I samsvar med avrøystinga si den 10. mai, 2024, ønska generalforsamlinga Palestina velkomen som fullverdig medlem av Dei sameinte nasjonane den 10. september.

Den 10. september 2024 markerte eit historisk skifte for palestinarane. Dei israelske settlarane som hevdar dei oppfyller ein guddommeleg plan når dei set opp nybygga sine på Vestbanken (Judea-Samaria, som dei kallar det), gjekk frå å vere israelske innbyggarar som budde på omstridde territorium til å vere illegale immigrantar i den suverene staten Palestina.

Ved opninga av sin syttiniande sesjon, implementerte FNs generalforsamling sin resolusjon ES-10/23 av 10. mai [1]. Staten Palestina vart med det fullverdig medlem av Dei foreinte nasjonane (FN). Ingen kan no motsette seg at dei utøver rettane sine som suveren stat.

Om Palestina no er ein suveren stat, så endrar det tolkinga av interimavtalen om Vestbanken og Gazastripa (kjend som “Oslo II-avtalen”). Dei palestinske styresmaktene er ikkje lenger ei overgangsregjering, men ei regjering i ordets fulle forstand. Dei palestinske territoria er ikkje lenger “omstridde område”, men det internasjonalt anerkjende territoriet til ein suveren stat.

Sidan krigen i 1967 (kjend som “Seksdagarskrigen”), har settlarrørsla stadig vunne terreng. Det er no over 700 000 settlarar på Vestbanken, i aust-Jerusalem og på Golan-høgdene.

Den internajonale domstolen (International Court of Justice, ICJ) – som er FN sin domstol, og som FNs generalforsamling forheld seg til – fastsette den 19. juli dei juridiske normene for Israels politikk og praksis på det okkuperte palestinske territoriet [2]. Desse har ikkje blitt tatt til følge, for det er berre Sikkerheitsrådet som har makta til å tvinge Israel til å følge råda.

La oss ikkje gløyme at Folkeretten, i motsetning til strafferetten, ikkje stør seg på politistyrkar og fengselsvesen. Det er berre plikta til styresmaktene å respektere statens signatur. I dette tilfellet har Israel, ved å slutte seg til FN, signert pakta [3]. Kapittel XIV i FN-pakta forpliktar kvar medlem til “å rette seg etter avgjerdene til Den internasjonale domstolen i alle tvister dei er ein part i”.

Den internasjonale domstolen har slått fast lova. Avgjerda til domstolen er bindande for alle medlemsstatane av FN, inkludert Israel,USA og Det sameinte kongedømmet (UK, Storbritannia. England, Wales, Skottland og Nord-Irland).

Domstolen slo fast (§ 229) at denne politikken og praksisen bryt mot Rasediskrimineringskonvensjonen (Konvensjon om avskaffing av alle former for rasediskriminering). Ifølge domstolen praktiserer Israel, de facto, ein type apartheid (jfr. art. 3 av denne konvensjonen). Dette er nøyaktig det FNs generalforsamling proklamerte den 10. november, 1975: “Sionisme er ein type rasisme og rasediskriminering” (resolusjon 3379) [4]. Denne teksten vart oppheva berre for at forhandlingane skulle bli lettare ved fredskonferansen i Madrid i 1991 [5]. Men sidan Israel ikkje har gjort det dei då forplikta seg til, og dessutan i staden har intensivert politikken og praksisen sin, bør denne teksten bli sett inn att.

Domstolen observerte (§ 263) i tillegg at “Oslo-avtalane autoriserer ikkje Israel til å annektere delar av Det okkuperte palestinske territoriet for å stette sine sikkerheitsbehov og plikter. Dei autoriserer heller ikkje eit permanent nærvær på Det okkuperte palestinske territoriet av same grunn”. Det som var sant i juli, er endå sannare no som Palestina er ein internasjonalt anerkjend suveren stat.

Som følge av denne avgjerda, og før Palestina vart med i Generalforsamlinga, evakuerte Dei israelske forsvarsstyrkane (IDF) i førre veke brått dei største byane som dei hadde okkupert på Vestbanken. Den israelske regjeringa sa så til Høgsterett den 12. september at det ikkje var nokon grunn til å auke den humanitære bistanden til Gaza, sidan Israel ikkje kontrollerer territoriet og derfor ikkje har noko ansvar der.

Etter denne utgreiinga konkluderte domstolen med at “Israel er forplikta til å betale ut full erstatning til alle berørte fysiske eller juridiske personar for skaden dei har forårsaka med sine folkerettsstridige handlingar [okkupasjon og apartheid]” (§ 269). Dette inkluderer “Israels plikt til å returnere alt land og annan fast eigedom, så vel som andre eigedelar som er konfiskerte frå fysiske eller juridiske personar sidan starten av okkupasjonen i 1967, og alle kulturobjekt og -bygg tatt frå palestinarane og institusjonane deira, inkludert arkiv og dokument. Retten krev også at alle settlarar i eksisterande settlement skal evakuerast, at dei delane av muren som Israel har bygd på okkupert territorium skal rivast, og at alle palestinarane som blitt fordrivne under okkupasjonen skal få lov til å returnere til sine opprinnelege bustadar” (§ 270).

Ver merksame på at domstolen ikkje pålegg erstatning på skadar forårsaka før 1967. Det var ikkje saka som vart lagt fram for domstolen. Dessutan har våpena talt, og palestinarane har tapt fleire militæroperasjonar som dei óg må bere konsekvensane av sjølve. Uretten er delt, sjølv om det utan tvil er uretten og skaden som palestinarane har lide, ikkje kan samanliknast med den til Israel.

Domstolen har tatt stilling til konsekvensane av okkupasjonen sidan 1967. Avgjerdene har ikkje tilbakeverkande kraft. Det er peika på kjensgjerningar som stadig har forverra seg sidan 1967.

Domstolen vendte seg til alle FN-medlemsstatane og meddelte dei at dei “er forplikta til å ikkje endre på noko av den fysiske karakteren eller demografiske samansetninga, institusjonelle strrukturen eller statusen til territoriet som vart okkupert av Israel den 5. juni 1967, inkludert aust-Jerusalem, anna enn det som partane gjennom forhandlingar har kome til semje om, og å i sine relasjonar med Israel skille mellom territoriet til Staten Israel og dei territoria som er okkuperte etter 1967. Domstolen er av den oppfatning at plikta til å i sine relasjonar med Israel skille mellom den staten sitt eige territorium og det okkuperte, palestinske territoriet, særleg inkluderer plikta til å ikkje ha handelsrelasjonar med Israel i noko tilfelle der sistnemnde gir seg ut for å agere på vegner av Det okkuperte palistinske territoriet eller deler av dette i saker som handlar om dette territoriet, å ikkje pleie økonomiske eller kommersielle relasjonar med Israel som kan vere av ein slik natur at dei styrkar sistnemndes ulovlege nærvær på det okkuperte palestinske territoriet; dei må avstå frå, under etablering og vedlikehald av diplomatiske oppdrag i Israel, å på nokon måte anerkjenne landets illegale nærvær på okkupert palestinsk territorium; og å innføre tiltak for å hindre handel eller investeringar som hjelper til med å oppretthalde den illegale situasjonen som Israel har skapt på Okkupert palestinsk territorium ” (§ 278).

For Volker Turk, FNs høgkommissær for menneskerettar, forpliktar avgjerda til ICJ alle FN-medlemmane til å ikkje anerkjenne den israelske okkupasjonsmakta over territoriet til den suverene staten Palestina.

Dette er grunnen til at FNs høgkommissær for menneskerettar, Volker Turk, den 9. september opna den 57. sesjonen til Menneskerettsrådet med desse orda: “Ingen Stat bør akseptere openlys ringeakt for folkeretten, inkludert dei bindande avgjerdene til Sikkerheitsrådet og forskriftene til Den internasjonale domstolen – ikkje i denne situasjonen [den israelske okkupasjonen av Palestina], og heller ikkje i nokon annan situasjon”.

Kvar og ein av oss må vere klare over at reglane har endra seg. Israel sin okkupasjon av Staten Palestina er illegal. Sidan den 10. september har denne staten vore internasjonalt anerkjend, sjølv om fleire permanente medlemmar av Sikkerheitsrådet enno ikkje har gjort det personleg. Den har no juridiske verkemiddel til disposisjon som den før mangla. Den anglosaksiske paraplyen som Tel Aviv søkte ly bak, eksisterer juridisk sett ikkje lenger. Vi går inn i ein ny periode der h Washington og London vil måtte bruke makt for å oppretthalde sitt undertrykkingssystem.

Denne legale revolusjonen markerer sigeren for president Mahmoud Abbas (89) sin strategi. Paradoksalt nok kjem den på slutten av livet hans, på eit tidspunkt der regjeringa hans blir diskreditert for sitt samrøre med Israel og korrupsjon.

Oversettelse
Monica Sortland

[1Admission of new Members to the United Nations”, Voltaire Network, 10 May 2024.

[3Charter of the United Nations”, Voltaire Network, 26 June 1945.

[4« Qualification du sionisme », ONU (Assemblée générale) , Réseau Voltaire, 10 novembre 1975.

[5« Retrait de la qualification du sionisme », ONU (Assemblée générale) , Réseau Voltaire, 16 décembre 1991.