Krigskabinettet til Benjamin Netanyahu sin massakre på 33 000 palestinske sivile – etter at Netanyahu nekta å sette i verk tiltaka som Den internasjonale domstolen (ICJ) hadde gitt ordre om, og heller ikkje ville rette seg etter krava til FNs Sikkerheitsråds Resolusjon 2728 – minner om Masada-syndromet. Denne fanatiske ekstremismen høyrer til under psykiatrien, heller enn politikken.
Det er svært usannsynleg at den khazarske statsministeren Netanyahu, som no har ryggen mot veggen, vil respektere resolusjonen for ei umiddelbar våpenkvile i Gaza [1].
Netanyahu barrikaderer seg bak Masada-syndromet og utnyttar skrika til 90% av den israelske befolkninga om å utrydde Hamas, uansett antal «utilsikta skadelidande» (sic), noko som betyr ein palestinsk apokalypse, diametralt motsett dei tre prinsippa til internasjonal humanitær lovgivning; dømmekraft, proporsjonalitet og og omtanke [2].
Tre år etter Jerusalems fall i år 70 A.D., var Masada den siste høgborga til den ekstremistiske sikariar-sekta, Judeas fanatikarar, som vart kringsette av keisar Titus sine troppar.
Netanyahu, den polsk-fødde, khazarske statsministeren som ikkje har noko å gjere med ekte, semittiske jødar, omset no – eitt tusen nihundre og femtifem år seinare – Masada-syndromet i prasis att, som svar på det overveldande skriket frå det universelle, humanistiske samvitet til folk og statar.
For ein slåande likskap mellom fanatikarane i år 73 og deira nykolonialistiske arvtakarar Ben Gvir, Sikkerheitsminister (sic), og Smotrich, Netanyahus finansminister!
Massada-syndromet greip Netanyahus kabinett då utanriksminister Israel Katz, i ei overstyring av FNs sikkerheitsråds Resolusjon 2728, erklærte at «Staten Israel vil ikkje legge ned våpena. Vi vil øydelegge Hamas og halde fram kampen heilt til alle gislane er komne heim» [3].
Den internasjonale domstolen – så langt inoperativ etter nesten seks månadar med eit folkemord som liknar Dantes inferno – har pålagt Israel å straks lette (sic) innførselen av humanitær bistand (sic) til Gaza-stripa [4], som er blokert frå lufta, sjøen og landvegen, der matkrigen rasar med hungersnaud, tørste og sjukdom.
Ifølge Times, som står både det britiske globalistiske monarkiet og Israel nær, er blokkaden av humanitær bistand (sic) til Gaza ein alvorleg strategisk feil av Israel, når verdsopinionen allereie oppfattar det som eit forsøk på å med vilje svelte ut dei kringsette palestinarane.
Francesca Albanese, FN-rapportør for menneskerettar på det okkuperte palestinske territoriet, anklaga i rapporten sin, Anatomy of a Genocide, Israel og oppfordra «statar til å respektere pliktene sine og innføre våpenembargo. Og sanksjonar mot Israel (...) Når folkemordsintensjonen er så synleg, så pralande som den er i Gaza, kan vi ikkje vende eit blindt auge til; konfrontert med folkemord, har vi ei plikt til å hindre og straffe det» [5].
Elijah J. Magnier seier at «Israel no førebur seg på den internasjonale reaksjonen på Gaza utanfor slagmarka» [5] med ein tsunami av søksmål som minner om dei urovekkande funna til Goldstone-kommisjonen, også på vegner av FN, som etterforska Israels fæle ugjerningar, inkludert krigsbrotsverk, under den førre Gaza-krigen for 15 år sidan [6].
Anatomy of a Genocide, Folkemordets anatomi, av Francesca Albanese, finn at Israel er skuldige i tre spesifikke folemordsgjerningar (ifølge FN-pakta): mord på medlemmar av målgruppa, påføring av alvorleg mental og fysisk skade på desse og forsettleg tilrettelegging av forholda for øydelegging av gruppa, i tillegg til den massive øydelegginga av Gazas infrastruktur, inkludert sjukehus og landbruksareal, men arrestasjon og, etter det dei seier, tortur av tusentals (sic) palestinske menn og gutar.
Francesca Albanese ser den noverande situasjonen som ei eskalering av den årelange koloniseringsprosessen og sløkkinga (sic), eit nytt Nakba ,i analogi med massefordrivinga av palestinarar etter opprettinga av Israel i 1948.
Elijah J. Magnier rapporterer at Israel kategorisk har avvist funna i rapporten til Francesca Albanese som ei «obskøn (sic) endevending av realitetane». Klassisk Masada-syndrom!
La Jornada (Mexique) ">La Jornada (Mexique)
Le plus important quotidien en langue espagnole au monde.
[1] «El invento (sic) de la "Tierra de Israel"– la "Tierra de Canaan" espoliada–, según el historiador Shlomo Sand», Alfredo Jalife-Rahme, La Jornada, 25 de febrero de 2024.
[2] Normas internacionales. ACNUDH: Protección de los derechos humanos en situaciones de conflicto, Naciones unidas
[3] «Israel says won’t cease fire in Gaza despite UN resolution», Anadolu Agency, March 25, 2024.
[4] “The provisional measures of the International Court of Justice”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 30 January 2024.
[5] Anatomy of a Genocide. Report of the Special Rapporteur on the situation of human rights in the Palestinian territories occupied since 1967, Francesca Albanese, Advance unedited version (Non traduit), Human Rights Council, March 25, 2024.
[6] «Israel braces for international backlash over Gaza: Preparing for Battle Beyond the Battlefield», Elijah J. Magnier, ejmagnier.com, March 28, 2024.