For Professor Leo Strauss var det betre å vere Hitler enn å falle i hendene på han.

Frå 1949 av underviste den tysk-jødiske filosofen Leo Strauss ved Universitetet i Chicago. Han danna snart ei lita gruppe med jødiske disiplar som han hadde vald ut blant studentane sine. Muntleg gav han dei ei lære som var svært forskjellig frå det han skreiv. Ifølge han hadde demokratia vist seg udugelege til å forsvare jødane frå Nazistane si endeløysing. For å hindre at noko slikt skulle skje igjen, fortalde han disiplane sine at dei måtte stille seg på den sterkaste si side. Han rådde dei til å bygge opp sitt eige diktatur.

Leo Strauss organiserte sine følgarar og kalla dei for sine «hoplittar» (Sparta-soldatar). Han trente dei opp til å lage uro i timane til nokre av kollegaane.

Fleire av medlemmane av denne sekta har site i svært høge stillingar i USA og Israel. Arbeidsmåten og ideologien til grupperinga vart gjenstand for kontrovers etter angrepa den 11. september, 2001. Det har utvikla seg ei rik mengd litteratur både for og imot filosofen. Men realitetane er udiskutable  [1].

Anti-semittiske skribentar har feilaktig sosa ihop Straussianarar, jødiske samfunn i Diasporaen og staten Israel. Men ideologien til Leo Strauss vart aldri diskutert i den jødiske verda før 9/11. Frå eit sosiologisk synspunkt er det eit sekterisk fenomen, ikkje representativt for jødisk kultur i det heile. Men i 2003 gjorde Benjamin Netanyahu sine «revisjonistiske Zionistar» ei pakt med dei US-amerikanske Straussianarane, der også andre israelske leiarar var stades  [2]. Denne alliansen vart aldri gjort kjend.

Eit av kjenneteikna ved denne gruppa er at dei er klare for kva det skulle vere. Til dømes ville dei føre Irak tilbake til Steinalderen. Og det var nett det dei gjorde. For dei er alle offer moglege, inkludert for seg sjølve, så lenge dei framleis får vere først; ikkje best, men først  [3]!

Paul Wolfowitz

I 1992 skreiv ein rådgivar for Forsvarsdepartementet, Straussianaren Paul Wolfowitz, Defense Planning Guidance [retningslinjer for forsvarsplanlegging]. Det var det første offisielle US-amerikanske dokumentet som reflekterte tenkninga til Leo Strauss  [4]. Wolfowitz vart introdusert for Strauss sine tankar av den amerikanske filosofen Allan Bloom (ein ven av franskmannen Raymond Aron), men sjølv kjende han meistaren berre overflatisk, på slutten av dennes undervisning i Chicago. USAs FN-ambassadør Jeane Kirkpatrick anerkjnde han likevel som «ein av dei store Straussianske figurane»  [5].

Under oppløysinga av Sovjetunionen utvikla Wolfowitz ein strategi for å halde på USAs overherredøme over resten av verda.

 Defense Planning Guidance skulle ha fortsett å vere hemmeleg, om det ikkje var for at avisa New York Times avslørte hovudlinjene i guiden og publiserte utdrag. - [6]. Tre dagar seinare avslørte avisa Washington Post fleire detaljar  [7]. Den originale teksten vart aldri offentleggjort, men ein versjon redigert av Forsvarsministeren (og framtidige visepresidenten) Dick Cheney vart sett i sirkulasjon.

Det er kjent at det originale dokumentet var basert på ei rekke møte der to andre folk, alle tre Straussianarar, deltok: Andrew Marshall, Pentagons «tenkar» (som vart bytta ut med Arthur Cebrowski tre år etter sin død), Albert Wohlstetter, tenkaren innan strategien kjernefysisk avskrekking, og svigersonen hans Richard Perle, den komande direktøren for Defense Policy Board. The Defense Planning Guidance vart skriven av ein av Wohlstetter sine studentar, Zalmay Khalilzad (seinare FN-ambassadør).

Dokumentet talar om ein ny «verdsorden [...] til slutt støtta av USA», der (den einaste) supermakta berre skulle ha temporære alliansar, avhengig av kva for konflikt som skulle oppstå. FN, og sjølv NATO, skulle settast stadig meir på sidelinja. I vidare forstand teoretiserer Wolfowitz-doktrinen kring USA sitt behov for å blokkere at det skulle oppstå ein potensiell rival til USA sitt overherredøme, særleg «avanserte industrinasjonar» som Tyskland og Japan. Spesielt er EU i siktet: «Sjølv om USA støttar det europeiske integreringsprosjektet, må vi omhyggeleg hindre at det skulle oppstå eit reint europeisk sikkerheitssystem som ville underminere NATO, og særleg NATO sin integrerte militære kommandostruktur.» Europearane vil såleis bli bedne om å inkludere i Maastrict-traktaten ein klausul som gjer deira forsvarspolitikk underordna NATO sin, medan Pentagon-rapporten rekommanderer integreringa av dei nye sentral- og aust-europeiske statane inn i EU, og tilbyr dei ein militæravtale med USA som vil verne dei mot eit potensielt angrep frå Russland  [8].

Gjennom tretti år har dette dokumentet blitt tolmodig implementert.
 Maastricht-traktaten inkluderer eit punkt 4 i Avsnitt V, Artikkel J.4 som seier [i den danske utgåva av teksten]: «Unionens politik i denne artikels betydning berører ikke den særlige karakter af visse Medlemsstaters sikkerheds- og forsvarspolitik og skal overholde de forpligtelser, som visse Medlemsstater har i henhold til den nordatlantiske traktat, og skal være forenelig med den fælles sikkerheds- og forsvarspolitik, der er fastlagt inden for dennes rammer.» Desse vedtektene har vore inkluderte i ulike tekstar opp til Artikkel 42 av EU-traktaten. These provisions have been included in the various texts up to Article 42 of the Treaty on European Union.
 Statane som før tilhøyrde Warszawa-pakta har nesten alle gått inn i EU. Denne avgjerda var ei av Washington pålagt avgjerd, og vart kunngjort av utanriksminister James Baker rett før møtet i Europarådet som godkjende det.

I 2000 var Paul Wolfowitz, saman med Zbignew Brzezinki, hovudtalar på eit større ukrainsk/amerikansk symposium i Washington, organisert av ukrainske «integrerte nasjonalistar» som hadde flykta til USA. Der svor han å støtte eit uavhengig Ukraina, å provosere Russland til å gå til krig mot landet, og til sist å finansiere øydelegginga av den gjenoppstandne rivalen til USA  [9].

Desse forpliktingane vart implementerte med godkjenninga av den nye lova Ukraine Democracy Defense Lend-Lease Act of 2022 den 28. april, 2022  [10]. Ukraina er no fritatt for alle våpenkontrollprosedyrar, inkludert sluttbrukarsertifikat. Svært dyre våpen blir leigde ut av USA til EU for å forsvare Ukraina. Når krigen er over, vil europearane måtte betale for det dei har brukt. Og rekninga vil bli tung.

Victoria Nuland og Anthony Blinken på kontoret til John Kerry

Sjølv om dei europeiske elitane så langt har hatt fordelar av alliansen sin med USA, bør dei ikkje bli forundra over, med påsyn av Defense Planning Guidance, at USA no prøver å øydelegge dei. Dei har allereie sett kva Washington er i stand til etter 9/11-angrepa: Paul Wolfowitz forbaud landa som hadde uttrykt reservasjonar om krigen, t.d. Tyskland og Frankrike, å inngå kontraktar for gjenoppbygginga av Irak  [11].

No truar prisauken og den aukande mangelen på energi ikkje berre oppvarming og transport, men framfor alt overlevnaden til industrien deira. Om dette held fram, er det økonomien til heile EU som brått vil kollapse, og sette folka der tilbake minst eit hundreår.

Dette fenomenet er vanskeleg å analysere, fordi prisane og tilgangen på energikjelder avheng av mange faktorar.

Først: prisane er avhengige av tilbod og etterspørsel. Som resultat har dei stige med den generelt gjenoppkveika økonomien sidan Covid-19-epidemien tok slutt.

For det andre: energikjeldene er hovudmål for spekulantar. Endå meir enn valuta er det. Verdsprisen på olje kan gangast med 2,5 berre på grunn av effekten av spekulasjon aleine.

Så langt er alt vanleg og kjent. Men dei Vestlege sanksjonane mot Russland etter tolkinga av Minsk II-avtalen som Russland ifølge Sikkerheitsrådet stod som garant for, har knekt verdsmarknaden. Frå no av finst det ikkje lenger ein global pris, men ulike prisar utifrå kva land som sel eller kjøper. Det finst framleis børsprisar på Wall Street og the City, men dei har ingenting å gjere med prisane i Beijing og New Delhi.

Framfor alt byrjar oljen og gassen, som før fanst i overflod i EU, no å ta slutt der, sjølv om dei framleis finst i rikeleg monn elles i verda.

Alle våre referansepunkt har blitt snudd på hovudet. Dei statistiske verktøya våre, designa for den globale marknaden, er slett ikkje tilpassa dagens situasjon. Vi kan derfor berre legge fram hypotesar, utan å kunne verifisere dei. Denne situasjonen let mange prate tull med ei mine av autoritet; faktum er at vi alle surrar rundt i tåka.

Ein av dei aktuelle faktorane er tilbakegangen for dollaren, som vart brukt til handel og spekulasjonar, og som ikkje lenger kan brukast til desse transaksjonane i visse land. Denne hovudsakleg virtuelle valutaen er på veg ut av Russland og deira allierte, tilbake til landa der den framleis blir brukt. Dette er eit gigantisk fenomen som USAs sentralbank (Federal Reserve) og USAs militær alltid har ønska å unngå, men som Straussianarane i Biden-administrasjonen (utanriksminister Antony Blinken og hans viseminister Victoria Nuland) med vilje har framprovosert.

Feilaktig overtydde om at Russland har invadert Ukraina og prøver å annektere landet, har europearane forbode seg sjølve å drive handel med Moskva. I praksis konsumerer dei framleis russisk gass, men dei er overtydde om at Gazprom kjem til å kutte gassforsyninga. Pressa deira annonserte t.d. at det russiske selskapet ville stenge røyrleidninga Nord Stream sjølv om dei hadde kunngjort eit tredagars avbrot på grunn av teknisk vedlikehald. Vanlegvis blir leveransar via gassrøyrleidningar avbrotne for vedlikehald i to dagar annankvar månad. Her vart Gazprom hindra i tilsynet sitt av den Vestlege blokkaden, som hindra at turbinane som var sende til Canada for reparasjon fekk returnere. Men dét betyr ingenting! Folket forstod at dei vonde russarane hadde stengt av gassen deira med vinteren på veg.

Den europeiske propagandaen set seg føre å førebu folkopinionen på ei endeleg nedstenging av gassrøyrleidninga og legge ansvaret på Russland.

I dette tilfellet implementerer EU-leiarane berre Straussianarane sine retningslinjer. På denne måten saboterer dei den europeiske industrien, til skade for medborgarane sine. Einskilde energi-intensive fabrikkar har allereie redusert produksjonen sin eller til og med stengt.

[https://www.voltairenet.org/IMG/webm/217971-4.webm]
Ladislav Vrábel organiserte den første pro-russiske demonstrasjonen i EU. Denne 44-årige entreprenøren hadde alt skapt seg eit namn, då han stilte spørsmål ved dei restriktive tiltaka til Brussel mot Covid-19-epidemien.

Forfallet til EU vil halde fram så lenge inger vågar opponere mot det. Til alles overrasking, vart ein første pro-russisk demonstrasjon halden den 3. september i Praha. Politiet sa der var 70 000 folk (i eit land med 10 millionar), men der var sannsynlegvis mange fleire. Politiske kommentatorar foraktar dei of ser på dei som «Putins nyttige idiotar». Men desse fornærmingane skjuler dårleg ubehaget som dei europeiske elitane føler på.

Energiekspertar meiner straumstopp over heile EU er uunngåeleg. Berre Ungarn, som tidlegare har skaffa seg unntak, kan sleppe unna reglane til den indre energimarknaden. Dei som kan produsere elektrisitet vil måtte dele den med dei som ikkje kan. Om denne manglande evna er resultat av uflaks eller kortsyntheit, er revnande likegyldig.

Brussel starta med å gå inn for at elektrisitetsproduksjonen skulle reduserast, deretter vedtok dei straumbrot på natta, og endte med å pålegge kutt på dagtid. Folk vil få problem med å bruke heisar, varme opp heimane sine om vinteren, lage mat om dei brukar elektrisk omn. Dei som brukar elektriske tog, bussar eller bilar, vil få problem med å kome seg rundt. Energikrevande verksemder, som t.d. stålindustrien, vil måtte stenge. Noko infrastruktur vil rett og slett bli ubrukeleg, slik som lange tunnellar som ikkje lenger blir ventilerte. Og elektroniske installasjonar som er designa for konstant bruk vil ikkje tole gjentatte straumbrot. Dette vil mellom anna gjelde antenner som er nødvendige for mobiltelefonnettverk; dei vil måtte kastast etter tre månadar med slik handsaming.

I tredjeverdsland, der elektrisiteten er mangelvare, brukar dei batteridrivne LED-lamper til lys og avbrotsfri straumforsyning (UPS) til å forsyne maskiner med lågt straumforbruk med straum, som t.d. datamaskiner og fjernsyn. Men desse apparata er ikkje tilgjengelege i butikkane i EU no.

EU sitt brutto nasjonalprodukt har falle med nesten 1%. Vil denne resesjonen halde fram slik Straussianarane planlegg, eller vil medborgarane i unionen avbryte den, slik delar av det tsjekkiske folket prøver å gjere?

Straussianarane vil gå heile vegen. Dei har utnytta dekadensen i USA til å ta over den reelle makta. Sidan ein junkie, aldri vald, kan ta i bruk statens fly til sine personlege forretningsreiser over heile verda  [12], har dei roleg trekt seg tilbake i skuggen til president Biden og styrer i hans stad. Europeiske leiarar, på den andre sida, er enten blinde eller altfor engasjerte til å stoppe opp, erkjenne sine tretti år med mistak og vende om.

Kva du må hugse:
 Straussianarane er ei fanatisk sekt som gjer kva som helst for å oppretthalde USA sitt overherredøme over verda. Dei orkestrerte krigane som har herja verda dei siste tretti åra og den i Ukraina i dag.
 Dei overtydde EU om at Moskva ville annektere først Krim og deretter heile sentral-Europa. Med dét overtydde dei Brussel om å stoppe all handel med Russland.
 Energikrisa som har starta fører EU mot elektrisitetskutt som alvorleg vil påverke europearane sitt levesett og, framfor alt, økonomien i landa deira.

Oversettelse
Monica Sortland

[1Spesialistar på Leo Strauss si politiske tenkning tolkar den på veldig motstridande sett. Eg for min del er ikkje interessert i kva filosofen tenkte om klassiske forfattarar, men i kva dei gjer, dei som, med rette eller ikkje, hevdar å vere følgarane hans i Pentagon og no også i utanriksdepartementet. Political Ideas of Leo Strauss, Shadia B. Drury, Palgrave Macmillan (1988.); Leo Strauss and the Politics of American Empire, Anne Norton, Yale University Press (2005); The Truth About Leo Strauss: Political Philosophy and American Democracy, Catherine H. Zuckert & Michael P. Zuckert, University of Chicago Press (2008); Leo Strauss and the conservative movement in America : a critical appraisal, Paul Edward Gottfried, Cambridge University Press (2011); Crisis of the Strauss Divided: Essays on Leo Strauss and Straussianism, East and West, Harry V. Jaffa, Rowman & Littlefield (2012); Leo Strauss and Anglo-American Democracy: A Conservative Critique, Grant Havers, Cornell University Press (2013); Leo Strauss and the Invasion of Iraq: Encountering the Abyss, Aggie Hirst, Routledge (2013); Leo Strauss, The Straussians, and the Study of the American Regime, Kenneth L. Deutsch, Rowman & Littlefield (2013); Straussophobia : Defending Leo Strauss and Straussians Against Shadia Drury and Other Accusers, Peter Minowitz, Lexington Books (2016); Leo Strauss in Northeast Asia, Jun-Hyeok Kwak & Sungwoo Park, Routledge (2019).

[2« Sommet historique pour sceller l’Alliance des guerriers de Dieu », Réseau Voltaire, 17 octobre 2003.

[3For ei kort historie om Straussianarane, sjå: “Russia declares war on the Straussians”, by Thierry Meyssan, Voltaire Network, 5 March 2022.

[41976-rapporten til "B Team" som anklaga SSSR for å ville dominere verda, var ikkje ei doktrine-ytring, men eit propaganda-argument for å rettferdiggjere den.

[5Interviju med James Mann, sitert i Rise of the Vulcans: The History of Bush’s War Cabinet, James Mann, Viking (2004).

[6« US Strategy Plan Calls For Insuring No Rivals Develop » Patrick E. Tyler, New York Times, March 8, 1992. Avisa publiserer også store utdrag på side 14 : « Excerpts from Pentagon’s Plan : "Prevent the Re-Emergence of a New Rival" ».

[7« Keeping the US First, Pentagon Would preclude a Rival Superpower » Barton Gellman, The Washington Post, March 11, 1992.

[8Paul Wolfowitz, the Pentagon’s Soul”, by Paul Labarique, Voltaire Network, 4 October 2004.

[9Cf. “Ukraine : the Second World War continues”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 26 April 2022.

[11« Instructions et conclusions sur les marchés de reconstruction et d’aide en Irak », par Paul Wolfowitz, Réseau Voltaire, 10 décembre 2003.

[12« La décadence de l’Empire états-unien », par Thierry Meyssan, Réseau Voltaire, 6 septembre 2022.