I 30 år har the National Endowment for Democracy (NED, den nasjonale stiftinga for demokrati) vore ein underentreprise for den legale delen av illegale CIA-operasjonar. Utan å reise mistanke har dei fått på plass det største korrupsjonsnettverket i verda, med muting av fagforbund og leiarsjiktssyndikat og politiske parti både på høgre- og venstresida, slik at dei forsvarer interessene til USA i staden for til medlemmane sine. I denne artikkelen skildrar Thierry Meyssan kor utbreidd dette systemet er.
I 2006 retta Kreml anklagar mot utanlandske forbund i Russland – nokre av dei deltakande i ein hemmeleg plan orkestrert av NED – som har arbeidd effektivt for å destabilisere landet. For å hindre ein «fargerevolusjon» trakk Vladislav Surkov opp strenge reguleringar for desse ikkje-statlege organisasjonane (non-governmental organizations, NGOar). I Vesten vart dette administrative rammeverket skildra som eit «nytt angrep på organisasjonsfridommen frå diktatoren Putin og hans rådgjevar».
Denne politikkan har blitt følgd også av andre statar som på si side har fått merkelappen «diktatorar» av den internasjonale pressa.
Dei US-amerikanske styresmaktene garanterer for at dei jobbar mot å «fremje demokrati for heile verda». Dei hevdar at Kongressen i USA kan subsidiere NED og at NED på si side, heilt uavhengig, direkte eller indirekte, kan hjelpe foreiningar, politiske parti eller fagforbund kor som helst i verda. NGOane som er, slik namnet tilseier, ikkje-statlege, kan ta politiske initiativ som ambassadørar ikkje kan påta seg utan å krenke suvereniteten til mottakarlanda. Kjernen i saka ligg her: NED og nettverket av NGOar som dei finansierer: er dei initiativ frå sivilsamfunnet som urettvist blir undertrykt av Kreml eller skalkeskjul for USAs hemmelege tenester tatt på fersken i innblanding?
For å svare på dette spørsmålet skal vi returnere til opphavet og funksjonen til NED. Men vårt første steg må vere å analysere tydinga av dette US-amerikanske prosjektet: «eksport av demokrati».
Kva slags demokrati?
Folket i USA godkjenner ideologien til forfedrene sine som grunnla nasjonen. Dei oppfattar seg sjølve som ein koloni som har kome frå Europa for å etablere ein by som lyder Gud. Dei ser landet sitt som «eit lys på fjellet», med orda til helgenen Matteus, noko også dei fleste presidentane i to hundreår tok opp i sine politiske talar. USA skulle vere ein førebiletleg nasjon, skinande frå toppen av ein ås, lysande opp heile verda. Og alle andre folk i verda kunne berre håpe på å etterlikne denne modellen for å oppnå sitt velvere.
For folket i USA betyr denne svært naive trua i seg sjølv at landet deires er eit eksemplarisk demokrati og at dei har ei messiansk plikt til å tvinge det på resten av verda. Medan St. Matteus såg føre seg at ein skulle spreie trua berre gjennom eit føredømleg rettvist levesett, så tenkte nasjonsgrunnleggarane til USA på opplysning og trusmisjon i form av regimeskifte. Dei engelske puritanarane halshogg kong Charles I før dei flykta til Nederland og Amerika, deretter forkasta patriotane i Den nye verda autoriteten til kong George III av England og proklamerte uavhengigheit for dei Foreinte Statane.
Svanger med denne nasjonale mytologien, oppfattar ikkje folket i USA utanrikspolitikken til regjeringa si som ei form for imperialisme. I deira auge er det desto meir legitimt å styrte ei regjering som har ambisjonar om ta forma til ein modell som er ulik deires eigen og dermed vond. På same måten er dei overbeviste om at dei på grunn av den messianske misjonen som dei er pålagt, har kome for å tvinge demokrati på landa dei har okkupert, med makt. Til dømes har dei på skulen lært at amerikanske soldatar bragte demokrati til Tyskland. Dei veit ikkje at historia indikerer det tvert motsette: deira regjering hjelpte Hitler med å vrake Weimar-republikken og sette opp eit militærregime for å kjempe mot sovjetarane. Denne irrasjonelle ideologien hindrar dei i å utfordre naturen til institusjonane deira og det absurde konseptet om «tvungent demokrati».
No, i følge president Abraham Lincoln sitt formular er demokrati ei «regjering av folket, ved folket og for folket».
Utifrå dette synspunktet er ikkje USA eit demoktrati, men eit hybridsystem der den utøvande makta er returnert til oligarkiet, medan folket avgrensar si tilfeldige utøving gjennom lovgivande - og domsmakt som kan tøyle dei. For medan folket vel Kongressen og nokre dommarar, så er det statane i føderasjonen som vel den utøvande makta og sistnemnde utnemner høgsterettsdommarane. Sjølv om borgarar har blitt kalla til å bestemme sitt val av president, så fungerer stemma deires i denne saka berre som ratifisering, slik Høgsterett peika på i 2000, i Gore vs. Bush. Den amerikanske Konstitusjonen, grunnlova, anerkjenner ikkje at folket er suverene, fordi makta er delt mellom folket og ein føderasjon av statar, med andre ord, mellom leiarane i samfunnet.
Som ein digresjon observerer vi at i motsetning til dette er den Russiske Føderasjonen si grunnlov demokratisk – i det minste på papiret. Den erklærer: «haldaren av suverenitet og den einaste kjelda til makt i den Russiske Føderasjonen er landets multinasjonale befolkning.» (Tittel I, kap. 1, punkt 3).
Denne intellektuelle konteksten forklarer at USA støttar regjeringa si når den forkynnar at den vil «eksportere demokrati», sjølv om deira eiga grunnlov signaliserer at dei ikkje er eit. Men det er vanskeleg å sjå korleis dei skulle kunne eksportere noko dei ikkje har og ikkje ønsker å ha hos seg sjølve.
Dei siste tretti åra har denne motsetninga vore støtta av NED og gitt spesifikk form gjennom destabiliseringa av eit stort tal statar. Med eit smil som eit reint samvit har velsigna dei med, har tusentals aktivistar og godtruande NGOar krenka folkets suverenitet.
Ei pluralistisk og uavhengig stifting
I sin berømte tale den 8. juni 1982 til det britiske parlamentet, anklagar president Reagan SSSR (Sovjetunionen) for å vere «vondskapens imperium» og føreslår å yte hjelp til dissidentar der og andre stadar. Han erklærte: «Vi treng å skape den nødvendige infrastrukturen for demokrati: pressefridom, fagforeiningar, politiske parti og universitet. Dette vil la folket velge den beste vegen for dei til å utvikle sin kultur og løyse sine disputtar på fredeleg vis.» På basis av denne felles forståinga av kampen mot tyranniet, oppretta dei ein kommisjon som sponsa etableringa av NED i Washington. Stiftinga vart etablert av Kongressen i november 1983 og umiddelbart finansiert.
Stiftinga subsidierer fire uavhengige strukturar som redistribuerer pengar utanlands, gjer dei tilgjengelege for foreiningar, fagforbund og medlemmar av herskarklassen og parti på høgre- og venstresida. Dei er:
– Instituttet for Frie Fagforbund (FTUI), no kalla American Centre for International Labour Solidarity (ACILS), styrt av fagforeininga AFL-CIO;
– Centre for International Private Enterprise (CIPE), styrt av handelskammeret i USA;
– International Republican Institute (IRI), styrt av Republikanarane;
– National Democratic Institute for International Affairs (NDI), styrt av Demokratane.
Presentert på denne måten verkar det som NED med sine fire tentaklar er forankra i sivilsamfunnet, der dei representerer sosialt mangfald og politisk pluralisme. Grunnlagt av det amerikanske folket, gjennom Kongressen, hadde dei fungert i tråd med eit universelt ideal. Dei hadde vore heilt uavhengige av den presidentielle administrasjonen. Og deira gjennomskådelege handlingar kunne ikkje ha vore ei maske for hemmelege operasjonar som tener udeklarerte nasjonale interesser.
Røynda er heilt noko anna.
Eit drama produsert av CIA, MI6 og ASIS
Ronald Reagan sin tale i London tok stad i kjølvatnet til skandalane kring avsløringane som kom fram under Kongress-komitéar sine granskingar av CIA sine kupp ved hjelp av skitne triks. Kongressen forbyr så Byrået [CIA] å organisere fleire statskupp for å vinne marknadar. I mellomtida, i Det kvite hus, søker Det nasjonale sikkerheitsrådet (the National Security Council, NSC) måtar å få på plass andre verkty for å omgå dette forbodet.
The Commission of Bipartisan Reflection [«topartstenkningskommisjonen», Topartskommisjonen] var etablert før talen til Ronald Reagan, men offisielt mandat frå Det kvite hus fekk dei først etterpå. Dette betyr at kommisjonen ikkje responderer på svulstige presidentielle ambisjonar, men går føre dei. Derfor er Reagans tale berre retorisk påkledning av avgjerder som i prinsippet allereie er tatt, og meint å implementerast av Topartskommisjonen.
Styreleiar for Topartskommisjonen var US Special Representative for Trade (spesialutsending for handel), noko som indikerer at ho ikkje har til hensikt å fremje demokrati, men «marknadsdemokrati», etter terminologien å dømme. Dette er heilt i tråd med den US-amerikanske modellen: eit økonomisk og finansielt oligarki tvingar sine politiske val på andre gjennom marknadane og ein føderal stat, medan parlamentarikarar og dommarar valde av folket vernar individ frå vilkårleg styring.
Tre av NEDs fire perifere organisasjonar blei danna for anledningen. Men der var ikkje behov for å etablere den fjerde, ei fagforeining (ACILS). Denne vart danna ved slutten av Andre verdskrig, sjølv om den skifta namn i 1978 då det vart avdekka at dei var underkasta CIA. Frå dette kan vi trekke konklusjonen at CIPE, IRI og NDI ikkje kom til live spontant, men vart konstruerte av CIA.
Vidare ser vi at sjølv om NED er eit forbund under US-amerikansk lov, så er det ikkje berre eit verkty for CIA, men eit verky som er delt med britiske tenester (som er grunnen til at Reagan kunngjorde danninga i London) og dei australske tenestene. Dette viktige poenget blir ofte glatta over utan kommentar. Men det er bekrefta av gratulasjonsmeldingar frå statsministrane Tony Blair og John Howard under 20-årsjubiléet til den såkalla «NGO»en. NED med sine tentaklar er er organ tilhøyrande ei anglo-saxisk militærpakt som bind saman London, Washington og Canberra; det same gjeld for det elektroniske nettverket Echelon. Dette apparatet kan brukast av ikkje berre CIA, men også britiske MI6 og australske ASIS.
For å skjule denne realiteten, har NED blant sine allierte stimulert til danninga av liknande organisasjonar som kan samarbeide med dei. I 1988 utstyrte Canada seg med senteret Droits & Démocratie, som hadde eit spesielt fokus på først Haiti, deretter Afghanistan. I 1991 etablerte Storbritannia Westminster Foundation for Democracy (WFD) (Westminster-stiftinga for demorati). Verkemåten til dette offentlege organet er modellert etter NED: administrasjonen er overlatt til politiske parti (åtte delegatar: tre for Det konservative partiet, tre for Arbeidarpartiet, ein for Det liberale partiet og ein for dei andre partia representerte i parlamentet). WFD har gjort mykje arbeid i aust-Europa. I 2001 blir Den europeiske unionen, EU, utstyrt med eit Europeisk instrument for demokrati og menneskerettar (European Instrument for Democracy and Human Rights, EIDHR), som vekker mindre mistanke enn sine motpartar. Dette byrået er EuropAid, leidd av ein høg tenestemann, like mektig som han er ukjent: nederlendaren Jacobus Richelle.
Presidentdirektiv 77
Då parlamentarikarar i USA stemte for etableringa av NED den 22. november 1983, visste dei ikkje at det allereie eksisterte hemmeleg i samsvar med eit president-direktiv datert 14. januar.
Dette dokumentet, deklassifisert først to tiår seinare, legg til rette for at “public diplomacy” skal vere eit politisk korrekt uttrykk for propaganda. Det etablerer arbeidsgrupper innanfor Det nasjonale sikkerheitsrådet (NSC) i Det kvite hus. Ei av desse har som oppgåve å leie NED.
Altså er styret i Stiftinga berre ei drivreim for NSC. For å halde oppe fasaden har dei blitt eininge om ein generell regel om at CIA-agentar og tidlegare agentar ikkje kan utnemnast til styreverv.
Ting er likevel gjennomskådelege. Dei fleste høge tenestemenn som har spelt ei sentral rolle i Det nasjonale sikkerheitsrådet, har vore NED-direktørar. Slike som t.d. Henry Kissinger, Franck Carlucci, Zbigniew Brzezinski eller til og med Paul Wolfowitz; karakterar som ikkje vil gå inn i historia som demokratiets idealistar, men som kyniske valdsstrategar.
Stiftinga sitt budsjett kan ikkje tolkast isolert, for dei mottar instruksjonar frå NSC om å føre an i store felles-operasjonar mellom fleire byrå. Det er verdt å merke seg at middel blir frigjort frå International Aid Agency [U.S. Agency for International Development (USAID) er ein amerikansk føderal etat som har ansvar for det meste av landets ikkje-militære utviklingshjelp] utan å bli registrert i NEDs budsjettbalanse, for «av-byråkratisering». Vidare mottar Stiftinga indirekte pengar frå CIA etter at dei først har blitt vaska av private mellommenn, som t.d. Smith Richardson-stiftinga, John M. Olin-stiftinga eller til og med Lynde and Harry Bradley-stiftinga.
For å vurdere utbreiinga til dette programmet, skulle vi måtte samanlikne NEDs budsjett med dei korresponderande under-budsjetta til Utanriksdepartementet, USAID, CIA og Forsvarsdepartementet. I dag er eit slikt estimat umuleg å gjere.
Ikkje desto mindre gir visse element vi kjenner ein viss idé om viktigheita av eit slikt estimat. Over dei siste fem åra har USA brukt meir enn ein milliard dollar på organisasjonar og parti i Libya, ein liten stat med 4 millionar innbyggarar. Totalt har halvparten av denne mannaen blitt gitt i openheit av Utanriksdepartementet, USAID og NED; den andre halvdelen har i løynd blitt betalt av CIA og Forsvarsdepartementet. Dette dømet lar oss estimere USAs generelle budsjett for institusjonell korrupsjon til titals milliardar dollar årleg. Det ekvivalente programmet til EU, som er heilt ope for innsyn og sørgar for integrasjonen med USAs operasjonar, er på 7 milliardar euro per år.
Til sjuande og sist er NED sin legale struktur og storleiken på deires offisielle budsjett berre lokkemat. I sitt vesen er dei ikkje ein uavhengig organisasjon for legale gjeremål som CIA før var betrudde med, men eit vindauge som NSC gir ordrar gjennom om å utføre legale element av illegale operasjonar.
Den trotskistiske strategien
Då dei vart danna (1984) var NED leia av Allen Weinstein, deretter av John Richardson i fire år (1984-88), til sist av Carl Gershman.
Desse tre menna har tre ting til felles:
– dei er jødiske;
– dei var aktive i Trotrky-partiet Social Democrats USA og
– dei har arbeidd ved Freedom House.
Det finst ein logikk i dette: hatet til stalinismen leidde nokre trotskistar til å slå seg saman med CIA i kampen mot sovjetarane. Dei hadde med seg teorien om global makt, omforma til «fargerevolusjonar» og «demokratisering». Dei har heilt enkelt plassert om på Trotskys Vulgata ved å bruke den i den kulturelle kampen, analysert av Antonio Gramsci: makt blir utøvd psykologisk heller enn ved tvang. For å styre massane må eliten først innprente ein ideologi som programmerer dei til å akseptere den makta som dominerer dei.
The American Centre for the Solidarity of Workers (ACILS, senter for arbeidarsolidaritet)
Også kjent som Solidarity Centre, er ACILS fagforeiningsgreina til NED og kanskje deires viktigaste kanal.Dei distribuerer meir enn halparten av Stiftinga sine donasjonar. Dei har erstatta dei tidlegare organisasjonane som tente under Den kalde krigen for å organisere ikkje-kommunistiske fagforeiningar i verda, frå Vietnam og Angola, til Frankrike og Chile.
Det faktum at fagforeiningar vart valde som dekke for dette CIA-programmet, er ein sjeldan perversitet. Langt ifrå det marxistiske slagordet «Proletarar i alle land – forein dykk» bringer ACILS saman US-amerikanske arbeidarklasse-fagforbund i ein imperialisme som knusar arbeidarar i andre land.
Denne forbundsfellen var leidd av Irving Brown, ein fargerik karakter, frå 1948 til hand død i 1989.
Einskilde skribentar sver på at Brown var sonen til ein kviterussar, ein kompis av Alexander Kerensky [som sat som statsminister i Russland dei få månadane mellom Februarrevolusjonen og Den store sosialistiske revolusjonen] . Det vi veit som sikkert, er at han var OSS-agent (dvs. ein agent for etterretningstenestene til USA gjennom Andre verdskrig); og han deltok i etableringa av CIA og NATO sitt Gladio-nettverk [Stay Behind]. Men han nekta å ta på seg ei leiarstilling, då han føretrakk å fokusere på sitt ekspertisefelt, fagforeiningar. Han hadde sin base i Roma, deretter Paris, og aldri i Washington. Så han hadde signifikant påverknad på italiensk og fransk samfunnsliv. På slutten av livet sitt skraut han også av at han aldri slutta å styre den franske fagforeininga Force Ouvriére frå kulissene, og at han trakk i strengane til student-fagforeininga UNI (der dei følgande er aktive: Nicolas Sarkozy og hans ministrar François Fillon, Xavier Darcos, Hervé Morin og Michèle Alliot-Marie, og presidenten av the National Assembly, Bernard Accoyer og presidenten av majoritetsgruppa i parlamentet, Jean-François Copé), og at han personleg hadde trent opp på venstresida medlemmar av ei trotskistisk utbrytargruppe, blant andre Jean-Christophe Cambadelis og den framtidige statsministeren Lionel Jospin.
På slutten av nittitalet kravde medlemmar av forbundet AFL-CIO at ACILS skulle gjere regnskap for sin aktivitet, ettersom den kriminelle karakteren til foreininga hadde blitt avdekka og dokumentert i fleire land. Ein kunne ha trudd at ting skulle endre seg etter denne store flaumen. Ingenting av den sorten skjedde. I 2002 og 2004 har ACILS deltatt aktivt i eit mislykka kuppforsøk i Venezuela for å få fjerna president Hugo Chavez, og i eit vellykka eitt i Haiti , der dei fekk styrta Jean-Bertrand Aristide.
I dag er ACILS leidd av John Sweeney, den tidlegare presidenten for forbundet AFL-CIO, som sjølv har sitt opphav i trotskist-partiet Social Democrats USA.
Today, ACILS is directed by John Sweeney, the former president of the confederation AFL-CIO, which itself also originates from the Trotskyite Party - Social Democrats USA.
Senteret for Internasjonal Privat Entreprise (CIPE)
CIPE fokuserer på spreiinga av liberal kapitalistisk ideologi og kampen mot korrupsjon.
Den første suksessen til CIPE: å transformere European Management Forum (ein klubb for CEOar for store europeiske selskap) til World Economic Forum (klubben til den transnasjonale herskarklassen) i 1987. Det store årlege møtet til verdas økonomiske og politiske kven er kven i den sveitsiske ferieskilandsbyen Davos bidrog til å skape eit klassemedlemskap som overgjekk nasjonal identitet. CIPE passar godt på å ikkje ha nokre strukturelle band til Davos Forum, og det er per dags dato ikkje muleg å bevise at World Economic Forum er eit instrument for CIA. Tvert imot skulle sjefane i Davos ha vanskar med å beskrive korfor visse politiske leiarar har vald å bruke deires Økonomiske Forum som lokasjon for sine høgst viktige gjerningar om det ikkje var operasjonar som var planlagde av US-amerikanske NSC. Som døme:
1988: det er i Davos – ikkje FN – at Hellas og Tyrkia stiftar fred.
1989: det er i Davos at på den eine sida dei to delane av Korea held sitt første toppmøte på ministernivå og på den andre sida dei to Tysklanda held sitt første toppmøte om gjenforeinninga.
1992: det er igjen i Davos at Frederik de Klerk og den frigitte Nelson Mandela kjem saman for å presentere sitt felles prosjekt for Sør-Afrika for første gong utanlands.
1994: endå meir sannsynleg, det er i Davos, etter Oslo-overenskomsten, at Shimon Peres og Yassir Arafat kjem for å forhandle og skriv under på sine avgjerder om Gaza og Jeriko.
Sambandet mellom Washington og Forumet går som kjent gjennom Susan K. Reardon, tidlegare direktør av Association of Professional Employees of the Department of State, som no har blitt direktør for Foundation of the US Chamber of Commerce, som styrer CIPE.
Den andre suksessen til CIPE er Transparency International. Denne «NGOen» vart offisielt stifta av Michael J. Hershman, ein offiser innan US-amerikansk militæretterretning. Han er også ein CIPE-direktør og i dag sjef for rekruttering av FBI-informantar og Managing Director for den private etterretningstenesta Fairfax Group.
Transparency International er framfor alt eit dekke for CIA sine økonomiske etterretningsaktivitetar. Dei er også eit medieverkty for å tvinge statar til å endre si lovgivning for å garantere opne marknadar.
For å maskere opphavet til Transparency International appellerte CIPE til konduiten til tidlegare pressetalsmann for Verdsbanken, Frank Vogl. Han fekk på plass ein komité av folk som bidrog til å skape inntrykket av at det er ein organisasjon fødd av sivilsamfunnet. Denne fasade-komitéen er leidd av Peter Eigen, tidlegare direktør i Verdsbanken aust-Afrika. I 2004 og 2009 var kona hans SPD sin presidentkandidat i Forbundsrepublikken Tyskland.
Arbeidet til Transparency International tener US-amerikanske interesser og kan ikkje stolast på. Så i 2008 erklærte denne pseudo-NGOen at PDVSA, Venezuelas offentlegeigde oljeselskap, var korrupt; og på basis av falsk informasjon plasserte dei selskapet på botnen i si siste globale rangering av offentlege selskap. Målet var openbart å sabotere ryktet til eit selskap som utgjer den økonomiske ryggrada til den anti-imperialistiske politikken til president Hugo Chavez. Tatt på fersken i forgifting, nekta Transparency International både å svare på spørsmål frå den latin-amerikanske pressa og å korrigere rapporten sin. Dessutan er det overraskande når vi hugsar at Pedro Carmona, CIPE-korrespondenten i Venezuela, ei kort tid hadde blitt plassert ved makta av USA, i løpet av eit mislykka statskupp for å få fjerna Hugo Chavez i 2002.
Til ei viss grad lar fokuset på økonomisk korrupsjon Transparency International maskere NED sine aktivitetar: å korrumpere den styrande eliten til anglo-saxisk fordel.
Det Internasjonale Republikanske Instituttet (IRI) og det Nasjonale Demokratiske Instituttet for Internasjonale Saker (NDI)
Målet til IRI er å korrumpere partia på høgresida, medan NDI handsamar venstrevingsparti. Det første er leidd av John McCain, det andre av Madeleine Albright. Så desse to karakterane bør ikkje oppfattast som vanlege politikarar, ein leiar for opposisjonen og ein pensjonert dekan. Heller som aktive leiarar for NSC-programma.
For å plassere dei viktigaste politiske partia i ein verdssamanheng, har IRI og NDI sagt frå seg kontrollen med Den Liberale Internasjonalen og Den
Sosialistiske Internasjonalen. Dei har derfor skapt rivaliserande organisasjonar: Den Internasjonale Demokratiske Unionen (IDU) og Alliansen for Demokratar (AD). Den første er leidd av australske John Howard. Russaren Leonid Gozman i Rettvis Sak (Правое дело) er visepresident. Den andre er leidd av italienaren Gianni Vernetti saman med franskmannen François Bayrou.
IRI og NDI har også støtte frå politiske stiftingar som bind dei til store politiske parti i Europa (seks i Tyskland, to i Frankrike, ei i Nederland og endå ei i Sverige). Vidare har nokre operasjonar blitt delegert til mystiske private selskap som t.d. Democracy International Inc., som har organisert dei nylege rigga vala i Afghanistan.
Alt dette gjer at vi sit att med ein bitter smak i munnen. USA har korrumpert dei fleste av dei store politiske partia og fagforeiningane i heile verda. «Demokratiet» dei promoterer består av å diskutere lokale spørsmål i kvart av landa – nesten aldri samfunnsmessige spørsmål som kvinners rettar eller homofiles rettar – og dei er på linje med Washington i alle internasjonale saker. Valkampanjane har blitt show der NED vel rollebesetninga ved å sørge for finansiell støtte til sine kandidatar, og ikkje til andre. Til og med forestillinga om variasjon har mista meining sidan NED promoterer den eine leiren eller den andre utifrå om desse støttar den same utanriks- eller forsvarspolitikken.
I EU og andre stadar jamraar ein no over demokratiets krise. Dei som er klart ansvarlege for dette er NED og USA. Og korleis skal vi klassifisere eit regime som det US-amerikanske, der leiaren for opposisjonen, John McCain, faktisk også er ein leiar i Det nasjonale sikkerheitsrådet, NSC? Ikkje eit demokrati, det er sikkert og visst.
Balansen i systemet
Over tid har USAID, NED, deira satellitt-institusjonar og deira mellommann-stiftingar produsert eit tungrådd og grådig byråkrati. Kvart år, når Kongressen stemmer over budsjettet til NED, oppstår det livlege debattar om ineffektiviteten til dette tentakkelsystemet og rykte om at tilskota har blitt brukt til å berike dei US-amerikanske politikarane som er sette til å administrere dei.
For å sikre ei sunn styring av systemet, har ei rekke studier blitt bestilt for å måle verknadsgraden til desse finansielle straumane. Ekspertar har samanlikna summane allokert til kvar stat med Freedom House si rangering av demokratiet i desse statane. Så kalkulerte dei kor mykje dei skull måtte bruke (i dollar per innbyggar) for å betre den demokratiske rangeringa til ein stat med eitt poeng.
Sjølvsagt er alt dette berre eit forsøk på sjølvrettferiggjering. Ideen om å etablere eit demokratisk merke er ikkje vitskapeleg. På nokre måtar er den totalitær, for den har til føresetnad at det berre finst éin type demokratiske institusjonar. På andre måtar er den infantil, for dei etablerte ei liste over uforeinlege kriterier som skal målast med fiktive koeffisientar for å omforme ein sosial kompleksitet til eitt einaste tal.
Dessutan konkluderer dei fleste av desse studiene med at prosjektet er mislykka: sjølv om mengda av demokrati i verda har auka, er der ikkje noko samband mellom demokratisk fram- og tilbakegang på den eine sida og summane brukt av NSC på den andre. Tvert imot så bekreftar det at dei verkelege formåla ikkje har noko å gjere med dei som blir tilkjennegitt. Men dei som driv USAID siterer ein studie av Vanderbildt University, som seier at berre NED-operasjonane som har vore medfinansiert av USAID har vore effektive fordi USAID har streng styring med budsjetta sine. Så det er ikkje overraskande at denne individuelle studien var finansiert av ... USAID.
Ved tjueårsjubileet i 2003 teikna NED opp ein politisk rekneskap over gjerningane sine, der det kjem fram at dei har finansiert fleire enn 6000 politiske og sosiale organisasjonar i verda, eit tal som ikkje har slutta å stige sidan den tid. NED hevdar at dei eigenhendig fekk etablert fagforeininga Solidarinosj i Polen, Charter 77 I Tsjekkoslovakia og Otpor i Serbia. Dei var nøgde med å ha skapt frå botnen av Radio B92 eller den daglege Oslobodjenje i det tidlegare Jugoslavia og ei rekke nye uavhengige medier i det «frigjorte» Irak.
Endring av dekke
Etter å ha erfart global suksess, er ikkje demokratiseringsretorikken lenger overbevisande. Ved å bruke den i alle samanhengar, har president George W. Bush utarma omgrepet for meining. Ingen kan seriøst hevde at subsidiane betalte av NED vil fjerne internasjonal terrorisme. Påstanden om at US-amerikanske troppar har styrta Saddam Hussein for å gi irakarane demokrati, kan ikkje leggast fram med større overbevisningskraft.
Vidare har folk over heile verda som kjempar for demokrati, blitt mistruiske. Dei forstår no at den hjelpa som NED med tentaklane tilbaud eigentleg hadde som målsetning å manipulere og fange landet deires i ei felle. Dette er grunnen til at dei stadig oftare nektar å ta imot bidraga «utan reservasjonar» som dei fekk tilbod om.
I tillegg har US-amerikanske leiarar frå ulike kanalar av korrupsjon prøvd bringe systemet til tystnad igjen. Etter dei skitne knepa til CIA og gjennomsikten i NED, ser dei føre seg å skape ein ny struktur til å erstatte den diskrediterte pakken. Denne skulle ikkje styrast av fagforeiningar, leiarsjiktet og dei to store partia, men av multinasjonale etter Asia Foundation-modellen.
På åttitalet avslørte pressa at denne organisasjonen var eit CIA-dekke for å bekjempe kommunisme i Asia. Den vart då reformert og leiinga av den vart overdratt til multinasjonale (Boeing, Chevron, Coca-Cola, Levi-Strauss osv.). Denne nye stilen var nok til å gi inntrykk av at det var ein ikkje-statleg og respektabel organisasjon – ein struktur som aldri slutta å tene CIA. Etter oppløysinga av Sovjetunionen vart den kopiert: the Eurasia Foundation, med mandat som spreier dekkoperasjonane til dei nye asiatiske statane.
Ei anna sak som vekker debatt, er om bidraga til å «promotere demokrati» skulle måtte ta form av berre kontraktar om å utføre spesielle prosjekt eller av subsidier utan noka plikt om måloppnåing. Det første alternativet tilbyr betre legalt dekke, men det andre er eit mykje meir effektivt verkty for korrupsjon.
Innanfor rammene av dette panoramaet, er kravene frå Vladimir Putin og Vladislav Surkov om å regulere finansieringa av NGOar i Russland legitime, sjølv om byråkratiet dei har etablert for å gjere det, er voldsomt og pedantisk. Instrumentet NED, plassert under USAs Nasjonale sikkerheitsråd, ikkje berre feilar i å støtte forsøk på demokrati overalt i verda, men forgiftar dei.