Kan «kupp-forsøket» til Jevgeny Prigozhin reversere Ukrainas militære lagnad? Det var det NATO ønska. Dei hadde håpa på denne oppstanden, og gjekk til og med så langt at dei mobiliserte sine sovande agentar i Russland. Storbritannia og USA ønska å endeleg få til den oppdelinga av landet som dei sidan 1991 ikkje hadde greidd å gjennomføre [1].

Opprettinga av private militærselsakp (PMC’ar), inkludert Wagner-gruppa, var ein idé som president Vladimir Putin støtta for å teste nye kommandoformer før han valde ut dei beste til bruk i arméen sin. I løpet av nokre få år har desse selskapa testa ut mange ulike metodar, og ofte bevist høg grad av effektivitet. Tida var no inne til å fullføre omstruktureringa av den russiske arméen ved å løyse dei opp og integrere styrkane deira inn i den regulære arméen [2]. President Putin hadde sett deadline til 1. juli. Førre månad sende difor forsvarsdepartementet ut kontraktsutkast til dei ulike private militærselskapa for å planlegge inkorporeringa. Men Wagner-gruppa nekta å respondere, og Jevgeny Prigozhin trappa opp fornærmingane sine mot ministeren og stabssjefen.

Det er viktig å forstå kva som skjer: Russlands danning av private militærselskap, er motstykket til det som USA gjorde under forsvarsminister Donald Rumsfeld, då dei auka bruken av PMC’ar i randsona til Pentagon. I starten fungerte det, men desse selskapa arbeidde også for CIA, og miksen av stilartar førte til ei rekke katastrofar. Medan dei jobba utelukkande for Pentagon, ytra leiarane deira seg offentleg, som t.d. Blackwater’s Erik Prince. Men dei kritiserte aldri forsvarsministeren eller stabssjefane.

Forresten er verken Blackwater sine US-amerikanske soldatar eller Wagner sine russiske soldatar leigesoldatar. Dei kjempar for landet sitt, og får betalt for å ta risiko ein ikkje kan forlange av vanlege soldatar. Leigesoldatar, derimot, krigar for pengar under framand makts kommando.

At sjefen for eit privat militærselskap publiserer inflammatoriske veideoar mot leiarar av den regulære arméen i to månadar, og dessutan midt oppe i ein militær operasjon, ville ikkje ha blitt tolerert i nokon stat. Likevel vart det det med Jevgeny Prigozhin i Russland. Korrespondentane vi intervjua under desse to månadane, hadde alle den oppfatninga at Kreml let han skråle for å fange merksemda til Vesten og halde skjult omorganiseringa av dei regulære troppane. Nokre byrja himle med auga då det i mars var snakk om at Prigozhin ville stille til val for å bli Ukrainas nye president: hadde svindlaren heilt mista gangsynet?

Vestlege etterretningstenester fokuserte på Jevgeny Prigozhin frå starten av militæroperasjonane i Ukraina. Den 18. mars avslørte dei tusen dokument om aktivitetane hans [3]. Målet var å eksponere nettverket av selskap han hadde oppretta, for å gi kredibilitet til skuldingane om at Russland ikkje var ei anti-kolonial makt, sidan Wagner dreiv med plyndring i Afrika. Men til sjuande og sist viser desse dokumenta at Prigozhin er ein kjeltring, ikkje at han stel frå landa han samarbeider med.

Han deltok i jakta på korrupsjon innanfor dei russiske væpna styrkane, men dét hindra han ikkje i å utvikle korrupsjon utanfor dei væpna styrkane. Det er mogleg at Vesten, takka vere desse undersøkingane, har funne ein måte å manipulere han på; mannen som både er patriot og bevist svindlar, straffedømd i Sovjetunionen. Vi veit ikkje, og vil ikkje få vite før saka er over.

Likevel gav Jevgeny Prigozhin seg i kast med eit føretak som kan måle seg med dei til oligarkane i Jeltsin-perioden. Han hevdar at forsvarsministeren, tuvinaren Sergei Sjoigu, drog til Rostov-na-Donu for å overvake bombinga av Wagner sine troppar. Han anklaga han for å ha myrda fleire tusen av mennene hans. Til sist drog han frå fronten og kom til Rostov-na-Donu for å legge beslag på hovudkvarteret til dei regulære styrkane. Han kunngjorde at han marsjerte mot Moskva med sine 25 000 menn for å gjere opp rekneskap med forsvarsministeren og stabssjefen.

I sin siste video erklærer han: «Vi var klare for kompromiss med forsvarsdepartementet, å gi opp våpena våre, å finne ei løysing for korleis vi kunne halde fram med å forsvare landet (...) I dag angreip dei leirane våre med rakettar. Mange soldatar døydde. Vi vil bestemme korleis vi skal respondere på denne uhyrlegheita. Den neste runden er vår. Denne skapningen [forsvarsministeren] skal stoppast.»

Wagner hadde 25 000 menn til disposisjon, men ikkje berre på den ukrainske fronten. Mange var utstasjonerte i Asia og Afrika. Og sjølv om han har fly til rådvelde, er luftstyrken hans inadekvat samanlikna med den regulære arméen sin, og kolonna hans ville ha blitt bomba utan at han hadde greidd å forsvare den.

På mindre enn ein dag har alle autoritetane i Den russiske føderasjonen på ny sverga sin truskap til Kreml. President Vladimir Putin talte på tv. Han minna om presedensen i 1917, då Lenin trekte det tsaristiske Russland ut av Første verdskrig når landet var nær siger. Han oppfordra alle til å ta sitt ansvar og tene fedrelandet i staden for å legge ut på personlege eventyr.

Under talen sin heidra Vladimir Putin motet til soldatane i Wagner, og understreka at mange av dei hadde ofra livet for landet sitt. Han heldt dei ikkje ansvarlege for situasjonen, men bad dei om å ikkje følge leiaren sin imot staten og folket.

Presidenten avslutta sin korte tale til Nasjonen med erklæringa: «Vi skal redde det som er kjært og heilagt for oss. Vi skal meistre alle utfordringar, vi skal bli endå sterkare.»

Denne talen vart kringkasta gong på gong på russisk tv, og dramatiserte situasjonen.

Riksadvokaten til Den russiske føderasjonen opna ei etterforskning mot Prigozhin for å ha «organisert eit væpna opprør».

Dei ukrainske styresmaktene appellerte på sosiale medium til den kviterussiske opposisjonen om å utnytte den russiske ordensforstyrringa til å gjere oppstand og eliminere president Alexander Lukasjenko [4].

Dei russiske hemmelege tenestene, som hadde halde auge med alle protagonistane og halde ein låg profil frå starten av, fekk forrædarane som hadde kasta maska i Kviterussland og Russland arresterte in flagrante delicto.

I løpet av dagen kontakta Kviterusslands president Alexander Lukashenko – som hadde blitt oppringt av sin russiske motpart – Jevgeny Prigozhin og overtalte han til å gi opp planane sine og returnere troppane sine til fronten. Vladimir Putin gav sitt ord på at rebellen ville respektere avtalen han hadde signert. Sistnemnde kunngjorde at han gav opp forsettet sitt om å styrte Shoïgu og Gerasimov.

End of story.

Første poeng: det var aldri eit forsøk på statskupp. Wagner hadde ikkje kapasitet til å ta Moskva, og Prigozhin har aldri angripe president Putin verbalt. Putin har ikkje fordømt noko slikt, men talte om «eit dolkestøt i ryggen» på russiske styrkar i Ukraina.

For det andre var det heller ikkje eit mytteri. Wagner rettar seg ikkje etter forsvarsministeren, men presidentskapet direkte. Hans einaste krav var å få forbli uavhengig av dei regulære styrkane. Om enn han var klar for å gi opp sin militære aktivitet, så klamrar han seg til dei relaterte forretningane som han har utvikla i alle operasjonsteatra der han er til stades. Som sagt, mannen er både patriot og kjeltring.

For det tredje: som president Putin seier, er dette «væpna opprør» og «post-forlating». Wagner-gruppa forlet postane sine på fronten, men ukrainarane våga ikkje, eller kunne ikkje, angripe den delen av fronten dei hadde forlate. For russarar er det ingenting som vekker så mykje forakt som det å forlate posten sin når ein forsvarer landet. Det var derfor Prigozhin dagen før hadde kringkasta ein video der han skamlaust hevda at Kiev ikkje hadde bomba Donbass dei føregåande åtte åra, tvert imot observasjonane til OSSE og FNs Sikkerheitsråd. Dessverre for han, tar ikkje russarane lett på at nokon trekk deira gode tru i tvil.

Her er ein til merknad på sin plass: i opprøret sitt mot president Putin, tok ikkje Prigozhin livet av nokon. Troppane hans entra Rostov-na-Donu utan å møte motstand. Regulære russiske styrkar angreip ikkje Wagner sitt hovudkvarter i Sankt Petersburg. Prigozhins menn marsjerte ikkje til Moskva. Forsvarsdepartementet har tilsynelatande ikkje skote noko missil mot Wagner sine soldatar. Statsadvokaten har henlagt opprørssaka. Dei militsmennene i Wagner som ikkje deltok i opprøret, vart straks integrerte inn i den regulære arméen. Tre avdelingar returnerte til fronten. Lagnaden til militsmenn som tok del i opprøret, vil handsamast kvar for seg.

Alt i alt har ikkje staten blitt svekka. Dei to vinnarane er Den russiske føderasjonen og Kviterussland (Belarus). Ikkje desto mindre rår det ei førestilling i det russiske folket om at heile affæren stort sett var iscenesett: vi var vitne til eit truande opprør som straks gjekk i oppløysing. Det einaste som var igjen av det, var spørsmålet om kvaliteten på den militære kommandoen – ein seigliva idé, trass i folkets tillit til den sjølvoppofrande anden til soldatane.

Ved slutten på denne merkelege episoden talte president Putin igjen på tv. Han heidra Wagner-krigarane og bad dei slutte seg til den regulære arméen, dei hemmelege tenestene eller andre sikkerheitsstyrkar. Han gav dei også valet å returnere heim eller å slutte seg til Prigojine i Belarus.

Allslags hypotesar sirkulerer på russiske sosiale nettverk. Den mest overraskande er at Wagner ikkje kunne gjere opprør og marsjere mot hovudstaden utan hjelp frå forsvarsdepartementet, som forsynte han med drivstoff.

I dei komande vekene bør vi bli vitne til den siste fasen av transformasjonen av den russiske hæren. Det er slettes ikkje sikkert at dei som støytte saman i går vil vise seg å vere motstandarar.

Oversettelse
Monica Sortland

[1Den vestlige strategien for å demontere den russiske føderasjonen”, av Thierry Meyssan , Oversettelse Ingunn Kvil Gamst, Voltaire Network, 23 août 2022.

[2The reorganization of the Russian armies”, by Thierry Meyssan , Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 4 June 2023.

[3Dei kan konsulterast her.

[4Who wants to overthrow President Lukashenko?”, by Thierry Meyssan , Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 1 September 2020.