USAs ambassadør Jeffrey Feltman overvakar utvidinga av Cebrowski-doktrinen til Afrikas Horn. Etter å ha sett Sudan i brann, rettar han no blikket mot Etiopia og sanksjonar mot Eritrea. Tigrayane (eit etiopisk folkeslag) tener uvitande Washingtons strategi mot begge desse statane og Den afrikanske unionen.
Etiopias nasjonale valkommisjon utsette parlamentsvalet i 2020 på grunn av Covid-epidemien. TPLF (det viktigaste tigrayiske politiske partiet) bestemde seg for å likevel halde val i Tigray-regionen, i motsetning til resten av landet. Dei føderale styresmaktene anerkjende naturrlegvis ikkje dette valet. Styrkeprøva førte til borgarkrig.
Etiopia har 110 millionar innbyggarar. Av desse er berre 7 millionar tigrayar.
På eitt år har TPLF-funksjonærar og andre frå dei føderale styresmaktene gjort seg skuldige i krigsbrotsverk. Om det er gjort på eige initiativ eller etter instruks frå overordna (i så fall kvalifiserer det som ’brotsverk mot menneskeslekta’) er uvisst. Uansett veks dei svoltråka områda, og det skjer stadig fleire massakrar.
Som alltid anklagar partane kvarandre, utan tanke på at andre protagonistar kan ha hatt ein finger med i spelet. Men om vi spør oss: «Kven er det som tener på brotsverket?», så bør svaret bli: «Dei som håpar dei kan splitte opp landet endå litt til.»
Øydelegginga av statsstrukturar på Afrikas Horn er Pentagons neste mål, etter å ha øydelagt statsstrukturane i det utvida Midtausten. Øydelegginga av Sudan (i 2011 delt opp i Sudan og Sør-Sudan) og Etiopia (i 1993 delt opp i Etiopia og Eritrea) har allereie skjedd. Begge landa er no midt oppe i nye borgarkrigar som sannsynlegvis vil føre til nye oppdelingar.
Den amerikanske diplomaten Jeffrey D. Feltman organiserte og leia krigen i Syria i ti år – dvs. finansieringa og væpninga av jihadistar – [1] før han blei president Joe Biden sin spesialutsending på Afrikas Horn. I talen han heldt for Pentagon-tankesmia U.S. Institute of Peace (svarar til National Endowment for Democracy, NED [2] , for utanriksdepartementet), repeterte han den same retorikken dei suksessivt utvikla under kampane mot Afghanistan, Irak, Libya, Syria, Jemen og Libanon.
USA kallar allereie tilbake sine landsmenn og har berre sin viktigaste ambassadestab igjen i landet. Vestlege pressebyrå rapporterer at Addis Abeba snart vil bli slått, og med det gjere slutt på Etiopia og Den afrikanske unionen, som har hovudkvarteret sitt der. Det einaste landet som har overlevd den Pentagon-implementerte Rumsfeld/Cebrowski-doktrinen [3] , er Syria. Om dei har lykkast, er det fordi heile folket der er klar over at berre ein stat kan verne dei mot fiendar som er vanskelege å identifisere. Levanten er den regionen i verda som i oldtida fann opp omgrepet ’stat’. Vi snakkar ikkje her om makt, men om staten, dvs. om det som let eit folk ’stå opp’ (stare på latin, som var opphavet til staten i europeiske språk). Etter at dei under dei første månadane trudde at ein revolusjon var på gang, skjønte syrarane snart at dei var under angrep frå utlandet og at berre staten kunne redde dei. Så same kva klagemål dei måtte ha hatt mot makta, så tente og forsvarde dei likevel staten. Alle dei andre landa i det utvida Midtausten som allereie har kollapsa, vart først oppdelte i stammar eller trusretningar.
Etiopia er eit føderalt land med regionar som er dominerte av spesialle etniske grupper. Den noverande konflikten blir opplevd som tigrayar versus omoroar og amharaar. Men opposisjonen mot den føderale regjeringa blant omoroane, har danna ein allianse med tigrayane. Sistnemnde er overtydde om at dei har ryggstøtte frå Washington. Dei viser stolt fram den korte talen til Jeffey Feltman ved gravferda til statsminister Meles Zenawi, som var medlem av stammen deira. Dei gjer eit nummer av at Feltman fleire gongar har skulda den føderale regjeringa for alle slags brotsverk, berre i forbifarten nemnt tigrayane sine og aldri nemnt deira allierte. Dette viser manglande skjøn for korleis USA sitt diplomati har fungert etter 9/11. Washington bryr seg ikkje om verken den eine eller andre sida. Dei vil ikkje at nokon av desse partane skal vinne. Dei vil pushe begge sider til å drepe kvarandre, heilt til ingen av dei kan heve stemma.
Konflikten har skaffa tilbake stammefordommar som tidlegare nesten var utrydda.
Den føderale statsministeren, Abiy Ahmed, har gjort sitt beste for at landet skal forsone seg med sin tidlegare provins, Eritrea, som no er sjølvstendig. Kvaliteten på gjerningane hans vart anerkjent av Nobels fredskomite, som i 2019 gav han Nobels fredspris. Prisen skulle også vise til det at ein pinsekristen hadde greidd å skape fred med muslimar. Faktum er at det verkar vanskeleg å skulde Abiy Ahmed for ’brotsverk mot menneskeslekta’, slik det vart gjort mot president Bashar al-Assad. Men behandlinga av fredsprisvinnaren i 1991, Aung San Suu Kyi, viser at inga bakvasking er umogleg. FN sin høgkomissær for menneskerettar, Michelle Bachelet, unnlet ikkje å seie, i sin rapport om brotsverka i Etiopia, at regjeringa til Abiy Ahmed var uskuldig ... men at dei observerte brotsverka seinare kunne bli omklassifiserte som ’brotsverk mot menneskeslekta’. Kort sagt er han ein ærleg mann, men det kan endrast med tilbakeverkande kraft dersom han seinare vil måtte skiftast ut.
Derfor vil ikkje Abiy Ahmed berre måtte takle eit problem han trudde han hadde løyst. Han vil også måtte takle den store Renessanse-demningen som blir fylt opp, og som kan kome til å føre til at Nilen blir saltare, til skade for Sudan og Egypt. Og han må løyse territoriedisputten over al-Fashaga-triangelet med Sudan. Han må dessutan vere på vakt mot dei islamske domstolane i Somalia og oppretthalde fredsavtalen han har signert med Eritrea.
Strengt tatt angreip tigray-rebellane ikkje berre Etiopia, men dei bomba også grensa til Eritrea (ein tidlegare provins med 6 millionar innbyggarar) for å blåse nytt liv i borgarkrigen som reiv det tidlegare abyssinske imperiet i stykker i førti år. I staden for å gå i fella, forfølgde Eritrea – som har ein president, Isaias Afwerki, som sjølv er etnisk tigrayar, men nær Kina – inn i etiopisk territorium, utan å angripe den etiopiske hæren. Ambassadør Jeffrey Feltman, framleis med si undergraving av freden i regionen [4], sette så inn sanksjonar mot Eritrea [5]. Uventa kom Addis Abeba til Asmaras redning, då dei bad USA om å ikkje angripe ein stat som «ikkje utgjer nokon trussel mot varig fred» [6].
Fleire afrikanske leiarar har tolka ambassadør Jeffrey Feltman sine handlingar som eit trekk frå Washington for å oppløyse Sudan og Etiopia, og seinare legge seg etter Eritrea, men også å råke Den afrikanske unionen.
TPLF har ei svær mengd våpen. Dei ser ut til å vere bestilte frå Sveits av generaldirektøren for Verdshelseorganisasjonen (WHO), Tedros Adhanom Ghebreyesus [7]. Med hr. Tedros sine nære band til Kina, kunne ein tru at dei kom frå Kina. Det er usannsynleg. Heller er dei våpen som Pentagon sine underkontraktørar har skaffa til vege.
Washington, som allereie har lagt sanksjonar på Etiopia, førebur å trekke Addis Abeba ut av programmet African Growth and Opportunity Act (AGOA). Det siste tiåret har etiopisk olje blitt kjøpt opp av transnasjonale US-amerikanske selskap i byte mot amerikanskproduserte varer. Det er ikkje heldig, men dersom Etiopia ikkje lenger kan ha fordelar av AGOA, så vil dei ikkje lenger kunne eksportere eller importere med Vesten. Med mindre Russland eller Kina blandar seg inn, vil svolten og krigen spreie om seg.
[1] “Germany and the UNO against Syria”, by Thierry Meyssan, Translation Pete Kimberley, Al-Watan (Syria) , Voltaire Network, 28 January 2016.
[2] “NED, CIA sitt legale vindauge”, av Thierry Meyssan, Oversettelse Monica Sortland, Оdnako (Russie) , Voltaire Network, 2 septembre 2016.
[3] “Rumsfeld/Cebrowski-doktrinen”, av Thierry Meyssan, Oversettelse Monica Sortland, Voltaire Network, 30 mai 2021.
[4] “The fake "military coup" in Sudan”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 2 November 2021.
[5] “The US Treasury sanctions Eritrea”, Voltaire Network, 12 November 2021.
[6] “Ethiopian Statement on the US Government Sanctions Imposed on the Eritrean Government”, Voltaire Network, 13 November 2021.
[7] “WHO chief accused of arms trafficking”, Voltaire Network, 20 November 2020.