei imot Sovjetunionen fordi det var kommunistisk, sa dei, og no er dei imot Russland utan å vite korfor.

2- Andre motstandar: fiendar dei har skaffa seg under sin «endelause krig» mot dei etter 11. september 2001 – folket i det større Midtausten, som dei systematisk øydelegg statsstrukturane til, enten dei er allierte eller motstandarar, for å «sende dei tilbake til steinalderen» og utbytte rikdommane i regionen (Rumsfeld/Cebrowski-strategien).

3- Tredje motstandar: Kina, som med si økonomiske utvikling truar med å forvise dei til andreplassen. I deira auge har dei ikkje anna val enn krig. Det er i det minste det deira politiske tenkarar tenker, og dei talar til og med om «Thukydid-fella», med referansar til krigen som Sparta førte mot Athen [1].

4 – Spørsmåla om Iran og Nord-Korea ligg langt bak dei første tre.

Joe Biden sin Interim National Security Strategy [2] eller Annual Threat Assessment of the US Intelligence Community [3] gjentar dette stadig vekk, frå ulike vinklingar.

Å kjempe tre krigar på same tid er ekstremt vanskeleg. Pentagon ser no på korleis dei skal prioritere desse. Dei vil avlegge rapport i juni. Det herskar absolutt hemmeleghald rundt kommisjonen som gjer denne vurderinga. Ingen veit ein gong kven medlemmane er. Men allereie fokuserer Biden-administrasjonen på Russland.

Enten vi er uavhengige eller underdanige overfor «Det amerikanske imperiet», lyt vi slutte med å lukke auga for kva som skjer. USA har ikkje anna mål enn å øydelegge russisk kultur, arabiske statsstrukturar og – til sist – Kina sin økonomi. Dette har absolutt ingenting å gjere med legitimt forsvar av folket deira.

Det finst ingen betre måte å forklare korfor USA brukar astronomiske summar på militæret, summar som ikkje i det heile står i forhold til budsjetta til dei dei kallar «vener» eller «fiendar». I følge Institute for Strategic Studies i London, er USA sitt militærbudsjett minst like stort som summen av budsjetta til dei 15 neste på lista over dei mest væpna statane i verda [4].

JPEG - 30.8 ko
Militærbudsjetta til dei 15 største statane (i milliardar US dollars).
Kjelde: Institute for Strategic Studies

Spørsmåla kring ein konfrontasjon med Russland

USA bekymrar seg over Russland si tilfriskning. Etter eit skarpt fall i forventa levealder mellom 1988 og 1994 (5 år mindre), har dei restituert seg og gått langt forbi nivået i Sovjet-tida (12 år meir), sjølv om den venta levetida framleis er ein av dei lågaste i Europa. Økonomien deira er variert, særleg innan landbruk, men er framleis avhengig av energieksport. Armeen deira har blitt fornya, det militærindustrielle komplekset deira er meir velfungerande enn Pentagon sitt, og har skaffa seg erfaringar i Syria.

For Washington er konstruksjonen av røyrleidninga Nord Stream 2 ein trussel om å frigjere Vest-Europa frå avhengigheita deira av US-amerikansk olje. Krim og Donbass si tilslutning til den russiske føderasjonen er i det minste eit delvis slag mot Ukraina si avhengigheit av det amerikanske imperiet (Krim og Donbass er ikkje vestlege kulturar). Og sist, men ikkje minst, legg det russiske militære nærværet i Syria ein dempar på prosjektet for politisk destruksjon av alle folka i den regionen.

"Når du vil drukne hunden din, seier du den har rabies"

Det var uomtvisteleg president Biden som opna fiendskapen, då han kalla den russiske presidenten ein «drapsmann». Dei to maktene hadde aldri før utveksla fornærmingar, ikkje ein gong under Gulag-tida. Samtalepartnaren hans svara høfleg og tilbaud å diskutere saka for opne dører, noko Biden avviste.

USA har eit kortsiktig syn på verda. Dei ser ikkje seg sjølve som ansvarlege for etterleivningane sine. I deira auge har dei vondsinna russarane hopa opp fleire enn 100 000 soldatar i nærleiken av Ukraina og klargjer seg til angrep, slik sovjetarane gjorde i Polen, Ungarn og Tsjekkoslovakia. Men det var ikkje Russland, men SSSR; ikkje Putin-doktrina, men Bresjnev-doktrina, og Leonid Bresjnev sjølv var ikkje russar, men ukrainar.

Russarane, derimot, har eit langsiktig syn på verda. Etter deira syn sette dei barbariske amerikanarane maktbalansen i fare med angrepa den 11. september 2001. Like etter, den 13. desember 2001, erklærte president Bush at USA no hadde trekt seg frå ABM-avtalen. USA tok deretter den eine etter den andre av gamle Warszawa-paktsmedlemmar og tidlegare Sovjetstatar – nesten samtlege – over til NATO, og braut med det løftet sitt frå den gong Sovjetunionen vart oppløyst. Denne politikken vart stadfesta med Bucuresti-deklarasjonen i 2008 [5].

Alle kjenner til det særeigne ved Ukraina: vestleg kultur i vest, russisk kultur i aust. I omlag femten år var landet politisk frose, før Washington organiserte ein pseudo-revolusjon og sette sine nikkedokker, i dette tilfellet nynazistar, ved makta [6]. Moskva reagerte raskt nok til at Krim kunne erklære seg uavhengig og slutte seg til den russiske føderasjonen, men dei tvilte når det galdt Donbas. Sidan har dei delt ut russiske pass til alle innbyggarar i denne ukrainske regionen som verkeleg treng det.

Biden-administrasjonen

President Biden var, då han var senator, kjent for å introdusere for Senatet lovforslag utpønska av Pentagon. Då han blei president, omgav han seg med nykonservative figurar. Vi kan ikkje få sagt det nok: dei nykonservative var militante trotskistar som vart rekrutterte av Republikanaren president Ronald Reagan. Sidan den gong har dei heile tida sete med makta, unntatt under parantesen med den jacksonske presidenten Donald Trump, og svinga frå Det republikanske partiet til Det demokratiske partiet og tilbake igjen.

Under den fargerike Maidan-’revolusjonen’ (2013-14) tok Joe Biden opp saka til nynazistane som var agentar for NATO sine stay-behind-nettverk [7]. Han dreiv operasjonen saman med ein av dei den gong assisterande utanriksministrane, Victoria Nuland (som var gift med Robert Kagan, grunnleggaren av Project for a New American Century, som var Republikanaren George W. Bush si grein for innsamling av økonomiske midlar). President Biden bestemte seg for å gjere ho til sin nye viseutanriksminister. Ho støtta seg på han som den gong var USA sin ambassadør til Kiev, Geoffrey Pyatt, som no er postert i Athen, Hellas. Når det gjeld president Biden sin nye utanriksminister, Anthony Blinken, så er han både dommar og jury, fordi mora hans har ukrainsk opphav. Sjølv om han vaks opp i Paris med mora sin ektemann nummer to, advokaten Samuel Pisar (rådgivar for president Kennedy), så er også han nykonservativ.

Førebuingar til konfrontasjon med Russland

I midten av mars 2021 organiserte USA og NATO-partnarane militærmanøvrane Defender-Europe 21 . Desse vil halde fram fram til juni. Dette er ein repetisjon av megaøvinga Defender-Europe 20, som vart redusert og avkorta på grunn av Covid-19-epidemien. Det er ei massiv utplassering av menn og utstyr til å simulere ein konfrontasjon med Russland. Desse manøvrane får følge av ei øving med atombombeberande fly i Hellas, der den før nemnde ambassadør Geoffrey Pyatt også vil vere til stades.

Den 25. mars publiserte president Vladimir Zelenskij den nye Ukrainian Security Strategy [8], tre veker etter at president Joe Biden publiserte sin amerikanske versjon.

I respons til NATO gjorde Russland sine eigne manøvrar ved vestgrensa si, inkludert ved grensa til Ukraina. Dei sende til og med fleire styrkar til Krim og så langt som Transnistria.

Den 1. april ringte forsvarsministeren i USA til sin ukrainske motpart for å tale om den moglege auken i spenninga i forholdet til Russland [9]. President Vladimir Zelenskij gjekk ut med ei kunngjering om at han overvaka russiske trekk som kunne vere provokative [10].

Den 2. april organiserte Storbritannia eit møte mellom dei britisk-ukrainske forsvars- og utanriksministrane, leidd av den britiske ministeren Ben Wallacee [11] (som var svært aktiv i Nagorno-Karabakh-konflikten [12]).

Den 2. April ringte president Joe Biden til sin ukrainske motpart for å forsikre han om si støtte i ein konflikt med Russland. I følge Atlantic Council, erklærte han avgjerda si om å gi han hundre kampfly (F-15, F-16 og E-2C), som no er stasjonerte på flybasen Davis-Monthan [13].

Den 4. april forhandla formannen for House Armed Services Committee, Demokraten Adam Smith, med ukrainske parlamentarikarar om å gi den ukrainske armeen store subsidiar i byte med at Ukraina skulle engasjere seg i kampen mot Nord Stream 2 [14].

JPEG - 30.3 ko
Diskret returreise til Qatar av president Zelenskij and sjefen for våpenfabrikkane Ukroboronprom den 5. april, 2021.

Den 5. april reiste president Vladimir Zelenskij på besøk til Qatar. Den offisielle hensikten var å utvikle handelsrelasjonar. Qatar er den viktigaste leverandøren av våpen til jihadistane, og vi har blitt informerte om at ei mogleg finansiering av krigarar vart diskutert. Generaldirektøren for militærutstyrstilverkaren Ukroboronprom, Jurij Gusev, var med på reisa. Det var han som hadde forsynt IS med våpen, på oppdrag for Qatar [15].

Den 6. april gjorde Litauen, som tidlegare beskytta den vestlege delen av Ukraina i sitt eige rike, førespurnadar om den militære situasjonen [16].

JPEG - 40.1 ko
President Zelenskij tar imot formannen for Nato Military Committee den 7. april, 2021.

Den 6. og 7. april besøkte den britiske generalen sir Stuart Peach, formann for NATO Military Committee, Ukraina for å klargjere reformane som er nødvendige for at landet skal kunne gå med i NATO [17].

Den 9. april informerte Pentagon Tyrkia, i tråd med Montreux-konvensjonen, om at dei skulle gå med krigsskip gjennom Dardanellane og Bosporos-sundet.

JPEG - 24.9 ko

Den 10. april tok Tyrkias president Recep Tayyip Erdoğan imot sin ukrainske motpart Vladimir Zelenskij i Istanbul som ledd i regelmessige konsultasjonar mellom dei to nasjonane [18]. Med blankofullmakta frå Qatar byrja NATO-medlemmen Tyrkia med det same å rekruttere internasjonale jihadistar i Syria til å kjempe i ukrainske Donbas. Tyrkiske militærinstruktørar vart også sende til den ukrainske hamna Mariupol, hovudkvarteret for Den internasjonale islamistiske brigaden [19], som president Erdoğan og hans dåverande ukrainske motpart grunnla med Washington-tru, anti-russiske tartarar.

JPEG - 22.8 ko

Som ein logisk konsekvens, frakta Den russiske føderasjonen troppar til den ukrainske grensa. Så partnarane i OSSE (Organisasjonen for sikkerheit og samarbeid i Europa) stilte spørsmål ved manøvren. Den russiske sida svarte berre unnvikande. Wien-dokumentet (1999) forpliktar OSSE-medlemmar til å dele all informasjon om tropperørsler og flytting av militært utstyr med kvarandre. Men vi veit at russarane ikkje opererer slik Vesten gjer. Dei informerer aldri folket sitt eller partnarane under ein operasjon, berre når utplasseringa er over.

To dagar seinare kom G7 med ei kunngjering der dei uttrykte bekymringar om russiske rørsler, men ignorerte NATO og Tyrkia sine. Dei rosa Ukrainas tilbakehald og bad Russland «stoppe provokasjonane sine» [20].

Den 13. april, i samband med møtet mellom NATO sine utanriksministrar og Ukraina/NATO-kommisjonen, sette USA alle klutar til. Alle dei allierte – som ikkje hadde lysst til å døy fordi Ukraina ikkje greidde skille seg – vart inviterte til å støtte Kiev og fordømme Russlands «eskalering» [21]. Utanriksminister Antony Blinken hadde lange samtalar med sin ukrainske motpart, Dmytro Kuleba [22]. Krigen var ubønhøyrleg på veg.

Brått letta president Joe Biden på stemningen ved å ringe sin russiske motpart, Vladimir Putin. Han føreslo eit toppmøte, sjølv om han hadde avvist ein debatt for opa scene etter fornærminga si tidlegare [23]. Etter dette initiativet såg det ut til at krigen kunne unngåast.

Den 14. april kalla likevel Antony Blinken inn sine hovudallierte (Tyskland, Frankrike, Italia og Storbritannia) for å mobilisere dei [24].

JPEG - 39.7 ko
President Biden forklarar sitt standpunkt gjeldande Russland den 15. april, 2021.

Den 15. april gav president Joe Biden sitt syn på konflikten, utviste ti russiske diplomatar [25] Han sette inn sanksjonar mot Russland, som han skulda for ikkje berre å ha rigga valet for å få president Donald Trump vald, men også for å ha tilbydd dusør for drap på US-amerikanske soldatar i Afghanistan og for å ha angripe føderale datasystem med SolarWinds-programvare.

Føreseieleg utviste Russland like mange av USAs diplomatar. I tillegg sette dei ei felle for ein ukrainsk diplomat, som vart tatt på fersken for spionasje, med hemmelegstempla dokument i handa.

President Vladimir Zelenskij heldt fram med møda si og drog for å møte sine franske og tyske motpartar, president Emmanuel Macron og kansler Angela Merkel. Sjølv om dei okka seg over den russiske eskaleringa og atter forsikra om si moralske støtte til Ukraina sin territoriale integritet, var dei meir unnvikande når det kom til kva som vidare skulle skje. Til sjuande og sist, dersom USA og Russland skulle møtast og diskutere, så er det litt tidleg å døy for Kiev.

Oversettelse
Monica Sortland

[1] Destined for War: Can America and China Escape Thucydides’s Trap?, Graham Allison, Houghton Mifflin Harcourt (2017).

[2] Interim National Security Guidance, White House, March 3, 2021. “President Biden’s National Security Strategy”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 9 April 2021.

[3] Annual Threat Assessment of the US Intelligence Community, Director of National Intelligence, April 9, 2021.

[4] The Military Balance 2021, Institute for Strategic Studies, Routledge (2021).

[5] “Bucharest Summit Declaration”, NATO, April 3, 2008.

[6] “Who are the Nazis in the Ukrainian government?”, by Thierry Meyssan, Voltaire Network, 3 March 2014.

[7] NATO’s Secret Armies: Operation GLADIO and Terrorism in Western Europe, Daniele Ganser, Routledge (2005).

[8] Presidential Order 121/2021.

[9] “Readout of Secretary of Defense Lloyd J. Austin III’s Call With Ukrainian Minister of Defence Andrii Taran”, US Department of Defense, April 2, 2021.

[10] “Zelensky on Russian troops near border: Ukraine is ready for any provocations”, Ukrinform, April 2, 2021.

[11] “UK defense secretary initiates talks with Taran due to escalation in eastern Ukraine”, Ukrinform, April 2, 2021.

[12] “Nagorno Karabakh: Seier for London og Ankara, nederlag for Soros og armenerne”, av Thierry Meyssan, Oversettelse Ingunn Kvil Gamst, Voltaire Network, 26 novembre 2020.

[13] “U.S. Should Provide Lend-Lease Type of Aid Package for Ukraine to Help it Upgrade its Air Force – Atlantic Council”, Defense Express, April 7, 2021.

[14] “Arakhamiya, Congressman Smith discuss expanding military support for Ukraine”, Ukrinform, March 5, 2021.

[15] “Qatar and Ukraine come to deliver Pechora-2D to ISIS”, by Andrey Fomin, Oriental Review (Russia) , Voltaire Network, 22 November 2015.

[16] “Ukrainian, Latvian defense ministers discuss security situation on Ukraine’s borders”, Ukrinform, April 7, 2021.

[17] “NATO Military Committee Chairman visits Ukraine”, NATO, April 6, 2021.

[18] “Turkey recruiting jihadists to send them to Ukraine ”, Voltaire Network, 18 April 2021.

[19] « L’Ukraine et la Turquie créent une Brigade internationale islamique contre la Russie », par Thierry Meyssan, Télévision nationale syrienne , Réseau Voltaire, 12 août 2015.

[20] “G7 Foreign Ministers statement on Ukraine”, Voltaire Network, 12 April 2021.

[21] “NATO-Ukraine Commission addresses security situation in and around Ukraine”, NATO , Voltaire Network, 13 April 2021.

[22] “Meeting of Antony Blinken and Dmytro Kouleba”, United States (Department of State) , Voltaire Network, 13 April 2021.

[23] “Joseph R. Biden, Jr. Call with Vladimir Putin”, USA (White House) , Voltaire Network, 13 April 2021.

[24] “Main allies meeting on Ukraine”, United States (Department of State) , Voltaire Network, 14 April 2021.

[25] “Remarks on Russia”, by Joseph R. Biden Jr., Voltaire Network, 15 April 2021.