Karta til generalstabssjefane i 2001, publisert i 2005 av oberst Ralph Peters, gir framleis retningslinjene for USAs militære i 2021.The maps of the US Joint Chiefs of Staff in 2001, published in 2005 by Colonel Ralph Peters, still guide the actions of the US military in 2021.

I boka mi L’Effroyable imposture, skreiv eg, i mars, 2002, at angrepa den 11. september hadde som mål å få USA til å akseptere :
 innanlands: eit system for masseovervaking (Patriot Act) ;
 og utanlands: ei gjenopptaking av imperiepolitikken, som det ikkje fanst dokument om den gongen.

Ting vart berre tydelegare i 2005, då oberst Ralph Peters – den gong kommentator i Fox News – publiserte det berømte kartet til generalstabssjefane, kartet for forvandlinga av «breiare Midtausten» («the broader Middle East») [1]. Det kom som eit sjokk på alle kansellia: Pentagon planla å på ny teikne opp grensene etter den fransk-britiske koloniseringa (Sykes-Picot-Sazonov-avtalen frå 1916) utan omsyn til statane det råka, sjølv om det skulle vere ein alliert.

Frå då av gjorde kvar stat i regionen alt i si makt for å halde stormen unna folket sitt. Heller enn å sameine seg med nabolanda i møte med den felles fienden, prøvde kvar og ein å avleie Pentagons hand over på naboane. Det mest symbolladde tilfellet er Tyrkia, som endra standpunkt fleire gongar og gav det rotete inntrykket av ein gal hund.

To verdssyn kolliderer. For Pentagon er, sidan 2001, stabilitet USAs strategiske fiende, medan det for Russland er vilkåret for fred.

Men kartet som vart avslørt av oberst Peters – som hata forsvarsminister Donald Rumsfeld – gjorde det ikkje mogleg å forstå heile prosjektet. Ved tidspunktet for angrepa den 11. september, hadde han allereie publisert ein artikkel i US Army sitt magasin Parameters [2]. Han henviste til kartet som han ikkje publiserte før fire år seinare, og antyda at stabssjefskomiteen førebudde seg på å gjennomføre det, med grufullt kriminelle metodar, som dei måtte få underkontraktørar til å utføre, slik at dei kunne sleppe å skitne til sine eigne hender. Du trur kanskje han refererer til private armear, men historia har vist at heller ikkje dei kunne delta i brotsverk mot menneskeslekta.

Siste ord i prosjektet kom frå "Office of Force Transformation" (byrå for makttransformasjon), skapt av Donald Rumsfeld i Pentagon i dagane etter 9/11-angrepa. Det var bemanna med admiral Arthur Cebrowski. Denne vidkjente strategen hadde vore designeren av digitaliseringa av dei væpna styrkane [3]. Ein kunne tru at dette kontoret var eit middel til å fullføre arbeidet, men ingen stilte lenger spørsmål ved denne omorganiseringa. Nei, han var der for å transformere oppdraget til det amerikanske militæret, noko dei få opptaka av førelesningane hans på militærakademiet vitnar om.

Arthur Cebrowski underviste i tre år alle USAs høgare offiserar, altså alle som no har offisersgraden general.

Målet som admiral Cebrowski har sett, er ikkje berre «det breiare Midtausten», men alle regionar som ikkje er integrerte i den globaliserte økonomien.

Det han lærte bort, var temmeleg enkelt. Verdsøkonomien vart stadig meir globalisert. For å halde på posisjonen som leiande makt i verda, måtte USA tilpasse seg til finanskapitalismen. Den beste måten å gjere det på, var å sikre at industrilanda kunne utbytte naturressursane til fattige land utan politiske hindringar. Av den grunn delte han verda i to: på den eine sida dei globaliserte økonomiane (inkludert Russland og Kina) som skulle vere stabile marknadar, og på den andre sida alle dei andre, som skulle fråtakast statsstrukturar og utleverast til kaos, slik at transnasjonale selskap kan utbytte verdiane deira utan motstand. For å få til dette, må dei ikkje-globaliserte folka delast opp etter etniske kriterium og haldast styr på ideologisk.

Den første regionen som skulle råkast var det arabisk-muslimske området frå Marokko til Pakistan, med unntak av Israel og to tilgrensande ministatar som skulle hindre at elden spreidde seg, Jordan og Libanon. Det er dette området utanriksdepartementet kallar «det breiare Midtausten» («broader Middle East»). Dette området vart ikkje definert på grunnlag av oljereservar, men ved element av innbyggarane sin felles kultur.

Krigen som admiral Cebrowski såg føre seg skulle i utgangspunktet dekke heile regionen. Den skulle ikkje ta omsyn til oppdelingane frå Den kalde krigen. USA hadde ikkje lenger verken vener eller fiendar der. Fienden vart ikkje definert utifrå ideologien sin (kommunistane) eller religionen («sivilisasjonssamanstøyten»), men utelukkande ved sin ikkje-integrasjon i den globaliserte økonomien til finanskapitalismen. Ingenting kunne beskytte dei som uheldigvis ikkje var tilhengarar, det vil seie uavhengige.

Denne krigen var ikkje meint å la USA aleine utbytte naturressursar, slik tidlegare krigar hadde gjort, men å la alle globaliserte statar gjere det. Dessutan var ikkje USA lenger så interessert i råvarefangst; dei ville heller dele opp arbeidet globalt og få andre til å arbeide for seg.

Alt dette innebar taktiske endringar i måten å drive krig på, sidan det ikkje lenger var eit spørsmål om å vinne, men om å føre ein «krig utan ende», som president George W. Bush uttrykte det. Og faktisk pågår framleis alle dei krigane som vart starta etter 9/11, på fem forskjellige frontar: Afghanistan, Irak, Libya, Syria, Jemen.

Det spelar inga rolle at allierte regjeringar tolkar desse krigane utifrå USA sin språkbruk: dei er ikkje borgarkrigar, men trinn i ein plan som Pentagon hadde oppretta på førehand.

Esquire Magazine, mars 2003

«Cebrowskidoktrinen» skaka opp militæret i USA. Assistenten til Cebrowski, Thomas Barnett, skreiv ein artikkel for Esquire Magazine [4], og publiserte deretter ei bok for å presentere det meir detaljert for publikum: The Pentagon’s New Map [5].

Det faktum at Barnett i boka si – publisert etter admiral Cebrowskis død – hevdar at det var han som var opphavet til doktrinen, bør ikkje få føre til vrangførestillingar. Det er berre ein måte for Pentagon å fråskrive seg ansvaret på. Same fenomen skjedde også med t.d. «sivilisasjonssamanstøyten». Det var opprinneleg «Lewis-doktrinen», eit kommunikasjonsargument som blei utvikla i National Security Council for å selge inn nye krigar til opinionen. Det vart presentert for folket av Bernard Lewis sin assistent, Samuel Huntington, som presenterte det som ei akademisk skildring av ei uunngåeleg røynd.

Implementeringa av Rumsfeld/Cebrowski-doktrinen har hatt mange opp- og nedturar. Nokre kom frå Pentagon sjølv, andre frå folka som vart knuste. Til dømes vart oppseiinga til admiral William Fallon, sjefen for Central Command, organisert fordi han på eige initiativ hadde forhandla fram ein fornuftig fred med Mahmoud Ahmadinejads Iran. Avgangen var organisert av ... Barnett sjølv, som publiserte ein artikkel der han skulda Fallon for krenkande ytringar om president Bush. Eller og: forsøket på å splitte Syria vart feilslått fordi folket der gjorde motstand og den russiske armeen inntok scena. Pentagon har kome for å svi av avlingar og organisere ein blokkade av landet for å svelte det ut; hemngjerrige gjerningar som vitnar om manglande evne til å øydelegge statsstrukturane.

Under valkampen sin dreiv Donald Trump kampanje imot den endelause krigen og for at soldatane skulle returnere heim. Han greidde å unngå å skape nye frontar og å få nokre av mennene heim, men feila i å temme Pentagon. Dei utvikla sine «usignerte» spesialstyrkar og klarte å øydelegge den libanesiske staten utan å ty til uniformerte soldatar. Det er denne strategien dei også brukar i Israel, der dei organiserer anti-arabiske og anti-jødiske pogromar som gagnar vidare konfrontasjonar mellom Hamas og Israel.

Pentagon har igjen og igjen prøvd å utbreie «Rumsfeld/Cebrowski-doktrinen» til Karibia. Dei planla ei styrting, ikkje av Nicolás Maduro-regimet, men av den bolivariske republikken Venezuela. Til slutt la dei det på is.

Dei åtte medlemmane av generalstaben, Joint Chiefs of Staff.

Vi må merke oss at Pentagon har blitt ei autonom makt. Dei har eit gigantisk budsjett på 740 millardar dollar, kring dobbelt så mykje som det årlege budsjettet til heile staten Frankrike. I praksis strekk makta deira seg langt utover det, sidan dei kontrollerer alle medlemslanda i Den atlantiske alliansen. Dei skal liksom rapportere til presidenten, men erfaringar frå presidentane Barack Obama og Donald Trump viser det motsette. Førstnemnde greidde ikkje å tvinge politikken sin mot IS på general John Allen, medan sistnemnde vart ført på ville vegar av Central Command. Det finst ingen grunn til å tru at det skal bli noko annleis med president Joe Biden.

Det opne brevet til tidlegare US-amerikanske generalar no nyleg [6] viser at ingen lenger veit kven som styrer USAs militære. Same korleis ein analyserer, kan ein ikkje benekte det dei har kome fram til: den føderale administrasjonen og generalane er ikkje lenger på same bølgelengd.

William Arkin sitt arbeid, publisert av Washington Post, har vist at den føderale regjeringa organiserte ein diffus hop med byrå underlagt Department of Homeland Security etter 11. september-angrepa [7]. I største løynd avlyttar og arkiverer dei kommunikasjonen til alle som bur i USA. Arkin har nett avslørt i Newsweek at Forsvarsdepartementet, for sin del, har oppretta hemmelege spesialstyrkar, separate frå dei uniformerte [8]. Det er dei som no har føringa med Rumsfeld/Cebrowski-doktrinen, same kven som sit i Det kvite hus og kva for utanrikspolitikk han eller ho måtte føre.

Pentagon har ein hemmeleg spesialstyrke på 60 000 menn. Dei visest ikkje i noko offisielt dokument, og dei arbeider utan uniform. Det seiest at dei blir brukt mot terrorisme, men i realiteten er det dei som praktiserer den. Dei klassiske hærane er dedikerte til kampen mot dei russiske og kinesiske rivalane.

Då Pentagon angreip Afghanistan og Irak i 2001, brukte dei sine konvensjonelle armear – dei hadde ikkje anna – og dei til dei allierte britane. Men under den «endelause krigen» i Irak bygde dei opp irakiske sunnimuslimske og sjiamuslimske jihadistiske styrkar for å kaste landet ut i borgarkrig [9]. Ein av dei, utgått frå al Qaida, vart brukt i Libya i 2011, ein annan i Irak i 2014 under namnet IS («Daesh»). Gradvis erstatta desse gruppene dei US-amerikanske hærane for å gjere den skitne jobben som oberst Ralph Peters skildra i 2001.

I dag har ingen sett soldatar frå USA i uniform i Jemen, Libanon og Israel. Pentagon sjølv har kunngjort at dei skal trekkast tilbake. Men der er 60 000 hemmelege, d.v.s. Ikkje-uniformerte, US-amerikanske spesialstyrkar som skapar kaos, via borgarkrig, i desse landa.

Oversettelse
Monica Sortland

[1Blood borders. How a better Middle East would look”, Ralph Peters, Armed Forces Journal, June 1, 2006.

[2“Stability. America’s ennemy”, Ralph Peters, Parameters, #31-4, Winter 2001.

[3Transforming Military Force. The Legacy of Arthur Cebrowski and Network Centric Warfare, James R. Blaker, Praeger Security International (2007).

[4Why the Pentagon Changes Its Maps. And why we’ll keep going to war”, Thomas Barnett, Esquire Magazine, March 2003.

[5The Pentagon’s New Map: War and Peace in the Twenty-first Century, Thomas P. M. Barnett, Paw Prints (2004).

[6Open Letter from Retired Generals and Admirals”, Voltaire Network, 9 May 2021.

[7Top Secret America: The Rise of the New American Security State, William M. Arkin & Dana Priest, Back Bay Books (2012).

[8Exclusive: Inside the Military’s Secret Undercover Army”, William M. Arkin, Newsweek, May 17, 2021.

[9Sous nos yeux, Chapitre «La fusion des deux Gladios et la préparation de Daesh», p. 122 et suivantes, Thierry Meyssan, Demi-Lune (2017). English version : Before Our Very Eyes, Fake Wars and Big Lies: From 9/11 to Donald Trump, Progressive Press (2019).