Hungersnaud spreidde seg i Vesten etter krisa i 1929. Alle institusjonar var trua. Dei overlevde utelukkande på grunn av Andre verdkrig.

Allereie på 1700-talet stilte den gryande kapitalismens britiske økonomar, rundt David Ricardo, spørsmål ved berekrafta til dette systemet. Det som til å byrje med var svært profitabelt, skulle etterkvart bli heilt vanleg og slutte å gjere eigaren rik. Forbruk kunne ikkje evig rettferdiggjere masseproduksjon. Seinare føresa sosialistane, rundt Karl Marx [1], det kapitalistiske systemet sin uunngåelege ende.

Dette systemet skulle ha døydd i 1929, så det overraska alle at det overlevde. Vi nærmar oss no ein liknande situasjon: produksjon løner seg ikkje lenger, det er berre finansøkonomien som tener pengar. Over heile Vesten ser vi at levestandarden til folkemassane synk, samstundes som rikdommen til nokre få individ skyt kraftig i veret. Igjen truar systemet med å kollapse og aldri meir reise seg. Kan super-kapitalistane framleis redde formuane sine, eller vil det kome ei tilfeldig omfordeling av rikdommen etter ein omfattande konfrontasjon?

Det var først etter å ha forvist Leon Trotsky og draumen hans om verdsrevolusjon, at Josef Stalin kunne bygge SSSR utan å måtte møte armeane til Dei kvite.

KRISA I 1929 OG KAPITALISMEN SI OVERLEVING

Då krisa råka USA i 1929, var heile den vestlege eliten overtydde om at gåsa som hadde lagt gullegget var daud; at dei straks laut finne eit nytt system, om ikkje menneskeslekta skulle gå under av svolt. Det er særleg lærerikt å lese US-amerikanske og europeiske aviser frå den tida, for å skjøne den angsten som greip Vesten. Gigantiske formuar forsvann på ein dag. Millionar av arbeidarar var arbeidslause, og opplevde ikkje berre elende, men også ofte svolt. Folket gjorde opprør. Politiet skaut med skarpt mot dei sinte folkemassane. Ingen trudde at kapitalismen kunne endre seg og gjenoppstå. To nye modellar vart lanserte: stalinisme og fascisme.

I motsetning til det bildet vi sit att med eit hundreår seinare, var på den tida alle klare over manglane ved desse ideologiane, men det største – livsviktige – spørsmålet, var kven som best var i stand til å brødfø folket. Det fanst ikkje lenger noko høgre eller venstre, berre ei generell redde-seg-den-som-kan-stemning. Benito Mussolini, som hadde vore redaktør for Italias fremste sosialistiske avis før Første verdskrig, og deretter agent for det britiske MI5 under krigen, vart leiar for fascismen, den gong sett på som den ideologien som kunne skaffe arbeidarane brød på bordet. Josef Stalin, som hadde vore bolsjevik under den russiske revolusjonen, gjorde seg av med nesten alle delegatane for partiet sitt, og fekk sett inn nye som skulle bygge opp SSSR, som den gong vart sett på som kroppsleggjeringa av modernitet.

Ingen av desse leiarane greidde å realisere modellane sine: til sist må økonomane alltid vike for dei militære. Våpen har alltid siste ord. Så kom då Andre verdkrig, sigeren til SSSR og anglo-saksarane på den eine sida og nederlaget til fascismen på den andre. Det skulle vise seg at berre USA ikkje vart øydelagt av krigen, og president Franklin Roosevelt gav kapitalismen, gjennom organisering av banksektoren, ein ny sjanse. USA gjenoppbygde Europa utan å knuse arbeidarklassen, av frykt for at dei skulle vende seg til SSSR.

Klaus Kleinfeld er direktør for prosjektet Neom. Han sit i styret til Bilderberg-gruppa (Nato) og Davos-forumet (NED/CIA).

KRISA ETTER AT SSSR FORSVANN

Men då SSSR forsvann på slutten av 1991, fann kapitalismen, som hadde mista rivalen sin, tilbake til sine gamle demonar. På berre få år byrja dei same årsakene å gi dei same verknadane, produksjonen gjekk ned i USA og jobbane vart flytta til Kina. Middelklassen starta på sin langsame nedgang. Kapitaleigarar i USA kjende seg trua. Dei prøvde fleire ulike tilnærmingar for å redde landet sitt og oppretthalde systemet.

 Den første var å gjere USA sin økonomi om til ein våpeneksportør og bruke USA sine væpna styrkar til å kontrollere råstoff og energikjelder i den ikkje-globaliserte delen av planeten, for bruk i resten av verda. Det var dette prosjektet, tilpassinga til finanskapitalismen, Rumsfeld/Cebrowski-doktrinen [2], som fekk USAs djupstat til å organisere 9/11-angrepa og den endelause krigen i det større Midtausten. Denne episoden gav kapitalismen eit pusterom på tjue år, men konsekvensane for middelklassen i USA var katastrofale.

 Den andre tilnærminga var Donald Trump sitt forsøk på å bremse den internasjonale handelen og returnere produksjonen til USA. Men han hadde erklært krig mot 9/11-mennene, og ingen ville la han prøve å redde USA.

 Ei tredje tilnærming vart vurdert. Den skulle handle om å la folket i Vesten gå under, og flytte dei få multimilliardærane til ein robotstat der dei utan frykt kunne sitte og dirigere sine investeringar. Dette er Neom-prosjektet som prins Mohamad bin Salman starta å bygge i den saudiske ørkenen med NATO si velsigning. Etter ein periode med intens aktivitet, har no arbeidet stagnert.

 Donald Rumsfeld sitt tidlegare team (inkludert dr. Richard Hatchett [3] og dr. Antony Fauci [4]) bestemde seg for å lansere eit fjerde alternativ under CoViD-pandemien. Ideen var å føre vidare og generalisere i i-landa det som vart starta i 2001. Den massive innesperringa av sunne, friske folk har påført statar gjeld. Bruken av telearbeid har førebudd flytting av titals millionar arbeidsplassar. Helsepass har legalisert eit samfunn med masseovervaking.

Klaus Schwab organiserer Davos-Forumet slik Louis XIV organiserte hoffet sitt i Versailles: han har overoppsyn med alle multimilliardærane på vegner av NED/CIA.

KLAUS SCHWAB OG THE GREAT RESET

I denne samanhengen publiserte presidenten for Verdsøkonomisk forum i Davos, Klaus Schwab, Covid-19: The Great Reset (den store nullstillinga). Det er ikkje eit program, men ein analyse av situasjonen og ein spådom om moglege utviklingsforløp. Denne boka vart skriven for medlemmane av Forumet, og gir ein ide om deira miserable intellektuelle nivå. Forfattaren brukar klisjear, siterer tilfeldig frå store forfattarar og dei absurde tala til Neil Ferguson (Imperial College) [5].

På 1970- og 1980-talet var Klaus Schwab ein av direktørane i Escher-Wyss (absorbert av Sulzer AG), som spelte ei viktig rolle i atomforskingsprogrammet til apartheid-Sør-Afrika, eit bidrag som var eit brot på FNs Tryggingsråds resolusjon 418. Så han eig ikkje moral og fryktar ingenting. Seinare danna han ein sirkel av forretningsleiarar som vart Verdsøkonomisk forum. Dette namneskiftet vart gjort med hjelp frå Center for International Private Enterprise (CIPE); forretningsgreina til National Endowment for Democracy (NED/CIA). Det var av denne grunn at han i 2016 vart registrert som internasjonal embetsmann i Bilderberg-gruppa (Nato sitt påverknadsorgan), noko han offisielt aldri var.

I boka si førebur Klaus Schwab publikummet sitt på eit Orwellsk samfunn. Han førestiller seg alt mogleg, til og med at 40% av verdas befolkning skal døy av CoViD-19. Han kjem ikkje med konkrete forslag og ser ikkje ut til å føretrekke noko alternativ. Vi skjøner berre at han og publikummet hans ikkje vil bestemme noko, men er villige til å akseptere kva løysing som helst som gjer at dei kan behalde privilegia sine.

KONKLUSJON

Vi står heilt klart på terskelen til ei enorm omveltning som vil feie bort alle vestlege institusjonar. Denne katastrofen kan unngåast på ein enkel måte, ved å endre på fordelinga av profitt mellom arbeid og kapital. Men denne løysinga er usannsynleg, fordi den ville bety slutten for superformuane.

Med desse fakta i bakhovudet, er rivaliseringa mellom vest og aust berre overflatisk. Ikkje berre fordi asiatar ikkje tenker konkurranse, men hovudsakleg fordi dei ser at Vesten døyr.

Det er derfor Russland og Kina sakte bygger si verd, utan von om å integrere Vesten, som dei ser på som eit såra rovdyr. Dei ønsker ikkje å konfrontere det, men roe det ned, gi det palliativ omsorg og følge det utan å tvinge det til å ta livet av seg.

Oversettelse
Monica Sortland

[1Zur Kritik der politischen Ökonomie, Karl Marx, Franz Duncker Verlag (1859).

[2Rumsfeld/Cebrowski-doktrinen”, av Thierry Meyssan, Oversettelse Monica Sortland, Voltaire Network, 30 mai 2021.

[3Covid-19 and The Red Dawn Emails”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 28 April 2020.

[4Covid-19: Løkken strammer seg rundt doktor Anthony Fauci”, Oversettelse Ingunn Kvil Gamst, Voltaire Network, 12 octobre 2021.

[5Covid-19: Neil Ferguson, liberalistenes Lyssenko”, av Thierry Meyssan, Oversettelse Bjørn Thorsønn, Voltaire Network, 28 avril 2020.