Benjamin Netanyahus israelske delegasjon og Volodymyr Zelenskys ukrainske. Som bakteppe svevar minnet om den fascistiske alliansen til Vladimir Jabotinsky og Dmytro Dontsov.

Generalt definerer alle krigar kven «vi» er og kven «dei» er. «Vi» er Gode, medan «dei» er Vonde.

Leiarane i Vestene seier at krig er ille, men absolutt nødvendig i dag i møte med aggresjonen frå Russland og Hamas. Dei seier Russland, eller presidenten deira, Vladimir Putin, drøymer om å beslaglegge eigedommen vår og øydelegge vårt politiske system. At han etter invasjonen av Ukraina vil invadee Moldova og dei baltiske statane, og deretter halde fram vestover. Hamas, på den andre sida, er ei hat-fylt sekt som startar med valdtekt og hovudkapping av jødar på grunn av anti-semittisme, og vil gå vidare med å invadere Vesten i namnet til religionen sin.

Ein kan godt merke seg at både Israel og USA vart grunnlagt av deira arméar, Haganah og Den kontinentale arméen. I dag består den store majoriteten av dei politiske leiarane deira av folk som har hatt ein karriere innan dei væpna styrkane eller dei hemmelege tenestene. Men dei er ikkje aleine om det, for Xi Jinping er ein militær mann og Vladimir Putin var tidlegare medlem av Sovjets hemmelege teneste (KGB).

Ein kan lure på kva som forar fantasibilda til det politiske Vesten, og korleis dei hindrar oss i å fatte realitetane. Russia invaderte ikkje Ukraine meir enn Frankrike invaderte Rwanda. Moskva og Paris stoppa massakren på ukrainarar i Donbass og rwandiske tutsiar. Begge var drivne av sitt «ansvar for å forsvare» og implementerte resolusjonane til FNs Sikkerheitsråd. Palestinarar driv ikkje med valdtekt og hovudkapping for å more seg, sjølv om nokre av dei tilhøyrer eit hemmeleg selskap som gjer det. Dei slåst ikkje mot jødar på grunn av anti-semittisme, unntatt for den historiske greina til Hamas, men mot apartheid-systemet som dei er offer for.

Kanskje er den kollektive blindskapen sin første funksjon å utslette våre tidlegare brøtsverk: det var «demokratia» til USA og medlemmar av EU som organiserte kuppet mot Ukrainas valde president, Viktor Janukovitsj, i 2014. Det var Tyskland og Frankrike som signerte Minsk-avtalane som skulle sikre freden for ukrainarane i Donbass (2015), men aldri hadde til hensikt å implementere dei, og som ifølge innrømmingane til kanslar Angela Merkel og president François Hollande, brukte dei til å væpne Ukraina mot Russland. Dette løfte- og signaturbrotet er ifølge Nürnberg-tribunalet det største av alle brotsverk, eit brotsverk «mot freden».

Sameleis er det «Midtaustens beste demokrati», Israel, som har stole, meter for meter, ved okkupasjon og knabbing, størsteparten av dei palestinske territoria som vart etablert av Sikkerheitsrådets resolusjon 181 (1947).

Eller kanskje er det tvert om: vår kollektive blindskap er kanskje designa for å la oss utføre våre neste brotsverk. I så fall bør det ikkje overraske oss at vi prøver å legge den russiske økonomien i ruinar og sende Russland tilbake til Steinalderen. Vi bør heller ikkje bli overraska over talar som ber om etnisk reinsing av Palestina og fordriving av ein million palestinarar.

Benjamin Netanyahu og Volodymyr Zelensky i minnestund i Babi Yar, der 33 000 jødar vart massakrerte av nazistane og deira ukrainske kollaboratørar. Seremoniens hykleri er openlys: minnemerket ligg ved Stepan Bandera-avenyen, oppkalla etter "Providnyk" (guiden) for OUN (Organisasjonen for ukrainske [integrale] nasjonalistar.

Desse konfliktane handlar ikkje om ressursar, men om territorium. Sidan 1917 har Dmytro Dontsovs Ukrainske integrale nasjonalistar gjort krav på Nestor Makhno’s anarkistiske Novorossia og dei bolsjevikske Donbass og Krim. Desse territoria vart spleisa saman til sovjetrepublikken Ukraina av ukrainaren Nikita Khrushchev, men Kiev kan ikkje påberope seg så nyleg historia til å gjere hevd på området som sitt. På same måten har sidan 1920 Vladimir Ze’ev Jabotinsky sine Revisjonistiske sionistar kravd suverenitet over heile Palestina, og til sist over Egypts Sinai, Libanon, Jordan og Syria – kort sagt alle territoria frå «Nilen til Eufrat». Kongedømet Jerusalem bestod i Oldtida av byen og forstadane til byen, men det lar ikkje Israel påberope seg historia for alle desse erobringane.
.
Det blir ofte sat at den demografiske pyramiden bestemmer aggressiviteten til statane. Statar med eit fleirtal av unge menneske mellom 15 og 30 år skal vere meir tilbøyelege til krig. Men dette er ikkje tilfellet verken for Ukraina eller Israel. Det er dessutan Palestina, og ikkje Israel, som alderspyramiden skulle presse mot krig.

Det ideologiske spørsmålet er kanskje det viktigaste. Dmytro Dontsov og hans medhjelpar Stepan Bandera glorifiserte dei ukrainske krigarane, arvingar etter dei svenske vikingane som laut slakte «moskovittane» for å kunne feste i Valhall. I dag er det «Den kvite føraren», Andriy Biletsky, som var kommandant for troppane i Azov-bataljonen i Mariupol, den 3. angreps-brigaden i Bakhmut/Artemovsk og no sist i Avdeyevka/Avdijevka. På same måten har heller ikkje Benjamin Netanyahu, son av Vladimir Jabotinskys privatsekretær, nølt med å samanlikne palestinarane med oldtidas amalekittar. Implikasjonen er at dei alle må utryddast, slik Jahveh krev, elles vil rasen deira atter reise seg mot hebrearane. På same måten har IDF systematisk øydelegd alle universitet og skular på Gazastripa og massakrert 30 000 sivile under påskot av å bekjempe Hamas.

Dmytro Dontsov gjekk i allianse med Adolf Hitler så tidleg som i 1923, dvs. før han kom til makta, og vart ein av administratorane ved Reinhard Heydrich-instituttet, med ansvar for å gjennomføre Endeløysinga på jøde- og sigøynarproblemet. Vladimir Jabotinsky, som hadde gått i allianse med Dontsov i 1922, grunnla kaderskulen Betar i Civitavecchi (Italia) med hjelp av duce Benito Mussolini i 1935. Han greidde ikkje å spele noka stor rolle under Andre verdskrig, då han døydde i august 1940. Det bør ikkje herske tvil om dei ukrainske integrale nasjonalistane sin truskap til Nazismen og Dei revisjonistiske sionistane sin truskap til fascismen.

Av den grunn finn vi i dag territorielogikken til fascistiske og nazistiske regime i talane til Ukrainas president Volodymyr Zelensky og Israels statsminister Benjamin Netanyahu. Samtidig hevdar både Russlands og Palestinas presidentar, Vladimir Putin og Mahmoud Abbas, konstant at dei forsvarer folka sine.

• For å finne ut meir om Dmytro Dontsov sin «integrale nasjonalisme», les:
 "Who are the Ukrainian integral nationalists?", av Thierry Meyssan, Réseau Voltaire, November 15, 2022.
• For meir om Volodymyr Jabotinsky sine Revisjonistiske sionistar, les:
 "The veil is being torn: the hidden truths of Jabotinsky and Netanyahu", av Thierry Meyssan, Voltaire Network, January 23, 2024.
 og "In Jerusalem, the ’Conference for the Victory of Israel’ threatens London and Washington", av Thierry Meyssan, Voltaire Network, February 13, 2024.

Oversettelse
Monica Sortland