På same dag som angrepa skjedde, stod eigedomsutviklaren Donald Trump fram på New Yorks Channel 9 og kalla den offisielle versjonen av kollapsen til tårna for «ei løgn». Seinare gjekk han inn i politikken og vart president av USA. Saman med venen, general Michael T. Flynn, sette han seg føre å kome til botnen av 9/11. Han splitta opinionen i USA, men greidde ikkje i det heile tatt å nå målet sitt.

På sluttten av 2001 publiserte eg ei rekke artiklar om angrepa den 11. september, 2001, følgd av ei bok i mars 2002 [1]. Boka vart omsett til 18 språk og opna ein verdsomfemnande debatt som stilte spørsmål ved sanningsgehalten til det offisielle US-amerikanske narrativet. Men internasjonal presse nekta å diskutere argumenta mine og lanserte ein kampanje der dei bebreida meg for «amatørisme» [2], «konspirasjonsteori» [3], og «fornekting» [4].

Framfor alt reduserte dei US-amerikanske autoritetane og støttespelarane deira arbeidet mitt til dei første få sidene av boka mi: utfordringa av den offisielle versjonen av angrepa. Men det er eit stykke politisk vitskap som går til felts mot det som desse falskt-flagg-angrepa gjorde mogleg: overvakinga av folka i Vesten og den endelause krigen i det større Midtausten. I denne artikkelen vil eg difor greie ut om kva vi har lært desse 20 åra etter angrepa, men viktigare: eg vil sjekke om prognosane mine frå 2002 slo til eller ikkje.

Sjeik Zayed, president for Dei sameinte arabiske emirata, har fått «9/11 – The Big Lie» omsett og trykt. Han signerte 5000 kopiar og gav dei bort som gåver til leiande figurar i den arabiske verda.

DET SVARTE HOLET TIL 9/11

Om vi får spørsmål om kva som hende den 11. september, vil vi alle visualisere Tvillingtårna og Pentagon. Vi har gløymd mange andre ting, som t.d. innsidehandlane i aksjar hos dei involverte flyselskapa, brannen i Old Eisenhower Building, eller kollapsen til det tredje tårnet i World Trade Center.

Det mest slåande er at nesten ingen hugsar at Richard Clarke klokka 10 utløyste planen for styringskontinuitet, ’Continuity of Government Plan’ [5]. I same augeblink vart president Bush og Kongressen suspenderte frå stillingane sine og plasserte under militært vern. President Bush vart frakta til ein flybase i Nebraska, der sjefane i toppetasjane til Tvillingtårna hadde vore sidan kvelden før [6]; og Kongressen til megabunkersen Greenbrier. Makta fall i hendene på «kontinuitetsregjeringa». Den oppheldt seg i megabunkeren i Raven Rock Mountain (’Site R’) [7]. Makta vart ikkje returnert til sivilistane før på slutten av dagen.

Etter å ha blitt informert av staben sin om at ein russisk satellitt nett hadde observert eit missil som vart avfyrt mot Pentagon frå eit marineskip utanfor k,ysten av Washington, prøvde presidenten av Den russiske føderasjonen, Vladimir Putin, å kontakte sin motpart i USA. Det gjekk ikkje. Ikkje fordi telefonnettet hadde brote saman, men fordi George W. Bush (forbigåande) ikkje lenger var president.

Kven var desse medlemmane av denne ’kontinuitetsregjeringa’, og kva gjorde dei den stunda dei sat med makta? Det veit vi framleis ikkje. Kongress-medlemmane som stilte spørsmålet fekk forbod mot å ta emnet opp i plenum.

Merk dykk at 9/11-kontroversen vil halde fram så lenge vi ikkje har fått noka oppklaring. Prosedyren som vart implementert den 11. september var designa av president Eisenhower i ei tid då frykta for atomkrig var stor. Viss han, speaker’ane og ein majoritet av Kongressen hadde blitt drepne, så hadde der ikkje funnest noka konstitusjonell makt i landet. Då ville logisk sett militæret ha måtta ta på seg oppgåva med å styre. Men dette var openbert ikkje tilfellet på denne dagen. Ingen av dei folkevalde hadde døydd. Overføringa av makt var difor grunnlovsstridig. Det var strengt tatt eit statskupp.

Jacques Chirac, President av Den franske republikken, drog til New York for å tilby sine kondolansar til dei skadelidne. Då « The Big Lie » vart publisert, bad han dei eksterne hemmelege tenestene om å verifisere opplysningane. Han nekta å la den franske armeen bli plassert under USAs kommando i Afghanistan, og han nekta Frankrike å ta del i «den endelause krigen» i Irak.

ANGREPA DEN 11. SEPTEMBER

I boka mi og seinare, la eg fram hypotesar om kva som eigentleg skjedde den dagen. Men det er irrelevant for poenget mitt. Dei som utførte dette brotsverket ønska å skape ein sjokkeffekt lik den med Pearl Harbor, slik medlemmane av Project for a New American Century tidlegare hadde skrive, slik at kunne endre måten som USA lever og fungerer på. Så dei fortalde oss ei feit løgn som vi svelgde utan å mukke. Men:

• Til dags dato finst det ikkje bevis for at dei 19 såkalla flykaprarane ein gong var til stades på dei gjeldande flya. Dei stod ikkje på passasjerlistene som flyselskapa la fram same dag. Videoane av kaprarane på flyplassen, var ikkje tatt opp i New York, men på andre flyplassar dei hadde mellomlanda på.

• Til dags dato finst det ikkje bevis for dei 35 telefonsamtalane mellom passasjerar på dei kapra flya og folk på bakken [8]. Det gjeld både samtalen til den modige passasjeren som skal ha gått til angrep på kaprarane på UA 93, og samtalen som USAs riksadvokat Theodore Olson vitna om at han hadde hatt med kona på AA 77. Tvert imot så vitna FBI, under rettssaka mot Zacarias Moussaoui (som var tiltalt for å vere den 20. kapraren, men som ikkje hadde gått på flyet), om at ingen av flya hadde telefonar i armlena, at passasjerane difor hadde måtta nytte mobiltelefon, men at mobiltelefonar på den tida ikkje fungerte i høgder over 5000 fot, og at loggane til telefonselskapa heller ikkje viste spor av desse samtalane som skulle ha funne stad – inkludert den til riksadvokat Olson.

• Til dags dato finst det ikkje noka fysisk forklaring på at tre av tårna i World Trade Center kollapsa i sitt eige fotavtrykk (dvs. Vertikalt). Tvillingtårna vart trefte av to fly, men vakla ikkje. Men flydrivstoffet skal ha runne nedover dei vertikale bjelkane og smelta dei. Eit tredje tårn vart liksom destabilisert til sides av at dei to første tårna fall. Også det skulle kollapse, ikkje sidelengs, men vertikalt. Vi skal også merke oss at det ikkje vart gitt noka forklaring på sideeksplosjonane som brannfolka høyrde, og som vart fanga på film av mange, eller på dei vertikale bjelkane som vart skadde, men ikkje smelta; to bevis for at det ikkje var tilfeldig, men kontrollert rivning. Vi bør også merke oss at det aldri, verken før eller etter 9/11, har blitt observert nokon stad at skyskraparar berre har kollapsa etter storbrann... og at dessutan ingen har lært leksa frå dette angrepet og endra måten slike bygg blir konstruerte på, slik at nye slike katastrofar kan unngåast. Og endeleg: fotografia som brannfolka tok av dammar av smelta stål, og dei som FEMA (katastrofeberdskapsbyrå) tok av den smelta steinen som fundamentet hadde blitt reist på, kan ikkje forklarast med den offisielle versjonen.

• Til dags dato finst det ikkje bevis for at eit passasjerfly råka Pentagon. Allereie dagen etter heldt brannvesenet ein pressekonferanse i Pentagon der dei stadfesta at dei ikkje hadde funne noko som vitna om at der hadde vore noko fly. Styresmaktene, som hadde kome med hemngjerrige ytringar om boka mi, kunngjorde at dei hadde samla ihop fleire delar av flyet og rekonstruert det i ein hangar. Så slutta dei å snakke om emnet. Vidare ombestemte familiane til passasjerane på det gjeldande flyet seg, etter å ha blitt opprørte av orda mine, då dei fekk utlevert urnene med aska saman med påstandar om at kroppen hadde blitt identifiset ved hjelp av fingeravtrykk (som ville ha vore totaløydelagde under brannen, med slike temperaturar). Nokre av dei nekta å signere ein avtale om tausheitsplikt som dei fekk tilbod om i byte mot ein stor økonomisk kompensasjon.

Fidel Castro, kommandant for den kubanske revolusjonen, forsvarte Thierry Meyssan sitt arbeid.

ALLMENN OVERVAKING AV VESTENS FOLK

I dagane etter angrepa let Bush-administrasjonen Kongressen vedta ein antiterrorkodeks kjend som US Patriot Act. Dette er ein svært omfattande lovtekst som hadde blitt utarbeidd over dei to føregåande åra av Federalist Society (ei gruppe der riksadvokat Theodor Olson og statsadvokat John Ashcroft var medlemmar). Lova suspenderer Bill of Rights i saker som handlar om terrorisme.

På den tida då USA vart danna, var det to grupper som stod imot kvarandre. Den første, rundt Alexander Hamilton, la fram eit utkast til grunnlov som skulle sette opp eit system som kunne samanliknast med det britiske monarkiet, men med guvernørar i staden for adelege. Den andre, rundt Thomas Jefferson og James Madison, aksepterte berre grunnlova etter at den hadde fått tillegg som hindra misbruk av statsmakta (Raison d’État). Desse 10 tillegga blir kalla Bill of Rights. Suspensjonen av desse utfordrar balansen som Dei sameinte statane vart grunnlagt på. Det gir makta til den første gruppa, etterkomarane av ’Pilegrimsfedrane’, eksilpuritanarane frå England. President Bush stammar i direkte linje ned frå ein av dei 41 som skreiv under på ’Mayflower-pakta’ (1620).

Til å implementere Patriot Act, vart det oppretta eit nytt departement, Homeland Security Department, som bringer saman ulike eksisterande byrå. Departementet rår over ein politisk politistyrke med kapasitet til å spionere på kven som helst av innbyggarane. Ifølge Washington Post, som avslørte dette i 2011, har dei hyrt inn 835 000 sivile tenestemenn. Av desse er 112 000 hemmeleg tilsette [9], noko som gjer USA til det mest orwellske landet på planeten. Måten som dette departementet fungerer på, vart avslørt i 2013 av Edward Snowden. Snowden gav ikkje berre informasjon om NSA sitt avlyttingssystem utanlands, men også om innanlandsk masseovervaking i USA. Han lever no som politisk flyktning i Russland.

Sjølv om det ikkje er like godt dokumentert, så spreier dette systemet seg gradvis til alle vestlege statar, gjennom ’the Five Eyes’ [10] og Nato.

Hugo Chavez, presidenten av Den bolivariske republikken Venezuela, let parlamentet sitt røyste over ei erklæring om støtte til tesa i « The Big Lie ».

DEN «ENDELAUSE KRIGEN»: FRÅ 9/11 TIL KABULS FALL

Halvannan månad etter angrepa, danna forsvarsminister Donald Rumsfeld Office of Force Transformation, som han let admiral Arthur Cebrowski ta styringa over. Tanken var å endre sjølve funksjonen til dei væpna styrkane. Rumsfeld/Cebrowski-doktrinen [11] er ein reform like viktig som danninga av Pentagon etter krisa i 1929. Denne gongen handlar det om å tilpasse seg til finanskapitalismen. Frå no av vil ikkje USA lenger prøve å vinne krigar, men tvert imot å få dei til å vare så lenge som mogleg; det er dét president Bush sitt uttrykk «endelaus krig» betyr. Målsetninga deira vil vere å øydelegge lokale statlege strukturar, slik at naturrikdommane kan utbyttast utan at ein treng å halde på den politiske kontrollen. Som oberst Ralph Peters oppsummerte det: «Stabilitet er Amerikas fiende» [12].

Det var nettopp dette som nett hende i Afghanistan. Krigen der starta rett etter 9/11. Den var tenkt å vare berre nokre veker, men den stoppa aldri. Taliban-sigeren vi nett har vore vitne til, var organisert av USA sjølv, i den hensikt å få konflikten til å vare endå lenger. Det er grunnen til awt president Biden nyleg sa at USA ikkje gjekk inn i Afghanistan for å bygge ein stat, slik dei gjorde i Tyskland og Japan etter Andre verdskrig. Joe Biden tok avstand frå den endelause krigen då han møtte Vladimir Putin i Geneve. Men han har nett gjenoppliva den og tilpassa seg Rumsfeld/Cebrowski-doktrinen, slik også Barack Obama gjorde.

Ingen av konfliktane som starta etter 9/11 har stoppa. Tvert imot har ustabiliteten fått eit godt grep i Irak, Libya, Syria, Jemen og Libanon. Ein kan sjølvsagt kalle desse konfliktane for «borgarkrigar» og kalle leiarane deira for «diktatorar», eller late vere å forklare noko som helst, men det er framleis eit faktum at desse landa var stabile før vestleg intervensjo, og at Gadhafi sitt Libya og Aoun sitt Libanon var USA-allierte då problema deira starta.

Visepresident Cheney hadde sett opp ei hemmeleg gruppe i Det kvite hus som skulle forme utviklinga av den nasjonale energi-politikken (National Energy Policy). Han var overbevist om at oljen om ikkje lenge ville ta slutt. Det er grunnen til at USA øydela statar for å kunne utbytte oljen deira på lengre sikt, men ikkje no. Vidare slår Rumsfeld/Cebrowski-doktrinen fast at ein aldri bør gå i kamp med globaliserte makter som Russland og Kina. Desse bør i staden bli gitt tilgang til naturressursane dei har erobra, men dei bør tvingast til å betale lisensgebyr til USA for å utbytte dei.

Då han publiserte mange interne US-amerikanske militære rapportar, avslørte ikkje Julian Assange nokon sensitiv informasjon. Men alle desse dokumenta viser at Pentagon ikkje har hatt interesse av å vinne post-9/11-krigane. Assange vart forfølgd til han nesten mista vitet.

Til å føre desse krigane, oppretta Pentagon i løynd hemmelege spesialstyrkar: 60 000 soldatar utan uniform [13]. Dei klarer å likvidere kven som helst kor som helst utan å etterlate spor. Bob Woodward avslørte operasjonen "Global Attack Matrix", vedtatt tre dagar etter 9/11-angrepa [14]. Wayne Madsen publiserte namna på dei første offera i Papua, Nigeria, Indonesia og Libanon [15].

I FN forklarte presidenten av Den islamske republikken Iran, Mahmoud Ahmadinejad, at ettersom 9/11 vart brukt som påskott til å starte krigar, så var det ikkje lenger ei sak for USA aleine. Derfor etterlyste han, utan å ta parti, ei internasjonal gransking for å forstå kva som eigentleg skjedde.

KONKLUSJON

Alle mine spådommar har blitt verifiserte gjennom dei 20 åra som har gått. Dessverre er det ikkje mange som har lagt merke til kor mykje verda har endra seg. Dei fleste vegrar seg for å trekke linjene mellom ulike partar sine avsløringar og sjå det ansvaret som vestlege demokrati har for brotsverka som er gjort i det større Midtausten.

Problemet er framleis det same: vi kan ikkje innrømme at gjerningsmannen står oss nær.

Oversettelse
Monica Sortland

[1L’Effroyable imposture, Thierry Meyssan, Carnot (2002). Andre utgåve, revidert og korrigert L’Effroyable imposture suivie du Pentagate med forord av general Leonid Ivashov (som var fungerande sjef for generalstaben til dei russiske væpna styrkane den 11. september, 2001), Demi-Lune, 2006. Engelsk versjon: The Big Lie.

[2Ifølge bakvaskarane mine hadde eg ikkje vore til stades på gjerningsstaden, slik ein ekte journalist skulle. Men USA hadde forbydd tilgang til dei tre gjerningsstadane, med henvisning til den nasjonale tryggleiken, og i fleire år hadde ingen journalist frå noko som helst medium tilgang. Nemninga «amatørisme» skulle såleis ikkje gjelde berre for meg, men også for heile yrkesstanden.

[3Ordet «konspirasjonisme» refererer til personar som set spørjeteikn ved den offisielle teorien om den einsame gjerningsmannen som skal ha skote president Kennedy. Tvert imot så fordømmer dei den konspirasjonen som eliminerte han.

[4Jau, eg fornektar faktisk den offisielle versjonen. Men ordet «fornekting» minner om ei høgreekstrem strøyming som har idear eg alltid har motkjempa, som fornektar nazistane sitt folkemord på jødane i Europa.

[5Against All Enemies, Inside America’s War on Terror, Richard Clarke, Free Press, 2004.

[6Som kvart år, arrangerte Warren Buffet (den gong verdas rikaste mann) ein veldedigheitsmiddag i Nebraska. Til forskjell frå tidlegare år, fann det ikkje denne gongen stad på eit stort hotell, men på ein militærbase. Dei inviterte gründerane hadde gitt dei fleste av sine tilsette i New York fri denne dagen, noko som forklarer det relativt låge talet på daude etter tårnkollapsane.

[7A Pretext for War: 9/11, Iraq and the abuse of America’s intelligence agencies, James Bamford, Anchor Books (2004).

[8« Qui a inventé les faux appels téléphoniques depuis les avions du 11-Septembre ? », par Giulietto Chiesa, traduction Christophe, Megachip-Globalist (Italie) , Réseau Voltaire, 23 juillet 2013.

[9Top Secret America : The Rise of the New American Security State, Dana Priest & William M. Arkin, Little, Brown and Company (2011).

[10The «Five Eyes» (dei fem auga) er alliansen til overvakingstenestene i Australia, Canada, USA, New Zealand og Storbritannia som vart grunnlagt med Atlanter-charteret i 1941.

[11Rumsfeld/Cebrowski-doktrinen”, av Thierry Meyssan, Oversettelse Monica Sortland, Voltaire Network, 30 mai 2021.

[12“Stabiliy American’s Ennemy”, col. Ralph Peters, Parameters #31-4 (winter 2001).

[13“Exclusive : Inside the Military’s Secret Undercover Army”, William M. Arkin, Newsweek, May 17, 2021.

[14Saturday, September 15, At Camp David, Advise and Dissent, Bob Woodward & Dan Balz, Washington Post, January 31, 2002.

[15«J’accuse - Bush’s Death Squads», Wayne Madsen, Makingnews.com, January 31, 2002.