Byen Damaskus har blitt bomba kontinuerleg av al-Qaida dei siste seks åra. Her treff ei bombe fyrt av frå aust-Ghouta eit hus i Rukn Eddin-bydelen den 23. februar 2018. Den tar livet av tre og sårar femten menneske.

Gjennom dei siste seks åra har forsoningsministeren [Minister for Reconciliation] signert over tusen avtalar og tilbydd amnesti til titusentals stridsmenn. Dei har blitt reintegrert inn i samfunnet, i blant til og med inn i hæren. Dei frå vest-Ghouta har akseptert tilbodet, men aldri dei frå den austre delen.

Dette området, som er temmeleg vidstrekt, hadde før krigen eit folketal på over 400 000. Ifølge FN tel dei i dag 367 000, men ifølge regjeringa er dei langt færre, og i alle høve ikkje fleire enn 250 000.

Guvernatshovudstaden her, Douma, er ein stad med dårleg rykte, før krigen kjent for sine bordell og kriminelle element.

I røynda er dette området under al-Qaida sin kontroll, under tittelen «Islam-armeen» [«The Army of Islam» (Jaych al-Islam)], under overoppsyn av britiske SAS og offiserar frå franske DGSE (Direction Generale de la Securite Extérieur) i ly av den frivillige organisasjonen Leger uten grenser. For det meste er kamphanane styrt av Allouche-familien, som har viktige eigedommar i London.

Frå juli 2012 til han døydde mot slutten av 2015, erklærte Zahran Allouche fleire gongar i veka at han skulle ta Damaskus og avrette alle dei vantru utan lov og dom – ’vantru’ ville etter hans skjøn seie alle som ikkje var sunnimuslimar. Han påla alle innbyggarane sjaria etter prinsippa til den wahabitiske predikanten Abd al-Aziz ibn Baz. Dei som ikkje let seg kue, vart bura inne. Han avretta mange menneske, inkludert naboen min (ein eigedomsmeklar som budde i etasjen over meg), som fekk halsen skoren over for opa scene fordi han nekta å seie at «Assad er ein hund».

Med våpen frå Saudi-Arabia via Jordan presiderte Allouche over ein militærparade med stridsvagner – iscenesett og filma av britiske MI6 [1].

Då Den syriske arabiske armeen plasserte artilleri på fjella rundt hovudstaden og starta å bombardere hæren til Zahran Allouche, gav Allouche ordre om at det skulle plasserast ut fangar på hustaka – som menneskelege skjold.

I starten av 2016 tok søskenbarnet hans, Mohamed Allouche, over kontrollen. Han gjorde seg berømt ved å kaste homoseksuelle ned frå hustak. Det er viktig å forstå at Syria beskyttar homofile, noko som er eit unntak blant muslimske land i dag, og var eit unntak også i vestlege land for berre tretti år sidan [2].

Mohamed Allouche vart sjef for opposisjonsdelegasjonen ved forhandlingane i Geneve. Då han var der kravde han, og fekk igjennom, at måleria og skulpturane som dekorerte hotellet han budde på, skulle dekkast til med slør. Under diskusjonane tweeta han, frå forhandlingsrommet til tilhengarane sine at dei skulle førebu seg på å drepe soldatane til «grisen».

Det har berre gått nokre månadar sidan Den syriske arabiske armeen heilt stengde av området. Før det var det framleis muleg for innbyggarane å flykte derifrå. FN og Røde Kors har fri tilgang på republikken si side, men ikkje på al-Qaida si side. Jihadistane lar berre sine eigne reise ut for å motta medisinsk behandling. Matkonvoiane blir gjennomsøkte av hæren før dei får entre Gouta. Faktisk har FN-konvoiar mange gongar blitt brukte til å levere våpen til jihadistane. Om FN avviser undersøking, blir konvoien halden tilbake.

Ghouta er jordbrukssona som omgir hovudstaden. Når mat som ikkje er kultivert på staden blir forsynt av FN, er det jihadistane som distribuerer den til innbyggarane. Prisane deira er betydeleg høgare enn i hovudstaden, iblant fire gongar dyrare. Berre folk som erklærer truskap mot jihadistane mottar pengar frå dei, slik at dei kan kjøpe desse produkta. Ofte har lojale innbyggarar i Ghouta måtta svelte, på grunn av jihadistane.

I seks år har jihadistane med jevne mellomrom angripe Damaskus frå Ghouta. Kvar dag har dei drepe folk der, under øyredøyvande tystnad frå verdssamfunnet. Litt etter litt blei Daraya, Mouadamiyat al-Cham, Qudsaya og al-Hameh i august 2016, deretter Jobar, Barzeh, Qaboun og Tichrine i februar 2017, tekne tilbake. Avtalane som vart signerte planla for transporten av kjemparane, med eskorte, til Idlib nord-aust i landet, med berre eitt vilkår: at dei skulle sleppe fri innbyggarane.

Republikken har nyleg tatt avgjerda om å frigjere aust-Ghouta frå jihadistane. Det blir bomba intensivt frå artilleri og fly. Målet er å øydelegge jihadistane samtidig som færrast muleg av sivilbefolkninga blir råka. Under denne kampanjen er humanitære konvoiar umuleg. Frå si eiga side fyrer al-Qaida av bomber mot hovudstaden. Vanlegvis er måla for jihadistane hovudsakleg den iranske ambassaden i Mezzeh, Omeyyades-plassen (der hovudkvarteret for TV og forsvarsdepartementet er), det russiske kultursenteret i hjertet av byen, og den russiske ambassaden.

Denne gongen regnar bombene alle stadar. Folka i Damaskus og dei millionar av syrarar som har avvist sjaria, har søkt tilflukt i hovudstaden under republikken sitt vern, og må endå ein gong prøve å overleve. Over ein tredel av innbyggarane held seg innandørs i frykt for å bli drepne av bomber i byen. Ein fjerdedel av forretningane held stengt og administrasjonane jobbar med sniglens fart.

Storbritannia og Frankrike prøver å tvinge fram ei tretti dagars våpenkvile i Ghouta. Desse to statane held ikkje hemmeleg at dei støttar Allouche-familien, eller fiendskapen sin mot Den arabiske republikken Syria generelt, og dennes president Bashar el-Assad spesielt. Dei har begge nekta å ta del i fredskonferansen i Sotsji, der meir enn 90% av alle syrarar var representerte – men ikkje Allouche-familien [3].

Krig er ei form for konfliktløysing som for det første forenklar problema til det ytterste, og deler mennesker inn i to grupper – aldri tre, slik britiske og franske diplomatar latar som. Krig blir praktisert ved å drepe så mange av fienden som muleg, men også så få av våre eigne folk som muleg. I alle krigar er vi tvungne til å ofre nokre av våre eigne, elles ville det ha vore ein enkel politiaksjon.
Då Vest-koalisjonen bomba Mosul i fjor, for å knuse dei få tusen jihadistane som oppheldt seg der, drap dei mange fleire sivile (mellom 9 000 og 11 000 i følge kjeldene). Dei vestlege media feira denne sigeren med entusiasme. Dei same vestlege media kringkasta til det kjedsommelege bileta av dei to vesle jentene frå Ghouta midt i bombinga. Ingen stiller spørsmål om familiane til desse to barna, heller ikkje korleis dei lærte engelsk. Ingen tenkte på dei andre barna som døyr i Damaskus. Alle ber om at massakren må stoppast.

Om ei våpenkvile skulle settast i verk, skulle det ikkje få nokon praktisk konsekvens. Faktisk ville al-Qaida blitt ekskludert av FN, og dei ville motsette seg den avgjerda, sidan det faktisk er al-Qaida, og berre al-Qaida, som held aust-Ghouta.

Under slike forhold må vi spørje oss sjølve kvifor Storbritannia og Frankrike promoterer ideen om ei upraktisk våpenkvile. Kvifor føreslår desse to statane å tilby al-Qaida eit pusterom på kostnad av dei sivile som dei undertrykker?

Oversettelse
Monica Sortland

[1How the United Kingdom puts Jihadists on the map”, Translation Anoosha Boralessa, Voltaire Network, 12 June 2016.

[2Islamic Emirate and homosexuality”, by Thierry Meyssan, Translation Pete Kimberley, Voltaire Network, 20 June 2016.

[3Konsensus mellom syrarane i Sotsji”, av Thierry Meyssan, Oversettelse Monica Sortland, Voltaire Network, 20 février 2018.