Valet til nytt Europaparlament skal gjennomførast mellom 6. og 9. juni, avhengig av medlemsstat. Parliamentarikarane vil ha svært avgrensa makt: dei vil røyste lover som er skrivne av Europakommisjonen. Sidan den vart oppretta, har Kommisjonen vore NATOs transportband gjennom dei europeiske institusjonane. Den støttar seg på både Rådet av stats- og regjeringssjefar (Ministerrådet) og den europeiske arbeidsgivarorganisasjonen (BusinessEurope). Parliamentarikarane har også makt til å vedta resolusjonar med simpelt fleirtal, utan at nokon les dei eller tar dei til etterretning. Sidan majoriteten no er atlantisistisk, blir alle desse ytringane ekko av ordlyden i NATO-propaganda.

Tradisjonelt har dette valet blitt brukt som ein slags lynavleiar til å lette på trykket blant sinte EU-borgarar. Sjefane nærer difor ein viss frykt for det og oppmodar til å spreie altenative lister i territoria til sine konkurrentar. I Frankrike, der det er svært resetriktive reglar for valkampfinansiering, kjem pengane som USA og Élysée-palasset injiserer i valkampen primært frå utlandske statar (som regel afrikanske) og frå printerane til kandidatane. Denne strategien har ført til ei imponerande fleirdobling av talet på lister: allereie 21 i Frankrike og 35 i Tyskland!

Sjølv om valet alltid er listebasert, har kvar medlemsstat sitt eige røystesystem. I dei fleste fall er det sperra lister, som i Tyskland og Frankrike. I visse andre blir det brukt overførbare lister: kvar post som skal fyllast blir vald individuelt (noko som reduserer rolla til partia, medan proporsjonaliteten er intakt), som i Irland og Malta. I andre tilfelle kan velgarane endre rekkefølga på kandidatane i lista dei vel, som i Sverige og Belgia. Eller, som i Luxembourg, dei kan velge kandidatar frå andre lister. Kvart av desse valsystema har sine fordelar og ulemper, men resultata blir forskjellige.

EFTAs vedtekter hadde føreslått europeiske parti, men til dags dato har det ikkje dukka opp nokon; eit teikn på at det ikkje finst eit europeisk folk.

Nasjonale parti blir derfor inviterte til å kome saman i europeiske parti-alliansar som kan nominere sin kandidat til president for Europakommisjonen. Deretter må Ministerrådet velge kandidaten blant desse. Denne metoden for indirekte val vart introdusert i 2014. I praksis var den største koalisjonen identifisert på førehand. Jean-Claude Juncker, og deretter Ursula von der Leyen, vart såleis utnemnde allereie før koalisjonen deira vann eit relativt fleirtal.

Viss Mario Draghi skulle vinne Kommisjonen, ville den leiande koalisjonen måtte skifte standpunkt i siste minutt. Dei ville ha vald Ursula von der Leyen på nytt, men så snart dei hadde fått vite om Draghi-rapporten om konkurranseevna til europeiske selskap, ville dei ha vald han i staden. Slik manipulasjon ville gjere det mogleg å brått endre diskusjonsemne: under valet snakkar vi om von der Leyen-administrasjonenes prestasjonar, men så handlar det plutseleg om føderaliseringa til EU til skade for medlemslanda.

Dette er eit emne som velgarane ikkje forstår i det heile tatt. Dei trur kanskje at "Union er styrke", men dei tenker ikkje på kva det vil bety for dei om medlemsstatane skulle forsvinne. Unionen er allereie på ingen måte ein demokratisk organisasjon, og Staten Europa ville i endå mindre grad vere det.

Sjølv om Mario Draghi ikkje skulle kunne stille som kandidat, så er det sentrale, men skjulte, spørsmålet: "Bør folket i EU danne ein enkelt stat eller ikkje, sjølv om dei enno ikkje har danna eit enkelt folk? Med andre ord: vil dei akseptere at avgjerder blir dytta på dei av ein majoritet av "regionar" (vi bør ikkje lenger snakke om medlemsstatar) som dei ikkje tilhøyrer?

Den tyske kanslaren Adolf Hitler reiste spørsmålet eksplisitt i 1939. Intensjonane hans var å skape eit Stor-Tyskland med alle tysk-talande folk, i sentrum for ein konstellasjon av små europeiske statar, kvar av dei grunnlagt rundt ei spesifikk etnisk gruppe. Etter at Det tredje riket hadde falle i 1946, ville den britiske statsministeren, Winston Churchill, danne United States of Europe, der landet hans ikkje var med [1]. For "Imperiet der sola aldri går ned", ville dette innebere å kunne forhalde seg til ein einskild mellommann som ikkje kunne konkurrere med imperiet. Dette prosjektet vart heller aldri realisert, denne gongen til gunst for "fellesmarknaden" (EEC). Det er dette vi no har returnert til.

Økonomisk sett går Unionen i retning arbeidsspesialisering: til dømes vil Tyskland spesialisere seg på bilar, Frankrike på luksusvarer og Polen på landbruksprodukt. Men kva skjer med dei tyske og franske bøndene som blir ofra, eller dei polske bilprodusentane som og vil bli ofra?

Når det gjeld utanrikspolitikk og forsvar, har Unionen allereie gått for den atlantisistiske linja. Med andre ord forsvarer den dei same standpunkta som Washington og London. Men denne linja vil bli pådytta alle, inkludert ungararane som nektar å bli anti-russiske eller spanjolane som nektar å støtte Israels folkemord. Ifølge avtalane har NATO ansvaret for Unionens forsvar. USAs president Donald Trump kravde at dette forsvaret ikkje burde koste USA noko, og at europearane difor burde auke militærbudsjetta sine til 2% av BNP. Hittil har berre 8 av 27 statar gjor det. Viss EU skulle bli ein einskild stat, ville Washington-ønsket bli ei plikt for alle. For somme statar, som t.d. Italia, Spania og Luxembourg, ville dette bety ei brå belastning på dei sosiale programma deira. Folka det går ut over, vil neppe sette særleg pris på det.

I tillegg har vi særtilfellet Frankrike, som har eit sete i FNs Sikkerheitsråd og atombomba. Dei burde sette desse trumfkorta i ein einskild stats teneste, med fare for at fleirtalet av Det europeiske råde kunne bruke dei mot fransk opinion. Heller ikkje her ville folka det går utover – i dette tilfellet franskmennene – godta det.

Ein Europa-stat (som ikkje har noko å gjere med det mykje større kontinentet Europa) ville bli eit imperium, trass i at ein del av territoriet deira (nord-Kypros) sidan 1974 har vore okkupert av Tyrkia og er godt nøgde med det.

Ingen av desse problema er nye. Det var på grunn av dei at visse politikarar, inkludert general Charles De Gaule, aksepterte "fellesmarknaden" og avviste eit "føderalt Europa". I dag er dei tilbake ved kjernen av dei europeiske atlantisistiske leiarane sine bekymringar, men ikkje folka deira sine. Det er derfor dei vil gjere sitt beste for å skjule dei under dette valet. Det er det sentrale spørsmålet, men det er det som gjer folk sinte.
I tillegg til desse politiske problema kjem eit organisatorisk. Industrialderen har måtta vike for datamaskiner og kunstig intelligens. Dei vertikale organisasjonane frå tidleg 1900-tal – økonomiske eller politiske – har blitt bytta ut med horisontale som er i nettverk.

Den vertikale modellen til Den europeiske staten er derfor utdatert før den i det heile tatt har sett dagens lys. Alle som kjenner til den har allereie oppfatta tomheita i dette enorme administrative maskineriet som til sist berre tener til å sakke ned veksten det var meint å stimulere. Unionen ligg no langt bak Kina, Russland og USA. Det føderale prosjektet vil ikkje berre mislykkast i å blåse nytt liv i Unionen, det vil også plassere den bak dei framveksande maktene.

Ein kunne tru at dei som talar varmt for Staten Europa ville vore interessert i å trekke til seg brei deltaking for å legitimere prosjektet. Men slik er det ikkje, sidan det føderale prosjektet ikkje blir diskutert under denne valkampen; det er reservert til neste dag med Mario Draghi. Så dei gjer alt i si makt for å framheve at institusjonen held val (som skulle vere nok til å gjere dei demokratiske) og sikre seg at så få folk som mogleg blir involverte. Valdeltakinga i EU blir kanskje ikkje ein gong på halvparten av velgarskaren.

Oversettelse
Monica Sortland

[1Winston Churchill speaking in Zurich on the United States of Europe”, by Winston Churchill, Voltaire Network, 19 September 1946.