Den 27. september 2018 peika Benjamin Netanyahu framfor FNs generalforsamling ut som eitt av Hizbollahs våpenlager,det varelageret som skulle eksplodere den 4. august 2020.

Israels førstestatsminister Benjamin Netanyahu autoriserte eit åtak på eit Hizbollah-våpenvarelager med eit nytt våpen, som har blitt testa i Syria over sju månadar. Det er ikkje kjent om Israels andrestatsminister, Benny Ganz, ga sitt samtykke.

Ein veit ikkje kva slags våpen som vart brukt. Men det har allereie blitt testa i Syria sidan januar 2020. Det er ein rakett med ein taktisk kjernefysisk komponent i stridshovudet, som førte til ein røyksopp karakteristisk for atomvåpen. Det er openbert ikkje ei atombombe i strategisk forstand.

Israelske testar i Syria.

Våpenet vart testa i Syria, på ei slette på landet, og deretter i Den persiske golfen, på vatnet, imot iranske militærfarty. Dette er første gong det har blitt brukt i eit bymiljø, i eit spesielt miljø som har reflektert lufttrykksbølga og vibrasjonane på vatnet og fjella. Det var slett ikkje berre hamna i Beirut som vart øydelagd; eksplosjonen tok livet av kring hundre menneske, skada minst 5000 andre, og gjorde store øydeleggingar i den austlege delen av byen (den vestlege delen var i stor grad verna av kornsiloen).

Desse satellitt-bileta viser destruksjonen av Hizbollah-varelageret og delar av hamna.

Israel aktiverte straks sine nettverk innan dei internasjonale media for å dekke over brotsverket sitt og låne truverde til ideen om at ein stabel med gjødselsekkar hadde eksplodert ved eit uhell. Som så ofte før nemndest syndebukkar, og det internasjonale mediemaskineriet gjentek løgna igjen og igjen, i fråvær av ei gransking. Men det var verkeleg ein skorstein, inkompatibel med hypotesen om ein gjødselseksplosjon.

Røyksoppen som vart observert i Beirut har ingenting å gjere med noko som eit konvensjonelt eksplosiv ville ha forårsaka.

På same vis som verken Syria eller Iran sa noko om dette våpenet då dei vart råka, vart dei libanesiske politiske partia straks einige om å ikkje seie noko, for ikkje å demoralisere folket. Ei gransking vart sett i gang, ikkje av årsaka til eksplosjonen, men av hamnepersonellet sitt ansvar for lagringa av gjødselet som skal vere skuld i eksplosjonen. Men denne løgna vende seg snart imot dei politiske partia som hadde kome på den.

FN sitt Tribunal for Libanon, som i 2005 var i ferd med å offentleggjere dommen sin i saka om avrettinga av den tidlegare statsministeren Rafik Hariri, tok ei avgjerd om å utsette i nokre dagar. Den gongen var det ein eksplosjon i ein varebil som maskerte utskytinga av ein rakett med eit nytt våpen, på nett same måten som eksplosjonen av ammoniumnitrat denne gongen maskerte utskytinga av ein rakett med eit anna nytt våpen.

Fem år seinare, fem år for seint, avslørte eg i eit russisk vekeblad korleis Rafik Hariri hadde blitt tatt livet av, medan Hizbollah publiserte ein video som vitna om Israels innblanding [1].

Det er viktig å merke seg at avrettinga i 2005 retta seg mot ein tidlegare sunni-statsminister, og at 2020-angrepet ikkje var retta mot sjiittiske Hizbollah, men mot heile den libanesiske resistansen.

Denne gongen har fleire ambassadar gjort fleire undersøkingar, inkludert prøvetaking av korn og luftfilter frå ambulansar som kom raskt til staden. Prøvene er allereie under analyse i sine respektive land.

Oversettelse
Monica Sortland

[1Revelations on Rafik Hariri’s assassination”, by Thierry Meyssan, Оdnako (Russia) , Voltaire Network, 29 November 2010.