Konflikten mellom Israel og Iran skiller seg frå den mellom den arabiske folkesetnaden i Palestina og jødiske immigrantar. Tvert imot det folk flest trur, har persarane aldri vore ein fiende av jødar. Faktisk var det, i oldtida, Kyros den store som let jødane flykte frå Babylon, der dei hadde levd i slaveri.

Etter Andre verdskrig, då USA tok over leivningane av det britiske imperiet, gjorde president Dwight Eisenhower ei omorganisering av Midtausten. For å dominere utnemnde han to regionale makter som skulle representere han: Iran og Israel. Dei to landa var både vener og rivalar.

Eisenhower sende sin utanriksminister, John Foster Dulles (bror til CIA-direktør Alan Dulles), til Syria for å organisere ein iransk/syrisk allianse som kunne tøyle ambisjonane til Israel. ambitions. Ei gjensidig forsvarspakt var signert mellom Damaskus og Teheran den 24. mai, 1953. på den tida var Syrias president, general Adil Chicakli, pro-britisk og anti-fransk. Denne pakta eksisterer den dag i dag [1].

Samtidig kom Storbritannia i konflikt med shah Reza Pahlevi sin statsminister, Mohammad Mossadegh, som ville nasjonalisere oljeproduksjonen. Med hjelp frå USA organiserte London ein fargerevolusjon ("Operasjon Ajax" [2]). MI6 og CIA betalte tusentals folk for å demonstrere og styrte Mossadegh. Som respons på "kravet" til folket sitt, bytta den suverene ut statsministeren sin med nazi-generalen Fazlollah Zahedi [3].

Samarbeid mellom shahens autokratiske regime og Israel starta i 1956 med bygginga av Eilat-Ashkelon-røyrleidninga. Framfor alt sende Mossad i 1957 ei gruppe "revisjonistiske sionistar" [4], leidd av Yitzak Shamir, som skulle installere det frykta politiske politiet SAVAK [5].

I 1956 skaffa dei svekka kolonimaktene Storbritannia og Frankrike seg hjelp frå kolonistaten Israel til å ta over Suez-kanalen, som Egypt ønska nasjonalisere. Etter denne operasjonen takka sosialisten Guy Mollets Frankrike Israel ved å i skjul dele atomforskinga si med dei.

Men då USA vart overtydd om at Tel Aviv var i ferd med å utvikle bomba, fekk dei sikra at også Iran skulle få den. I 1974 tok Frankrikes president Valéry Giscard d’Estaing Iran inn i konsortiet Eurodif. Dette tok på seg å forsyne landet med anrika uran og lære opp vitskapafolka deira. To år seinare autoriserte USAs president Gerald Ford at Iran kunne utvikle si eiga bombe.

Medan media i Vesten alltid har framstilt shahen av Iran som ein suveren som respekterte menneskerettane, byrja dei førebu folkeopinionen på revolusjon då imam Khomeini søkte tilflukt i Paris. Den 19. desember, 1978, oppdaga TF1 plutseleg torturpraksisen til SAVAK.

I 1978, då USA såg med dystert blikk på shah Reza Pahlevi sine militære ambisjonar som trua Israels makt, bestemde dei seg for å sette inn ein ny statsminister med ein ny politikk. Zbigniew Brzeziński, president Jimmy Carters sikkerheitsrådgivar, bestemde seg for å stole på den sjiamuslimske geistlegheita. Nokre av desse hadde nett fått eigedom nasjonalisert av shahen ("Den kvite revolusjonen"). Etter hans syn hadde ayatollah Rouhollah Khomeini, som fekk talane sine spreidd over heile landet med kassettar, autoriteten til å bli monarkens statsminister. Trass i motstand frå utanriksminister Cyrus Vance, organiserte han eksil for ayatollahen i Paris-regionen, der han var i fire månadar før han vart flogen til Teheran i eit spesialfly frå Air France. USA hadde overtydd shahen om at dei hadde kontroll med situasjonen og berre ville kjempe mot opposisjonen hans. Dei hadde til og med bede Savak avlive filosofen Ali Shariati (ein personleg ven av Frantz Fannon og Jean-Paul Sartre) i London, slik at dei anti-kolonialistiske ideane hans ikkje skulle forstyrre scenariet deira. Shahen hadde erklært at han skulle på ei reise og ville vere fråverande, medan Washington tok seg av problema heime.

Men den dagen Khomeini returnerte til Teheran, 1. februar, 1979, vart han møtt av ei jublande folkemengd på ein million. Han drog frå flyplassen til kyrkjegarden, der 800 iranske offer for politisk undertrykking nyleg hadde blitt gravlagde. Vesten vart forbausa då han leverte ein heftig anti-imperialistisk tale. Det var ikkje lenger eit spørsmål om revolusjon i det periske imperiet, men om etableringa av ein islamsk republikk.

På kyrkjegarden Behesht-e Zahra oppfordra ayatollah Khomeini arméen til å frigjere landet frå anglisaksarane. Mannen som CIA hadde tatt for å vere ein gammalmodig predikant, var i realiteten ein folketalar som oppelda massane og overtydde alle om at dei kunne endre verda.

Israel beslagla straks den iranske halvdelen av Eilat-Ashkelon-røyrleidninga. Ein lang disputt følgde som først lenge etter vart løyst i løyndom.

Khomeini stilte spørsmål ved anerkjenninga av kolonistaten Israel, la beslag på landets ambassade og gav den til Den palestinske frigjeringsorganisasjonen, PLO.

I 1985 planla Robert McFarlane, sikkerheitsrådgivar for USAs president Ronald Reagan, å levere våpen til Nicaraguas kontrarevolusjonære, Contras, utan at Kongressen visste om det. Han tok då kontakt med Israels statsminister Shimon Peres. Dei to mennene vart samde om at det ikkje var mogleg å involvere ein revolusjonær arabisk stat som Libya, men kanskje Iran. Med parlamentarikaren Hassan Rohani (framtidig president av Iran) som mellommann, kontakta dei presidenten av det iranske parlamentet, hujjat al-islam Hashemi Rafsanjani. Rafsanjani gjekk med på å kjøpe våpen til å kjempe mot den irakiske aggresjonen, og overføre nokre av dei til Contras. Takka vere denne avtalen vart Rafsanjani, som allereie eigde svære landeigedommar, landets rikaste mann [6].

I 1988 brukte Irak kjemiske masseøydeleggingsvåpen mot Irans armé og befolkning. Resultatet var eit enormt antal lemlesta. Sjølv i dag er toleranseterskelen for luftforureining svært låg i Iran. Ofte kjem staten med varsel, og Teheran by må evakuerast i fleire dagar. Eg minnest venen min, den store journalisten Nader Talebzadeh, som, medan han intervjua meg på TV brått forlet settet, hosta seg forderva og vart innlagd på sjukehus. Som respons på lidingane til folket sitt, erklærte ayatollah Rouhollah Khomeini at masseøydeleggingsvåpen generelt stod i motsetning til hans syn på islam. Sidan då har Iran gitt opp forskninga si på kjernefysiske, biologiske og kjemiske våpen. Denne etiske avgjerda gjorde at krigen varte litt lenger.

I 1992 organiserte Hashemi Rafsanjani, no profesjonell våpenforhandlar og president for Iran, hemmelege utvekslingar med president Carlos Menems Argentina. I ope samarbeid med USA, sende han troppar til å kjempe under NATO-ordrar i Bosnia-Herzegovina. Han forsynte også bosniarane med argentinske våpen. Offisielt var han ikkje kritisk til Khomeini sin anti-kolonialistiske visjon for verda, men støtta den bosniske presidenten, Alija Izetbegović. Israelsk militærpersonell deltok og i operasjonane.

Den iransk-argentinske våpenhandelen vart forstyrra av Israel, som organiserte angrepet på sin eigen ambassade i Buenos-Aires (1992), deretter angrepet på AMIA (1994) [7] og til sist drap sonen til Argentinas president Carlos Menem, Carlitos (1995) . [8].

I 2001 gav Washington opp sin politikk for balanse i Midtausten. Borte var banda mellom Israel og Iran (1953-79), Israel og Irak (1979-91) og Israel og Saudi-Arabia (1991-2001). Pentagon ville så kaos over heile "større Midtaustsen" (ekskludert Israel), dvs. frå Afghanistan til Marokko [9]. Dei som hadde vald denne nye strategien, hadde sett inn alle krefter på å få den gjennomført: angrepa den 11. september (9/11).

I 2003 vart ein tidlegare revolusjonsgardist, Mahmoud Ahmadinejad, president av Iran. Han reverserte politikken til forgjengarane og returnerte til ideala til ayatollah Rouhollah Khomeini. Han slutta aldri konfliktane med religiøse autoritetar, sjølv med den øvste leiaren. Han industrialiserte landet sitt, bygde sosialbustadar og prøvde å hjelpe sjiamuslimane i Midtausten med å få sjølvråderett. Han stilte spørsmål ved den uuttalte alliansen med Israel.

I 2005 erklærte Ahmadinejad at staten Israel ville forsvinne slik Apartheid-Sør-Afrika gjorde. Reuters forfalska orda hans; dei sa han hadde annonsert øydelegginga av det israelske folket [10].
I 2006 organiserte han ein konferanse om Holocaust i Teheran. Målsetninga hans var ikkje å fornekte sanninga, men tvert imot å vise at staten Israel ikkje var reparasjon for nazi-brotsverka, men eit britisk koloni-prosjekt. Israel hevda då at det er anti-semittisk, noko det absolutt ikkje er.

Samtidig starta Israel ein verdsfemndande pressekampanje der det vart påstått at Iran hadde gjenopptatt sitt militære atom-program. Dette var basert på det faktum at president Mahmoud Ahmadinejad hadde starta eit omfattande sivilt atom-program. Han prøvde verkeleg å finne nye måtar å produsere energi på, gjennom atomkjernefusjon, og ikkje fisjon, som i atombomber. Iran planla på den tida å hjelpe Den tredje verda med å utvikle seg uavhengig av Vestens kontroll over hydrokarbona. Det starta ein svært lang kamp for Iran i internasjonale institusjonar [11]. I tillegg til Iran sitt pseudo-militære atom-program, byrja Israel kritisere Iran sin pseudo-imperialisme i Irak.

Avtalen som i løynd vart slutta den 2. mars 2008 i Baghdad mellom admiral William Fallon, Commander of U.S. Forces for the Middle East (CentCom), og president Mahmoud Ahmadinejad vart broten av USAs visepresident Dick Cheney. Det amerikanske militæret ville forlike Irak med Iran [12]. Men Dick Cheney, som hadde vore involvert i 9/11-angrepa, ville ikkje avvike frå Rumsfeld/Cebrowski-doktrinen. Derfor starta han ein fargerevolusjon under Mahmoud Ahmadinejads andre val [13].

Den 23. september, 2010, talte president Mahmoud Ahmadinejad i FN og kravde ei internasjonal gransking av angrepa den 11. september, 2001, noko som gav Det kvite hus panikk.

Situasjonen endra seg igjen i 2013. USAs president Barack Obama ville sette stopp for Rumsfeld/Cebrowski-doktrinen, som ville kreve tiår og millionar av døde før ein kunne håpe på å få noko tilbake frå investeringa. Han planla difor å fornye banda med dei iranarane som deltok i Iran/Contras-affæren, med andre ord med teamet til Hashemi Rafsanjani.
Han tar i løynd kontakt med Oman [14]. Til sist lova samtalepartnarane hans [15] at dei skulle hindre Ahmaninedjad sitt team å stille med kandidat ved det komande presidentvalet, slik at Hassan Rohani kunne vinne. Samtidig, i august, trekte Barack Obama seg ut av Syria, der han hevda å ha trekt opp ei raud linje, og etterlet sin franske partnar, François Hollande, aleine med krigshissinga si.

Så snart han var vald, oppgav Hassan Rohani igjen ideala til imam Rouhollah Khomeiny og byrja forhandle om sal av iransk olje til europearane. Muter vart betalde av Austerrike. På den andre sida vart den eine etter den andre arresterte og dømde av islamske domstolar, alle kollaboratørane til eks-president Ahmadinejad. Hans visepresident, Hamid Beghaie, vart arrestert med hemmeleg tiltale, ført for retten bak lukka dører og dømd til 15 års fengsel [16].
President Rohanis kabinett la så fram forslag om ein sjiamuslimsk føderasjon med sjia-samfunn i Jemen, Irak, Syria og Libanon, kort sagt ei gjenoppretting av Det persiske imperiet. Samtidig starta 5+1 forhandlingane i Geneve. Innan få dagar hadde dei kome fram til ein avtale. Eit første dokument vart presentert den 24. november, 2013. Dei kinesiske og russiske ministrane Wang Yi og Sergey Lavrov erklærte at avtalen var lett å skisse opp fordi alle partar visste at Iran ikkje har, og heller ikkje prøver å skaffe seg, atomvåpen. Eit langt år med togn følgde, og den opprinnelege teksten vart ikkje signert før den 14. juli, 2015.

Litt seinare, i 2016, slutta Hassan Rohani ein diskret avtale med Israel om forlik i disputten om Eifat-Ashkelon-røyrleidninga. I 2018 vedtok Knesset diskret ei lov som straffar all publisering om eigarane av røyrleidninga med 15 års fengsel.

General Qassem Soleimani, symbol for Irans anti-imperialistiske revolusjon.

Den nye presidenten i USA, Donald Trump, innsåg at han ikkje kunne ha noko hjarteleg forholt til motparten Hassan Rohani. I alles auge, og særleg iranarane, er landet USAs urokkelege fiende. Så den 8. mai, 2018 reiv han i stykker atomavtalen utan å varsle det på førehand. Washington og Teheran spelte denne komedien slik dei hadde gjort med Reagan og Rafsanjani: offisielt hata dei kvarandre, på privaten gjorde dei forretningar med kvarandre. Iranarane, som strammar livreima stadig strammare, vart overraska over å oppdage på sosiale nettverk den utrulege levestandarden til leiarane sine og familiane deira.

Dei to gruppene som har vore motstandarar i eit halvt hundreår i Iran – internasjonale forretningsfolk og anti-imperialistiske kjemparar – krystalliserte seg no rundt president Hassan Rohani og general Qassem Soleimani. Sistnemnde var forkjempar for eit alternativ: "Resistans-aksen". I namnet til Revolusjonsgardekorpset væpna og trente han utlandske sjiamuslimske grupper, ikkje for å legge dei inn i ein føderasjon, men for å gi dei middel til å nå uavhengigheit. Frå Ansar Allah (Jemen) til Hizbollah (Libanon), kvar gruppe ville ha ansvaret over seg sjølv, koordinere med andre, men nekte å ta ordrar frå Teheran. Mennene som var trente av Soleimani vann sigrar mot IS, mot nokre av sine eigne regjeringar og mot Vesten. Han sjølv vart den mest populære mannen i Midtausten. Offisielt var han ikkje involvert i politikk, men talane hans oppelda arabarar og persarar. Om han hadde stilt til val, ville han garantert blitt vald til president. Veteranane frå Iran-Contras-skandalen tok då avgjerda om å eliminere han. Den 3. januar, 2020 vart han drept på Baghdad airport av ein US-amerikansk styrt missil. President Donald Trump tok på seg ansvaret for operasjonen, men den lokale konsensusen var at det hadde blitt pønska ut i Tel Aviv. Den iranske presidenten, Ebrahim Raissi, kunne bli vald utan vanskar.

Det israelske angrepet på det iranske konsulatet i Damaskus bør ikkje tolkast slik at det var retta mot teamet til president Ebrahim Raissi, men i staden mot Revolusjonsgarden.

Oversettelse
Monica Sortland

titre documents joints


(MPEG4 - 22.9 Mio)

[1Syria and the United States, David W. Lesch, Westview (1992).

[2Presidents’ Secret Wars: CIA and Pentagon Covert Operations Since World War II, John Prados, W. Morrow (1986).

[3Zahedi was arrested by the British in 1942 for his Nazi views. He was interned in Mandatory Palestine. The ÎEuropeans) were the Persian people.

[4"Revisionist Zionists" are Jewish fascists, disciples of Zeev Vladimir Jabotinsky, allies of Mussolini.

[5«SAVAK: A Feared and Pervasive Force», Richard T. Sale, Washington Post, May 9, 1977. Debacle: The American Failure in Iran. Michael Ledeen, Vintage (1982).

[6The Iran-Contra Scandal : The Declassified History, Peter Kornbluh & Malcolm Byrne, National Security Archive Document (1993). Veil : The Secret Wars of the CIA, 1981–1987. Bob Woodward, Simon and Schuster (19887).

[7« Les falsifications autour de l’attentat contre l’AMIA et la "piste des 3 États" », par José Petrosino, Traduction Maria Poumier, Réseau Voltaire, 19 avril 2024.

[8«Los vínculos entre el atentado a la AMIA y la muerte de Carlitos Menem», Christian Sanz, Tribuna de Periodistas, 16 de febrero de 2013. «Secretos del día que mataron a Carlitos Menem», Christian Sanz, Tribuna de Periodistas, 13 de marzo de 2013.

[9Rumsfeld/Cebrowski-doktrinen”, av Thierry Meyssan, Oversettelse Monica Sortland, Voltaire Network, 30 mai 2021.

[10Reuters participates in a propaganda campaign against Iran”, Voltaire Network, 23 November 2005.

[11Who’s afraid of Iran’s civilian nuclear programme?”, by Thierry Meyssan, Voltaire Network, 27 July 2010.

[12The resignation of Admiral Fallon will provoke renewed fighting in Iraq”, by Thierry Meyssan, Voltaire Network, 15 March 2008.

[13The CIA and the Iranian experiment”, “Why should I look down on the Iranian people’s choice?”, “« Color revolution » fails in Iran”, by Thierry Meyssan, Voltaire Network, 19, 23 and 27 June 2009. “Iranian Elections: The ‘Stolen Elections’ Hoax”, by James Petras , Voltaire Network, 19 June 2009.

[14Will Washington entrust the Arab world to Riyadh and Tehran?”, by Thierry Meyssan, Voltaire Network, 25 November 2014.

[15In previous articles, I attributed this decision to the Supreme Guide, Ayatollah Ali Khamenei. This interpretation has been contested by all my Iranian friends, yet none has offered me an alternative version.

[16Former President Ahmadinejad’s vice president: Sentenced to 15 years in jail following a secret trial”, Translation Anoosha Boralessa, Voltaire Network, 30 March 2018.