Denne artikkelen er ein oppfølgar til:
1- Midtausten frir seg frå Vesten
2- Førebuingar til ein ny verdskrig

President Vladimir Putin hadde møte med sikkerheitsrådet sitt via videokonferande den 31. mars, 2023. På slutten av møtet kunngjorde han ei oppdatering av «Den russiske føderasjonens utanrikspolitiske konsept».

I dette dokumentet legg Russland fram sin visjon av rolla si under oppbygginga av ei multipolar verd.

Først blir det minna om landets betydelege ressursar på alle område av livet, deira status som permanent medlem av FNs sikkerheitsråd, deltakinga deira i viktige internasjonale organisasjonar og forbund, kjernekrafta deira og statusen deira som etterfølgar i SSSRs rettar. Framfor alt med tanke på den avgjerande rolla deira for sigeren i Andre verdskrig og den aktive deltakinga under avviklinga av det kolonialistiske verdssystemet, ser Russland på seg sjølv som eit av dei suverene sentra for verdsutvikling, og ser det som sitt historiske oppdrag å oppretthalde ein global maktbalanse og konstruere eit multipolart internasjonalt system.

UTVIKLING AV DAGENS VERD

Russland observerer at den urettvise modellen for global utvikling, som i fleire hundre år sikra ein akselerert økonomisk vekst for kolonimaktene, då dei tileigna seg ressursane til koloniane sine, no høyrer fortida til.

Angelsaksarane gjer forsøk på å halde tilbake «historias naturlege gang». Det blir brukt ei lang rekke illegale instrument, inkludert «unilaterale tvangstiltak» (mivisande kalla «sanksjonar»), valding av statskupp, væpna konfliktar, truslar, utpressing osb.

Omgrepet «Angelsaksarar» er ikkje brukt i dokumentet. Det er ei forkorting eg brukar, utifrå utsegenene til ulike ministrar. Moskva meiner fienden primært er USA, men at dei har danna ein koalisjon av fiendtlege statar der Storbritannia speler ei sentral rolle.

Russland kan, som det største landet i verda, ikkje forsvare grensene sine. Dei er lette å invadere. Oppigjennom historia har Russland lært seg å slå invaderande ved å bruke sitt kolossale areal og klima til sin fordel. Landet har kjempa mot hærstyrkane til Napoleon I og Adolf Hitler, men har for det meste brend sitt eige territorium for å svelte dei ut. I fråvær av nærliggande støttepunkt, måtte styrkane trekke seg tilbake og vart gjort kål på av «General Vinter». I motsetning til andre land, krev sikkerheita til Russland at det ikkje kan samle seg nokon fiendtleg armé direkte på grensa deira.

Då USA og satellittane deira såg på opprustinga til Russland som ein trussel mot verdsherredømmet sitt, brukte dei tiltaka som Den russiske føderasjonen gjorde for å forsvare sine vitale interesser i Ukraina som eit påskott til å skjerpe sin årelange anti-russiske politikk og starte ein ny type hybridkrig. Med ’vitale interesser’ bør vi forstå det ukrainske militæret si underordning under Pentagon etter 2014-kuppet, utgjer ein trussel mot den russiske nasjonen.

Interesser og mål for Russland

Russlands nasjonale interesser er, ifølge dokumentet:

1) verne den konstitusjonelle ordenen, suvereniteten, uavhengigheita, Den russiske føderasjons territorielle og statlege integritet mot destruktiv utlandsk påverknad;
2) oppretthald av strategisk stabilitet, styrking av internasjonal fred og sikkerheit;
3) styrking av det juridiske rammeverket rundt internasjonale relasjonar;
4) vern av rettane, fridommane og dei legitime interessene til russiske statsborgarar og vern av russiske organisasjonar mot ulovleg utlandsk innblanding;
5) utvikling av eit trygt informasjonsrom, vern av det russiske samfunnet mot utlandsk informasjonsmessig og psykologisk påverknad når den er destruktiv;
6) bevaring av det russiske folket, utvikling av det menneskelege potensialet, auka livskvalitet og velvære for innbyggarane;
7) støtte ei berekraftig utvikling av den russiske økonomien på ein ny teknologisk basis;
8) styrking av tradisjonelle russiske andelege og moralske verdiar, bevaring av den kulturelle og historiske arva til det multinasjonale folket i Den russiske føderasjonen;
9) miljøvern, bevaring av naturressursane og miljøstyring, tilpasning til klimaendringar.

Måla for Russlands utanrikspolitikk er, sitat:

1) etablering av ein rettvis og berekraftig verdsorden;
2) oppretthald av internasjonal fred og sikkerheit, strategisk stabilitet, sikring av fredeleg sameksistens og progressiv utvikling av statar og folk;
3) assistere verdssamfunnet i utviklinga av effektive, komplekse responsar på felles utfordringar og truslar, inkludert regionale konfliktar og kriser;
4) utvikling av gjensidig fordelaktige og likeverdige rettar, samarbeid med alle utlandske statar med ei konstruktiv haldning og deira alliansar, sikre at dei russiske interessene blir tatt omsyn til i rammeverket til institusjonar og mekanismar for multilateralt diplomati;
5) opposisjon mot den anti-russiske aktiviteten til visse utlandske statar og deira allierte, opprette vilkår for å stoppe slik aktivitet;
6) etablere godt grannskap med nabolanda, assistere i forhindring og eliminasjon av arnestadar for spenningar og konfliktar på deira territorium;
7) assistanse til Russlands allierte og partnarar innan fremjing av felles interesser, garantere sikkerheita deira og berekraftig utvikling uavhengig av internasjonal anerkjenning og medlemskap i internasjonale organisasjonar;
8) frigjere og styrke potensialet til multilaterale, regionale forbund og integrasjonsstrukturar med Russlands deltaking;
9) styrking av Russlands stilling i verdsøkonomien, oppnå måla for nasjonal utvikling i Den russiske føderasjonen, sikre økonomisk tryggleik, realisere statens økonomiske potensial;
10) fremje Russlands interesser i verdshava, det ytre rom og luftrommet;
11) danne eit objektivt bilde av Russland i utlandet, styrke landets stilling i det globale informasjonsrommet;
12) styrke viktigheita av Russland i det globale humanitære rommet, styrke stillinga til det russiske språket i verda, hjelpe til med å bevare den historiske sanninga og minnet om Russlands rolle i verdshistoria i utlandet;
13) omfattande og effektivt forsvar av rettane, fridommane og dei legale interessene til russiske statsborgarar og organisasjonar i utlandet (Russland har alltid sett seg som forsvarar av den russiske kulturens minoritetar i utlandet);
14) utvikling av relasjonar med landsmenn som bur i utlandet, og omfattande støtte til at dei kan realisere sine rettar, beskytte sine interesser og bevare den generelle russiske kulturelle identiteten.

RETTSVELDE

Dagens Folkerett vart skapt på Haag-konferansen i 1899, samankalla av den siste tsaren, Nikolai II. 27 statar deltok. Konferansen var dedisert til å «søke dei mest effektive måtane til å sikre alle folk fordelane av ein reell og varig fred». Den varte i 72 dagar.

Tre emne vart diskuterte, men berre dei to siste vart vellykka: avgrensing av våpen, soldatar og militærbudsjett; etablering av konvensjonar som i krigstid skulle redusere bruken av dei mest dødelege våpena og unødvendig liding (konferansen vedtok Martens-klausulen: alt som ikkje er uttrykkeleg forbode ved traktat, kan likevel vere ulovleg. Det la såleis grunnlaget for Folkeretten og rettferdiggjorde Nürnberg-tribunalet); anerkjenning av grunnsetningane i voldgiftsrett, når saka tillet det (konferansen oppretta den permanente voldgiftsdomstolen i Haag etter eit fransk forslag).
Den franske delegasjonen utmerkte seg. Den inkluderte Léon Bourgeois, Paul d’Estournelles de Constant og Louis Renault, tre framtidige vinnarar av Nobels fredspris. Denne konferansen introduserte to innovasjonar: legalt likeverd mellom statar, uansett kven dei er; søk etter kompromissløysingar og einstemmigheit som kjelde til legitimitet.

Metoden til denne konferansen, som Russland alltid har respektert, er dens tenkemåte (og den til Leon Bourgeois sine franske radikale). Moskva meiner den finn sitt noverande uttrykk i FN-pakta (1945) og i FNs erklæring frå 1970 om prinsippa for internasjonal lov som gjeld venlege relasjonar og samarbeid mellom statar ifølge FN-pakta.

I opposisjon til Folkeretten, definert kollektivt innanfor FN, prøver Vesten å erstatte den med eit sett «reglar» dei sjølve har definert, i fråvær av alle andre. Berre den velvillige innsatsen til heile det internasjonale samfunnet kombinert, basert på balanse av makt og interesser, kan effektivt sikre ei fredeleg og progressiv utvikling av store og små statar.

I dokumentet frå 31. mars, minner Russland om at den spesielle militæroperasjonen deira i Ukraina er autorisert av Artikkel 51 i FN-pakta. Russland refererer til det planlagde angrepet til den ukrainske regjeringa mot Donbas, og har seinare publisert ein av dei handsdkrivne tekstane til den ukrainske stabssjefen. Det er derfor forståeleg at anerkjenninga av Donbass-republikkane som uavhengige statar allierte med Russland (på kvelden for starten av militæroperasjonen) var eit nødvendig vilkår for bruken av Artikkel 51.

Det handlar om å etablere kontraktsmessige relasjonar mellom statar, vel vitande om at dei sterkaste alltid vil kunne bryte ordet sitt og utrydde dei svakaste. Det må derfor følgast opp med garantiar for at makthavarane avstår frå å misbruke avtalane. Desse garantiane kan berre vere overbevisande om Russland, slik dei andre, har fri tilgang til verdas rom, inkludert verdsrommet, og om det kjem på plass mekanismar for å hindre eit våpenkappløp.

SKILDRING AV DEN MULTIPOLARE VERDA

Moskva tilnærmar seg den multipolare verda via ein kulturell visjon om verda. Dei vil ha relasjonar med alle kulturar og oppfordrar kvar og ein om å danne mellomstatlege organisasjonar.

Dokumentet slår fast at, medan dei ber nærliggande land om å ikkje vere vertskap for troppar og militærbasar frå fiendtlege statar, er dei villige til å hjelpe dei å stabilisere seg. Det inkluderer å hjelpe dei med å undertrykke destabiliseringsmanøvrar frå fiendtlege statar i landa sine. Moskva aktar ikkje å hjelpelaust sjå på at andre land følger den ukrainske vegen og styrtar folkevalde styresmakter ved hjelp av nynazistiske grupper.

Dokumentet legg stor vekt på styrkinga av samarbeidet med Kina og koordinering med deira internasjonale innsats. Det handlar altså hovudsakleg om fødselen til ei multipolar verd, bragt til verda av to fødselshjelparar, Moskva og Beijing. På det militære planet nemner Moskva sitt strategiske partnarskap med India.

Eit spesielt avsnitt handlar om den islamske verda, som med sigeren i Syria og fredsavtalen mellom Iran og Saudi-Arabia har kome seg bort frå Vestens dominans.

Når det gjeld vest-Europa, håpar Moskva at dei vil innsjå sine mistak og kutte banda til angelsaksarane. Til dess har Moskva ikkje berre mistillit til NATO, men og til EU og Europarådet.

Russland posisjonerer ikkje seg sjølv som ein fiende av Vesten, isolerer seg ikkje mot dei, har ingen fiendtlege intensjonar mot dei, og håpar at statane som tilhøyrer det Vestlege samfunnet i framtida vil innsjå det fåfengde i konfrontasjonspolitikken dei fører, og i staden samle seg om prinsippa om suverent likeverd og respekt for gjensidige interesser. Det er innanfor ein slik kontekst at Den russiske føderasjonen er klar for dialog og samarbeid.

Russlands politikk andsynes USA har ein todelt karakter på grunn av rolla til landet som, på den eine sida, eit av dei mektige suverene sentra for verdutviklinga, og på den andre sida som inspirator, organisator og utøvar av den aggressive anti-russiske politikken til Vesten, som utgjer ein sikkerheitsrisiko for Den russiske føderasjonen, internasjonal fred og ei balansert, rettvis og progressiv utvikling for menneskeslekta.

Oversettelse
Monica Sortland