Det russiske Vitskapsakademiet i Moskva.

Teorien om at ein kan observere global oppvarming over heile planeten, og at den er forårsaka av menneskeleg aktivitet, har blitt popularisert av FNs Klimapanel (Intergovernmental Panel on Climate Change, IPCC).

Eg har ikkje ekspertise på klimasaker, og eg skal ikkje dømme om teorien er sann eller falsk, men eg er ekspert på internasjonal politikk og kan vurdere arbeidet til denne FN-kommisjonen.

For ti år sidan skreiv eg at, slik namnet antyder, IPCC ikkje er eit vitskapeleg akademi i det heile tatt, men ei mellomstatleg gruppe [1]. Konklusjonane deira er derfor ikkje frukta av noka vitskapeleg tilnærming, men av ein politisk debatt.

IPCC vart oppretta etter initiativ frå den britiske statsministeren Margareth Thatcher, for å støtte kampen hennar mot fagforeiningane til gruvearbeidarane. Ikkje overraskande konkluderte kommisjonen med at kol er skadeleg for miljøet, medan atomkraft er ønskverdig. Dette er ikkje eit vitskapeleg teorem, men eit politisk standpunkt.

Vidare peika eg på at opprettinga av sertifikat for utslepp av drivhusgassar ikkje var eit mellomstatleg initiativ, men ein idé som kom frå Joyce Foundation, gjennomført av Climate Exchange Ltd. [2]. Kvar stat utarbeider si eiga lovgiving på emnet. Dei mottar ei bestemt mengd utsleppsrettar, som dei etter eige skjøn allokerer til ulike selskap. Selskap som ikkje slepp ut alt dei har rett til, kan selge rettane vidare på ein spesialisert børs i Chicago.

Statuttane til denne børsen vart skrivne av ein advokat frå då ukjende Joyce Foundation, ein viss Barack Obama (som seinare skulle bli presidenten av USA). Oppropet for å få investorar til å starte denne børsen, vart organisert av Al Gore (som seinare skulle bli vise-president for USA), og David Blood (eks-direktør for banken Goldman Sachs). Ein kan sjå på desse folka som ekte miljøaktivistar eller som høgnivås svindlarar – alt etter kva perspektiv ein har.

Med tida har dette politiske instrumentet blitt utsmykka med ein ferniss av vitskap og gode intensjonar, noko som har gjort det vanskeleg å kritisere. Men det finst ein alternativ vitskapeleg teori som forklarer global oppvarming. Den vart lagt fram av den kroatiske geofysikaren Milutin Milanković i mellomkrigstida.

Omløpsbana til Jorda varierer som følge av tre naturlege syklusar: eksentrisitet, aksehelning og presesjon. Desse variasjonane følger kvar sin syklus, mellom 20 000 og 100 000 år, som godt går an å rekne ut. Kombinert påverkar desse tre variasjonane kor mykje av solstrålinga som når Jorda, og dermed klimaet. Denne teorien vart stadfesta i 1976, med studien av iskjernar frå boreprosjektet Vostok i Antarktis. Men den forklarar ikkje alt.

Det russiske Vitskapsakademiet la nyleg fram ein tredje teori, som også er basert på observasjonar av naturen. Denne teorien seier at «Hovudårsaka til lokale klimakatastrofar er den aukande utstrålinga av naturleg hydrogen på grunn av skiftande gravitasjonskrefter frå månen og sola, som forårsakar hol i ozon-laget. Den resulterande temperaturauken og blandinga av ozon og hydrogen er hovudårsakene til skogs- og steppe-brannar» [3].

Vitskapsakademiet set ikkje berre spørsmålsteikn ved IPCC-dogmet, men dei utfordrar også metodane for å redusere hola i ozon-laget, nærare bestemt Wien-konvensjonen og Montreal-protokollen som har medført «utsletting av heile under-industriar innan kjemi-industrien, utan å påverke storleiken på ozonlagshola, som berre har auka».

Teorien til det russiske Vitskapsakademiet er også basert på idéen om at den globale oppvarminga i ulike delar av verda er eit ikkje-samaliknbart fenomen. I motsetning til kva folk flest trur, er temperaturane i Stillehavet no, ifølge målingar, faktisk minkande [4].

Funna til Vitskapsakademiet skal presenterast på COP-28 i Dubai i slutten av november/starten av desember. Det har allereie starta ein politisk kamp for å få vitskapsfolka til å teie. Den handlar om utnemninga av sesjonsstyraren, som kan velge å gi taletid til urostiftarane eller, tvert om, sette munnkorg på dei. Mohammed ben Zayed, leiaren for Dei arabiske emirata (UAE), har ansvaret for utnemninga. Han har utnemnd industriministeren sin, Sultan al-Jaber. Parlamentarikarar frå USA og EU skreiv straks til FNs generalsekretær António Guterres og bad han protestere mot valet. Argumentet deira er, som alltid, irrelevant i forhold til målet deira. Dei argumenterer med at Sultan al-Jaber også er sjefen for Abu Dhabi National Oil Company (Adnoc). Han vil derfor bli både dommar og jury, men for den opponerande leiren.

Viss russiske vitskapsfolk talar ut under COP-28, vil forsamlinga truleg delast i to, ikkje langs vitskapelege delelinjer, men langs politiske. Supporterar for den angelsaksiske linja versus supporterar for den russiske (resten av verda). Det er ikkje tvil om at IPCC-dogmet snart vil bli oppfatta som Vestens fikse idé og gjort til latter for resten av verda.

Oversettelse
Monica Sortland

[1Le prétexte climatique 2/3 : « 1982-1996 : L’écologie de marché », par Thierry Meyssan, Оdnako (Russie) , Réseau Voltaire, 22 avril 2010.

[2The Climate Pretext 3/3: “1997-2010: Financial Ecology”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Оdnako (Russia) , Voltaire Network, 7 December 2015.

[4Systematic Climate Model Biases in the Large-Scale Patterns of Recent Sea-Surface Temperature and Sea-Level Pressure Change, Robert C. J. Wills, Yue Dong, Cristian Proistosecu, Kyle C. Armour & David S. Battisti, Geophysical Research Letters, DOI : 10.1029/2022GL100011.