Ei scene med panikk på flyplassen i Kabul når tidlegare CIA-kollaboratørar prøver å flykte frå det afghanske folkets hemn.

Frankrikes president Emmanuel Macron og USAs president Joe Biden talte til nasjonen om Talibans erobring av Kabul den 15. august, 2021.

1.- DEN AFGHANSKE KRIGEN ER IKKJE EIT SVAR PÅ 9/11, DEN VAR PLANLAGD FØR ÅTAKA

Ifølge desse to politikarane, var den einaste hensikten med USA sin invasjon av Afghanistan i 2001 å «forfølge dei som angreip oss den 11. september, 2001, og sikre at al-Qaida ikkje kunne bruke Afghanistan som base for nye angrep.» [1]

Naiz Naik vart myrda i heimen sin i 2009

Joseph Göbbels, propaganda-ministeren til Det tredje riket, skal ha sagt at «Ei løgn gjentatt ti gongar er framleis ei løgn; gjentatt ti tusen gongar vert den sanning». Men fakta er einvise, og same kva herrane Macron og Biden måtte tru, så vart 2001-krigen vedtatt i midten av juli 2001, då forhandlingane mellom USA og Storbritannia på den eine sida og Taliban – ikkje den afghanske regjeringa – på den andre, slo feil. Pakistan og Russland var observatørar under desse hemmelege forhandlingane. Taliban-delegasjonen entra Tyskland trass reiseforbod frå FNs Sikkerheitsråd. Etter dei feilslåtte forhandlingane reiste Pakistans utanriksminister Naiz Naik heim og slo alarm. Pakistan byrja då å sjå seg om etter nye allierte. Dei tilbaud Kina ein innfallsport til Det indiske havet (den vi ser i dag med ’Silkevegen’). USA og Storbritannia byrja pøse på med troppane sine i området: 40 000 mann i Egypt og nesten heile den britiske flåten i Det arabiske havet. Det var først etter at dette var på plass, at angrepa den 11. september skjedde.

2. AL-QAIDA ER IKKJE EIN TRUSSEL FOR ANGLO-SAKSARANE, MEN EIT INSTRUMENT

Ifølge president Biden: «Misjonen vår, å redusere terroristtrusselen frå al-Qaida i Afghanistan og drepe Osama bin Laden, har vore ein suksess».

Alexandres de Marenches hadde pønska ut korleis ein skulle tvinge SSSR til å bli bunde opp i Afghanistan

Men det var direktørenm for Frankrike sine hemmelege tenester i utlandet, Alexandres de Marenches, som føreslo for sin motpart i USA innanfor Pinay Circle [2] at dei skulle provosere fram ein sovjetisk intervensjon i Afghanistan, slik at dei kunne lokke dei i fella der [3]. President Carter sin National Security Advisor, Zbigniew Brzeziński, oppsøkte den anti-kommunistiske milliardæren Osama Bin Laden i Beirut og bad han vere leiar for arabiske leigesoldatar i ein terroristkampanje mot den kommunistiske afghanske regjeringa [4]. Bin Laden var i Beirut for å treffe den tidlegare presidenten for Libanon, Camille Chamoun som var medlem av Verdsligaen for antikommunisme [5]. Washington valde seg ut bin Laden av to grunnar: For det første var han medlem av ein hemmeleg organisasjon, Den muslimske brorskapen, som let han rekruttere krigarar; for det andre var han ein av arvingane til det største entreprenørfirmaet i den arabiske verda. Med det hadde han både menn og know-how til å gjere dei underjordiske elvene i fjellkjeden Hindukush om til militære kommunikasjonsruter.

The Independent (London) hyllar Osama bin Laden. På same tid distribuerte president Reagan si tankesmie The Heritage Foundation (Washington) T-skjorter med bilde av bin Laden og teksten "He fights for our freedoms", «Han kjempar for våre fridommar».

Seinare tente den same Osama bin Laden som militærrådgivar for Bosnia sin president Alija Izetbegović, i 1992-94. Krigarane hans følgde han dit. Dei gav opp namnet «Mujahedin», og kalla seg i staden «Den arabiske legionen». Leiren hans fekk besøk av russiske kommandosoldatar, som vart tatt til fange der. Men før dei vart arresterte, hadde dei tid til å ransake kommandorommet hans, og dei fann ut at alle dei militære dokumenta var skrivne på engelsk, ikkje arabisk. [6]

Osama bin Ladens Arabiske Legion marsjerer i Bosnia og Herzegovina

Endå seinare brukte Osama Bin Laden krigarane sine til diverse eingongsoperasjonar. Etter behov valde han dei ut frå «vaktlista» si, på arabisk "Al-Qaida" (القاعدة).

Det er derfor ikkje tvil om at Osama bin Laden i mange år var agent for USA. Men sistnemnde hevdar at han vende seg imot dei, noko det ikkje finst eit einaste bevis for. Uansett var Osama bin Laden alvorleg sjuk. Han trengde dagleg pleie i sterilt rom. Han låg derfor på Det amerikanske sjukehuset i Dubai i juli 2001, slik Le Figaro [7] avslørte. Dette nekta sjukehuset for, men det vart stadfesta til meg av Sheikh Khalifa bin Zayed Al Nahyane (den noverande presidenten for Dei foreinte arabiske Emirata), som forsikra meg om at han hadde besøkt bin Laden der, saman med den lokale stabssjefen for CIA. Til sist fekk Osama bin Laden behandling ved militærsjukehuset i Rawalpindi (Pakistan) [8], der han døydde i desember 2001. Gravferda hans fann stad i Afghanistan, der også to representantar for britiske MI6 var til stades, og dei skreiv ein rapport om saka.

Eit anna faktum som uomtvisteleg strir imot teorien om at Osama bin Laden hadde vendt seg imot sine arbeidsgivarar i CIA, er at han før 1999 – d.v.s. Etter angrepa han skal ha gjort på Khobar Towers i Saudi Arabia og USA sine ambassadar i Nairobi (Kenya) og Dar es Salaam (Tanzania) – hadde eit PR-byrå i London. Det var frå dette kontoret han lanserte si oppmoding om Jihad mot jødar og korsfararar.

Det faktum at vi i ti år har høyrt og sett opptak av folk som påstår dei er Osama Bin Laden, villeier berre dei som vil tru: dei sveitsiske ekspertane ved Dalle Molle-instituttet for perseptiv artifisiell intelligens, som på den tida vart brukt av storbankane i sensitive saker, var ikkje til å misforstå. Desse opptaka er falskneri (inkludert det som Pentagon sleppte, der han tar på seg skulda for 9/11-angrepa) og samsvarer ikkje med den verkelege bin Laden. Om ansikts- og stemmegjenkjenning var ein spesialitet den gongen, så er det no felleseige. Du kan sjølv klare det ved hjelp av programvare som er tilgjengeleg overalt.

Etter Bin Ladens død tok Ayman al-Zawahiri over som emir for Al Qaida. Han sit framleis i den posisjonen. Sistnemnde – som hadde oppsyn med likvideringa av Egypt sin president Anwar Sadat – budde i fleire år etter 2001 på USA sin ambassade i Baku (Aserbaidsjan) [9]. Han var, i det minste på den tida, beskytta av US Marines. Kor han no oppheld seg, er ukjent, men det er ingen grunn til å tru at han ikkje lenger er beskytta av USA.

3- USA FOKUSERER IKKJE PÅ «KONTRA-TERRORISME», MEN FINANSIERER OG VÆPNAR TERRORISMEN

President Biden kom, under talen sin om Kabuls fall, med ei lengre forklaring om at USA ikkje var der for å bygge ein stat, men kun for å kjempe mot terrorisme.

Frasen ’kamp mot terrorismen’ har blitt gjentatt i tjue år, men det gjer den ikkje meir meiningsfull. Terrorisme er ikkje ein opponent av kjøt og blod. Det er ein kampmetode. Heile verdas armear kan under visse omstende ta den i bruk. Under Den kalde krigen brukte begge blokkene den ofte mot kvarandre.

Sidan president George W. Bush (sonen) erklærte ’krig mot terror’ (d.v.s. ’krig mot krig’), har bruken av denne militære taktikken vore aukande. Folk i Vesten tenker først og fremst på angrep i større byar, men det verste har blitt oppnådd med danninga av små terroriststatar i Midtausten, t.d. den uhyggelege ’Islamske staten Levanten’ (IS/Daesh) og no Det islamske emiratet Afghanistan.

Afghanarar, irakarar, libyarar og syrarar trudde først på USA sitt narrativ om hendingane, men dei har no mista illusjonane. Etter 20 år med krig har dei forstått at USA ikkje vil vel. Washington kjempar ikkje mot terrorisme, men skapar, finansierer og væpnar grupper som praktiserer terrorisme.

4- TALIBAN UTKJEMPA IKKJE EIN KRIG, DEI TOK DET USA GAV DEI

Presidentane Macron og Biden spelar forundra over Taliban si «overtaking av Kabul». Ifølge dei, har «afghanske politiske leiararar gitt opp og flykta frå landet. Den afghanske hæren har kollapsa, iblant til og med utan å prøve å kjempe.» Men korleis slapp dei unna, om ikkje med vestlege militærfly? Og det var ikkje «iblant utan å prøve å kjempe», det var tvert imot: berre iblant prøvde dei å kjempe. Dei afghanske grensene var blant dei sikraste i verda. US-amerikanske soldatar registrerte identiteten til alle passerande med elektroniske verktøy, inkludert iris-scanning.

Den afghanske hæren bestod av 300 000 menn – fleire enn dei franske armeane – som var svært godt trente av USA, Frankrike og andre. Den var overutstyrt med sofistikert, høgteknologisk utstyr. Heile infanteriet hadde skotsikre vestar og nattsynsutstyr. Dei hadde ein svært kapabel luftstyrke. I kontrast, hadde Taliban ikkje fleire enn 100 000 menn, berre ein tredel av regjeringsstyrkane. Dei er ramp i sandalar og væpna med Kalasjnikovar. Dei hadde ingen luftstyrkar – dei har brått fått ein no, med trente pilotar frå Gud veit kor. Om der hadde vore kampar, så ville dei visseleg ha tapt.

Regimeskiftet vart avgjort under president Donald Trump. Det skulle skje den 1. mai. Men president Joe Biden endra timeplanen, for å endre historia. Han brukte forseinkinga til å sette opp militærbasar i nabolanda og sende minst 10 000 leigesoldatar. Han har mobilisert den tyrkiske armeen, som allereie er til stades i landet, men som ingen snakkar om. Sistnemnde har allereie rekruttert minst 2000 jihadistar som bur i Idlib (Syria) og fleire andre.

Gulbuddin Hekmatyar mottar truskapen til Rached Ghannouchi (noverande president for den tunisiske nasjonalforsamlinga) og Recep Tayyip Erdoğan (noverande president i Tyrkia).

Det er viktig å hugse at under krigen mot sovjetarane var Tyrkias president, Recep Tayyip Erdoğan, allereie medlem av Den muslimske brorskapen og leiar for militsen Millî Görüş (den som i dag opnar moskear i Tyskland og Frankrike). Det var i denne dobbeltrolla han kom for å knele framfor Gulbuddin Hekmatyar, leiaren for Den muslimske brorskapen i Afghanistan og komande statsminister. Hekmatyar sverga seinare truskap til al-Qaida, noko som ikkje hindra han i å stille som kandidat til presidentvalet i Afghanistan i 2019, beskytta av USA.

Dei allierte byrja for fleire månadar sidan å hente heim sine statsborgarar. Dei trudde dei ville ha tid før 11. september, eller i verste fall før midnatt den 30. august. Men Washington valde i staden den 15. august, datoen for Indias uavhengigheitsdag. Dette var ei åtvaring til New Dehli, som ikkje set pris på det faktum at president Ashraf Ghani sine pashtunarar vert erstatta av dei til emir Akhundzada, sjølv om dei støttar andre etniske grupper.

Panikkscenen vi såg på Kabul-flyplassar minna oss om dei i Saigon då USA tapte krigen i Vietnam. Og det er verkeleg same sak. Dei fleste afghanarane som klamrar seg til flya er ikkje omsettarar frå vestlege ambassadar, men agentar for «Operasjon Omega» som president Obama starta [10]. Dei er medlemmar av Khost Protection Force (KPF) og Det nasjonale direktoratet for sikkerheit (NDS), antiopprørs-hjelpetroppar lik vietnamesarane i «Operasjon Føniks». Dei var ansvarlege for tortur og drap på afghanarar som motsette seg den utlandske okkupasjonen. Dei gjorde så mange brotsverk at Taliban blir som Sølvgutane til samanlikning [11].

Snart vil vi få sjå eit heilt anna landskap i Afghanistan.

5. USA TAPTE IKKJE AFGHANISTAN TIL KINA, MEN TVINGA KINESISKE SELSKAP TIL Å GODTA VERNET DEIRA

USA har ikkje tapt noko i Afghanistan, for dei ønsker ikkje å etablere fred der. Dei bryr seg ikkje om den millionen dødsfall dei har forårsaka der i løpet av 20 år. Dei vil berre at regionen skal vere ustabil, at inga regjering kan kontrollere utbyttinga av naturressusrsane der. Dei vil at selskap, frå industriland, skal kunne utbytte dei berre dersom dei aksepterer at USA beskytter dei.

Dette er det Hollywood-populariserte oppsettet for den globaliserte verda, beskytta av ein yttermur, med utlandske spesialstyrkar som overvakar utbyttingslokalitetane i villmarka.

Admiral Cebrowski sin assistent populariserte tankane sine om korleis ein skulle tilpasse USAs militære til finanskapitalismen

Denne strategien vart utvikla av Donald Rumsfeld, forsvarsministeren til George W. Bush, og admiral Arthur Cebrowski, som allereie hadde digitalisert USAs militærvesen. Den 11. september, 2001, vart det tankegangen til generalstaben i USA. Den vart popularisert av assistenten til Cebrowski, Thomas Barnett, i boka hans The Pentagon’s New Map [12].

Det var dette paradigmeskiftet president Bush kalla ’krig utan ende’. Med det meinte han at USA for all tid ville kjempe mot terrorisme, eller heller å for all tid utstyre terroristgrupper med instrument til å hindre politisk organisering i desse områda.

Jau, kinesiske selskap driv allereie gruvedrift i Afghanistan, men frå no av vil dei måtte betale ei avgift til USA om dei vil unngå å bli utsette for terroristangrep. Visst er det utpressing, men kva så?

6- VESTEN FORSVARER IKKJE OPPLYSNING AV MØRKEMENN, DEI INSTRUMENTERER DEI

USAs førstedame, Laura Bush, fekk oss alle til å gråte med historia om småjenter som vart massakrerte av Taliban fordi dei hadde våga å ha på neglelakk. Men sanninga er heilt annleis.

Då president Carter, Zbigniew Brzeziński og Alexandre de Marenches støtta dei afghanske islamistane i 1978, kjempa dei mot kommunistane som opna skular for jenter. For i deira auge var kampen mot SSSRs allierte viktigare enn menneskerettar. Sameleis no: president Biden og hans utanriksminister Antony Blinken støttar Taliban fordi at for dei er kontroll med tilgangen til naturrikdommane i det større Midtausten viktigare enn menneskerettar. Og dei gjer det same i Irak, Libya og Syria.

Den pakistanske generalen Muhammad Zia-ul-Haq, Saudi-milliardæren Osama bin Laden, den egyptiske legen Ayman al-Zawahiri, den tyrkiske militsmannen Recep Tayyip Erdoğan og den tunisiske religionslæraren Rached Ghannouchi er alle medlemmar av Den muslimske brorskapen.

USA har ikkje berre støtta islamistar i krigsråka land. Dei sette til dømes general Muhammad Zia-ul-Haq, ein medlem av Den muslimske brorskapen, til makta i Pakistan, så han kunne bruke landet som base for anti-sovjetiske krigarar. Han kasta demokratiet over bord, hengde president Zulfikar Ali Bhutto and gjenetablerte sharia-lova. Dottera til president Bhutto, Benazir Bhutto, som var Pakistans statsminister på 1990-talet, vart også likvidert av Taliban.

Det er ingen grunn til å kome tilbake til brotsverka til Vestens antiopprørsstyrkar; panikken til kollaboratørane deira på flyplassane i Kabul seier det meste.

Om islamisme og sekularisme har blitt brukt til å manipulere afghanarane og til å røyke ut Vesten, så er ikkje Afghanistans politiske liv basert på desse konsepta, men først og fremst på etniske skillelinjer. Det finst omlag femten etniske grupper. Den største av dei, pashtunarane, er sterkt representerte også i Pakistan. Det er framleis eit stammeland og ikkje enno ein nasjon. Andre etniske grupper blir støtta av andre land i regionen fordi dei også lever der.

7- FRANKRIKE HAR IKKJE ALLTID STØTTA USA SINE BROTSVERK I AFGHANISTAN, BERRE SIDAN PRESIDENT SARKOZY

President Emmanuel Macron har sagt: "President Jacques Chirac bestemte så tidleg som i oktober 2001 at Frankrike skulle delta i internasjonale aksjonar, i solidaritet med våre amerikanske vener og allierte som nett hadde lide under eit forferdeleg angrep på si eiga jord. Med eit klart mål: å bekjempe ein terroristisk trussel som var direkte retta mot vårt territorium og det til våre allierte frå Afghanistan, som hadde blitt ei trygg hamn for islamistisk terrorisme».. [13]

Det er ein underhaldande måte å utslette ein typisk fransk konflikt på. I oktober 2001 gjekk president Chirac kraftig imot at den franske armeen skulle delta i den anglo-saksiske okkupasjonen av Afghanistan. Han autoriserte kun utplassering av styrkar i samsvar med FNs Sikkerheitsråd sin resolusjon 1386. Dei franske soldatane tok ordrar frå NATO, men som del av International Security and Assistance Force (ISAF). Dei var berre involverte i assistanse til gjenoppbygging. Dei tok ikkje fangar, men arresterte etter kvart krigarar som dei straks overlet til dei afghanske styresmaktene. Det var president Nicolas Sarkozy som endra denne statusen og gjorde Frankrike medskuldig i brotsverka til USA. Det er på grunn av denne endringa at Frankrike no smuglar ut av landet medlemmar av Khost Protection Force (KPF) og National Directorate of Security (NDS). Og dei vil nok få betale for det.

Oversettelse
Monica Sortland

[1Remarks by Joe Biden on Afghanistan”, by Joseph R. Biden Jr., Voltaire Network, 16 August 2021.

[2« Les gentlemen du Cercle Pinay », Réseau Voltaire, 11 mars 2004.

[3Dans le secret des princes, Christine Ockrent & Alexandre de Marenches, Stock (1986).

[4Brzezinski: "Yes, the CIA entered Afghanistan before the Russians ..." ”, by Zbigniew Brzeziński, Translation Bill Blum, Nouvel Observateur (France) , Voltaire Network, 15 January 1998.

[5The World Anti-Communist League: the Internationale of Crime”, by Thierry Meyssan, Translation Anoosha Boralessa, Voltaire Network, 12 May 2004.

[6Author’s conversation, in 2003, with a KGB officer who took part in this operation.

[7La CIA a rencontré Ben Laden à Dubaï en juillet », par Alexandra Richard, Le Figaro, 31 octobre 2001.

[8« Hospital Worker : I Saw Osama », CBS Evening News, 28 janvier 2002.

[9Classified Woman : The Sibel Edmonds Story : A Memoir, Sibel Edmonds (2012).

[10Obama’s Wars, Bob Woodward, Simon & Schuster (2010.

[11« Armed Governance: the Case of the CIA-Supported Afghan Militias », Antonio De Lauri & Astri Suhrke, in Afghanistan: Militias Governance and their Disputed Leadership. Taliban, ISIS, US Proxy Militais, Extrajudicial Killings, War Crimes and Enforced Disappearances, Musa Khan Jalalzai, Vij Books India Pvt Ltd (2020).

[12De Rumsfeld/Cebrowski doctrine”, door Thierry Meyssan, openbaararchief.nl , Voltaire Netwerk, 25 mei 2021.

[13« Allocution d’Emmanuel Macron sur l’Afghanistan », par Emmanuel Macron, Réseau Voltaire, 16 août 2021.